onsdag 22. september, nr 21 - 54. årgang
STUDVEST
-----
meny


søk i Studvest

om avisa annonsering arkivet siste kronikk kommentar ytringar apropos side to meiningar news leiar tema kultur nyhende tips studvest 55 54 51 48

Kulturkalenderen

Advokat for taparane

– Kanskje har dei rett i at eg er farleg for tryggleiken til riket, seier juristen Edvard Vogt. Initiativtakaren til det høgaktuelle studentburettslaget har vore engasjert i så mykje at han er blitt skulda for å destabilisere rettssystemet.

Kontoret til professor emeritus Edvard Vogt minner vagt om ei Larson-teikning; så sterkt lever det opp til stereotypien om den aldrande professoren si private hole, der han druknar i bøker og artiklar samla gjennom eit langt liv. Professor Vogt er fødd i 1923, og er i dag eigar av eit imponerande bibliotek. Papir dynger seg opp overalt, og hjartet sig i bringa ved tanken på å skulle leite etter eit forsvunne notat i dei ustøe stablane. Men ein må forvente såpass frå ein mann som ikkje berre er utdanna jurist og sosiolog, men også har vore i Roma for å bli katolsk prest, og har stifta fleire alternative burettslag. Som om ikkje det var nok, er han ein initiativtakar i norsk økologisk jordbruk, har starta opprullinga av den største politivaldsaka i norsk rettshistorie, oppretta Jussformidlinga ved juridisk fakultet - og var motstandsmann under krigen!
Ideen om eit studentburettslag kom då Vogt var oppteken med å skaffe nye lokale til rettstryggleik-stiftinga Sentrum for rettsutvikling. I desse lokala vart det òg plass til ein bueining for studentar.
– Så kunne ein jo leige ut desse husværa for gode pengar, men studentar i ein slik situasjon har ingen innverknad på sine eigne butilhøve. Eg ville finne ei løysing som gav studentane sjansen til å bestemme sjølve.

Sosiologisk eksperiment
Så langt har ikkje studentane sprunge beina av seg for å melde seg til prosjektet. Det tek han med stor ro.
– Du kan sjå på dette som eit sosiologisk eksperiment. Eit mislukka eksperiment kan vere like interessant som eit vellukka eit. Uansett utfall får vi resultat som vi kan studere. Dersom burettslaget ikkje kjem i gang, seier det noko om kulturen hjå studentane, ikkje sant? Forresten trur eg det skal gå bra. Nokre personar har meldt interesse, og når først nokre set i gang, vil fleire følgje etter, det er eg viss på.
Vogt sit makeleg attoverlent i kontorstolen, og smilen vik aldri frå andletet medan han snakkar. Dette er ingen sjølvhøgtideleg gammal akademikar. Studentburettslaget er ikkje det første sosiale eksperimentet hans, og det vil heller ikkje bli den første fiaskoen, dersom dét skulle bli utfallet. Allereie på slutten av førtitalet sette han i gang den første studentbustadaksjonen. Han ville bruke Quisling sin gamle villa og gjere han om til studenthyblar. Den gongen var det Studentsamskipnaden som velta prosjektet. Sidan har han starta fleire burettslag for ressurssvake grupper. Eit anna prosjekt han har sett til verda, er Norsk Økologisk Landbrukslag, ei stifting som hjelper folk utan kapital til å drive småbruk.

Jurist og teolog
Akkurat midt i hundreåret fullførte han cand.jur. i Oslo. Deretter vart det teologistudium i Roma. Vogt vart katolsk prest og har praktisert både i Roma og i Bergen. Ein søknad til paven løyste han frå stillinga.
– Det var på ingen måte dramatisk. Eg tykkjer framleis at det er ein god idé å bli prest og gjere noko godt for sine medmenneske. Men eg var engasjert på for mange område til at eg kunne ta meg godt nok av kyrkjelyden min, særleg då eg fekk eit stipendiat i sosiologi her ved UiB. Å slutte som prest var ein naturleg konsekvens.
– Du har vore oppteken av mange ulike emne?
– Men alt heng jo i hop! Ser ein på juss og teologi, så er dei begge dogmatiske disiplinar. Dei handlar om korleis ein bør handle, kva som er rett og gale. Det interessante er at dei sanne normene ligg i røyndomen, i den reelle situasjonen. Ikkje i bøkene. Difor driv eg mykje med empirisk forskingsmetode, som deltakande observasjon. Eg har stoff til mange interessante hovudfagsoppgåver!

