onsdag 22. november, nr 29 - 55. årgang
STUDVEST
-----
meny

søk i Studvest

om avisa annonsering arkivet siste kronikk kommentar ytringar apropos meiningar news leiar tema kultur nyhende fint bildetips studvest 55 54 51 48

Tapiren, spøkelset og kvalskjelettet

Når lyset vert slått av og dei besøkande har forlete museet er det berre daude dyr og James Grieg att. Studvest tok ein runde på museet etter mørket sitt frambrot.

tekst: Vigleik R. Mathisen
vigleik@mailcity.com
Foto: Magnhild Glende

Museet har ein aura av mystikk over seg. Bygga som det er på den gamle rettarstaden i Bergen. Den siste reisa til lærdølen Anders Lysne enda her ein junidag i 1803. Med eit velretta hogg frå meistermannen si øks, vart hovudet skild frå kroppen og han var død.

Det var rystende å høre hugget gjennom halsen, sa Fredrik Meltzer som overvar hendinga.
I dagslys og sommarsol er museet nesten venleg, hagen er open og innbydande. Ein ypperleg stad for lesing eller flørting, og avslappande aktivitetar under vårsola. Gløymd er blodige halshuggingar og bøddelen si øks.
Når dagane vert kortare og nettene lenger, forandrar museet seg som ein dr. Jekyll og mr. Hyde. Frå innbydande sommargult til grått og novemberklamt. Tankane kretsar lett mot både halshogginga og henginga som føregjekk i hagen. Seinhaustes, når dei gamle trea strekk dei nakne greinene sine etter deg som onde klør, og mørket ligg illevarslande over Høyden, skundar dei fleste seg raskt forbi det gamle museet. I det du hastar forbi føler du kanskje at hundrevis av augepar stirrar ut mot deg bak dei store vindauga.
Stoppar du opp, kan du mest høyre det stilna coyoteulet. Eit ul som stansa i halsen på stakkaren for over hundre år sidan. Tørr prærieluft, og ville tilstandar er erstatta av stillstand og Bergensregn. Coyoten snerrar mot deg gjennom glasmonteren. Museet er ein nifs stad å vere kveldstid. Det seiest at det spøker der.
Trond Andersen er publikumsansvarleg på Naturhistorisk museum. Han er villig til å ta Studvest med på ein runde gjennom museet. Etter mørket sitt frambrot. Det vert skumlast slik. Andersen er ein sindig mann som har vore med på fleire turar til den urørte naturen i Sør-Amerika. Han har hatt kontakt med både kondorar og det som verre er, difor er han ikkje særleg redd før den nattlege odysseen byrjar.
Vi derimot, er meir skeptiske med omsyn til kva som kjem til å hende etterkvart som vi kjem lenger og lenger inn i salane.
– De har høyrt om James Grieg? spør Andersen.
Yess, tenkjer vi, no kjem det ei saftig spøkelseshistorie.
– James Grieg var konservator ved museet, fortel Andersen, medan vinden tek eit ekstra godt tak i bygningen. Grieg hadde sitt eige husvære på museet og tilbrakte mange og lange dagar her. Etter han døydde vert det sagt at han går igjen her, han skal visstnok vere på jakt etter sofaen sin.
Vinden løyar litt. Det knirkar frå etasjen over, men det er eit gammalt hus, slår vi oss til ro med. Hadde det ikkje knirka ville det vore noko å tenkje på. Uansett, eit spøkelse på jakt etter ein sofa, kor skummelt er eigentleg det?
I halvmørket under kvalane, meiner Andersen at det skumlaste som kan skje, er at dei enorme kvalskjeletta skal løsne frå boltane i taket. Huset er dårleg vedlikehaldt, og skruane og mutrane har hengt i hundre år og vel så det.