Slåst mot fascismen
Som ung jypling, under krigen, var Vogt involvert både i etterretningsorganisasjonen XU, i Milorg og i svensketroppane. Han fekk også oppleve det han kallar «ei kriminologisk lærerik tid» i tysk fangenskap. Mot slutten av århundret er han framleis ikkje redd for å ta i bruk f-ordet frå krigen i daglegdagse samtalar.
– Eg vil halde fram med å kjempe mot fascismen. Krigen er ikkje slutt, det er enno mykje vi må slåst mot.
– Kvar finn ein fascismen i dag?
– Den kan ein finne i alle miljø. Det er mykje djevelskap i verda. Eigentleg bør mange fleire bli prestar, seier han og smiler.
– Når det gjeld fascismen, så er det ein stad definert som forakt for veikskap. Det å sikre seg sjølv ved å slutte seg til dei sterke. Det ser eg framleis mykje av i dag. Mitt poeng er at kvar av oss kan utrette mykje i sin eigen kvardag.
Trua på at kvart menneske har makt til å påverke sin eigen situasjon, er ein raud tråd i alle prosjekta Vogt har vore involvert i. Kvar kjem denne trua på enkeltmennesket frå?
– Tja, trua er jo ei nådegåve, heiter det. Filosofen Kierkegaard, som var min store helt i gymnastida, meinte at vi vel vårt trussystem. Det nyttar ikkje å rasjonalisere seg fram til verdistandpunkt, ein må ta eit val. For meg vart valet enklare fordi eg var så heldig å ende på rett side under krigen.
– Var ikkje Heimestyrkane det naturlege valet, då?
– Langt ifrå! I dag er det ei vanleg oppfatting at «dei vonde» heldt med okkupasjonsmakta, medan staute gode nordmenn dreiv geriljakrig i skogen. Men vi må hugse at dei som gjekk med fienden, gjorde det fordi dei trudde det var det beste. Dei tok ei avgjerd utifrå dei føresetnadene som var tilstades, og dessverre valde dei feil. Men vi kan ikkje leggje skjul på at det fanst både godheit og vondskap på begge sider.
Dei fleste i dagens studentgenerasjon er vande med å måle kvardagen i godt eller dårleg, trendy eller harry, vellukka eller mislukka. Det verkar farleg gamaldags å snakke så sjølvsagt om moral og om rett og gale. Vogt gjer det likevel. På dette kontoret ser ein ikkje noko av den blinde fru Justitia som dømmer alle likt etter dei kantete bokstavane i lova. Han meiner at i alle situasjonar er det noko som er rett.
– Men merk deg at det ligg i situasjonen, ikkje i lovteksten. Ein bør alltid ha medynk med dei veike, og det gjeld spesielt oss juristar. Vi har eit stort ansvar her. Eg har tru på at dei juristane vi utdannar i dag er innstilte på å ta dette ansvaret, og eg vonar at vi som lærarar er flinke nok til å gje dei forståing for kva yrkesvalet fører med seg.

Vald og telefonavlytting
– Blir du aldri desillusjonert?
– Sjølvsagt blir ein somme tider trøytt og forbanna. Men det kan ein ikkje tenkje for mykje på. Så lenge helsa held, har eg ingen unnskyldning for å ikkje gjere noko. Eg har vore heldig der. Det er klart at dersom du slit tungt fysisk eller psykisk, kan ingen vente at du skal ha overskot til å engasjere deg på vegner av andre.
Vogt løfter brillene som heng i ei snor kring halsen, og myser på dataskjermen på skrivebordet. Det er klokkeslettet han vil ha greie på. Snart skal det vere stiftingsmøte for studentburettslaget, og vi må vere ute av kontoret før den tid. Det kan bli knapt, for no har han tenkt å snakke om dei såkalla boomerangsakene. Saman med Gunnar Nordhus skreiv han boka Volden og dens ofre, som sette i gang den store politivaldsaka i Bergen. Det utvikla seg til ei endelaus opprulling av falske forklaringar og trugsmål mot vitne, og Vogt opplevde mellom anna at telefonen hans vart avlytta fordi ein meinte han motarbeida rettssystemet.
– Desse lange åra har berre forsterka interessa mi for maktovergrep og justismord i det norske rettsvesenet. Det er viktig at vi innser at det er fæle makter i sving også i vårt eige land, seier Vogt. Det blir den siste salva vi får frå han. No må han ut og engasjere seg - på studentane si side.

TEKST: Kjerstin Gjengedal
qed010@ii.uib.no
FOTO: CHRISTIAN RANGEN
 

tilbake


Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen. Ansvarleg redaktør: Ingvild Rugland. Webansvarleg: Arne Beek. Les også mer på siden om avisen.
Copyright Studvest (C) 1999