– Det hadde blitt litt av nokon overskrifter, humrar Andersen, om ein haug med barnehageungar hadde fått den digre kvalen i hovudet. Vi stirrar opp mot den overdimensjonerte beinhaugen, og håpar at kven det no var som festa monsteret ein gong i forrige århundre, hadde eit evigheitsperspektiv på kvalopphenginga.
Ferda går vidare gjennom salar fylde med utstilde rarietetar. Det er ganske mykje utstilde bein, og ein heil del froskar. Lyset skin inn på dei frå gata, og skapar merkelege skyggar i montrane og på veggene.
– Museet har den finaste beinsamlinga i Noreg, seier Andersen. Vi er litt imponerte, men vi veit at lenger inne i museet ventar dei verkelege godbitane.
I romma bakanfor kvalsalen lurer dyr frå den vide verda som vi no er vande med at Hans Christian Alsvik presenterte. Men konservatorane frå den-gangda, ville òg at den norske faunaen skulle presenterast. Difor står elgen og skuler over til leoparden. Bokstaveleg talt.
I det svake kveldslyset ser det mest ut som om dei utstilde elgane, hjortane og alle dei andre dyra i Hakkebakkeskogen ikkje kunne tenkje seg noko betre liv enn dette. Rovdyr og grasetarar om kvarandre i bibelsk harmoni. Men berre tilsynelatande. Ser ein nærare etter oppdagar ein at dyra slett ikkje er nøgde. Dei har triste blikk, og berre den loslitte ulven snerrar mot oss, framleis med ein smule villskap att i blikket. Dei andre har forlengst resignert og godteke si skjebne.
Då vi rundar eit hjørne, ser vi den melankolske tapiren stå blant dei andre skapningane frå Sør-Amerika. Det er dette vi har venta på. Av alle dei anonyme dyra som er utstild her, er tapiren ein av dei få som har si eiga historie.
– Tapiren skulle eigentleg til tsaren i Russland, byrjar Andersen.
Arten vart fyrst oppdaga tidleg på 1900-talet, og eit eksemplar skulle havne i tsaren si dyresamling. Men på grunn av den politiske situasjonen i landet kom aldri tapiren fram. Istaden vart den sett av på kaien i Bergen i påvente av betre tider.
– Og der vart den ståande, seier Andersen.
Tilslutt vart den frakta opp på museet. Slik enda altså tsaren sin tapir i andre etasje på dei naturhistoriske samlingane. Sjølv om vi let oss begeistre av tapiren, kan vi ikkje unngå å sende ein tanke avgårde til det påståtte husspøkelset. Vi lurer på om James Grieg luska rundt her i gamle dagar. Det er slett ikkje umogleg. Det er heller ikkje umogleg at han går kvilelaust gjennom dette rommet på jakt etter den forsvunne sofaen.
Glasrutene klikkar i samanføyingane og vinden aukar på att. Det knirkar i heile huset no. Eit kaldt novembergufs slår gjennom rommet.
– James Grieg hadde husværet sitt rett over her, smiler Andersen.
Han er tydelegvis tøffare enn oss. Han tek seg tid til å spøke. Vi hutrar litt, og synes å merke rørsle i krokane. Kanskje er det berre trea på utsida som lagar skyggar i rommet? Det er tryggast å gå ut frå at det er det. Vi er snart ferdige med turen gjennom eit kveldsmørkt museum, og vi har berre indisier på at husspøkelset finnes.
Attende på det varme kontoret til Trond Andersen fortel han at skal avgårde til Guatemala med det fyrste. Vi har eit godt grep rundt kaffekoppen, og stemninga er god. Vi har mest gløymd den kjølige stemninga inne i dei store utstillingssalane.
Då vi forlet Andersen og museet, kastar vi eit blikk opp mot muset. Kor dei daude dyra og konservator Grieg er i kvarandre sitt selskap for alltid.

tilbake

Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Ansvarleg redaktør: Astrid Urdal. Webansvarleg: Arne Beek.
Les også mer på siden om avisen.
Copyright Studvest © 2000