onsdag 7. februar, nr 4 - 56. årgang
STUDVEST
-----
meny

om avisa annonsering arkivet siste kronikk kommentar apropos meiningar news leiar side 2 midten kultur nyhende fint bilde tips studvest 55 54 51 48

Kunst for ein traktor

«Kasus 01» er namnet på
utstillinga av hovudfagsoppgåvene til studentane ved Kunsthøgskolen i Bergen. Der finn ein blant andre tekstilkunstnaren Regien C J M Cox. Ho er besteven med ein blå traktor.


Torunn Todal Laberg
torunn_todal_laberg@hotmail.com
Foto: Siv Johanne Seglem


traktortepper.
Regien har laga tepper til traktoren sin.

Med ei utstilling i Vestlandske Kunstindustrimuseum markerer Kunsthøg-skolen i Bergen kvart år at hovudfagsstudentane snart er ferdige med utdanninga si. Årets utstilling består av bidrag frå alle dei 24 hovudfagsstudentane ved seksjonane for tekstil, fotografi, keramikk, visuell kommunikasjon og interiør- og møbeldesign.
Særleg spanande er arbeidet til 23 år gamle Regien C J M Cox. Ho er opprinneleg frå Nederland, men kom til Noreg for å gå på folkehøgskule. Då året var omme hadde ho ikkje lyst til å reise heim, så ho søkte om opptak ved Kunsthøgskolen i Bergen og kom inn der. I løpet av hovudfagsperioden har ho kjøpt og gjort seg til vens med ein traktor. Traktoren er ein gamal, blå Ford 4000, og Regien innrømmer gjerne at det var kjærleik ved fyrste augekast.

parkeringsplass.
Traktoren sin plass i verda.

 

– Det heile byrja med at eg måla eit bilete som eg kalla «den grøne traktoren». Tittelen og biletet hadde opprinneleg ingenting sams, men då eg tok til på hovudfaget fann eg ut at eg ville gjere noko med den setninga, forklarar Regien.
Og så tok ho til å lage det ho karakteriserer som «traktor-relaterte» tekstilar. Tekstilane vart laga hovudsakleg med tanke på å gjere den grøne traktoren lukkeleg. Regien har fleire pedaltrekk og tepper frå utprøvingsperioden av prosjektet, men dei beste arbeida såg dagens lys etter at Regien kjøpte seg ein traktor sjølv.

Kunst:

Hovudfagsutstilling med
studentar frå
Kunsthøgskolen i Bergen
«Kasus01»
Tysdag til søndag
kl. 12 - 16,
3.februar - 4.mars

– Eg har ei fantasiverd utanom det vanlege, og det var lenge ein draum å la fantasiane mine kome til uttrykk. Eg hadde eit
bilete av ein grøn traktor i hovudet mitt, og det var difor ganske morosamt å finne at han eigentleg var blå, seier Regien.
Men det er ikkje berre traktoren som står sentralt i prosjektet til Regien. Ho har i tillegg eit ønskje om å uttrykkje fridom og mot til å nytte seg av fantasi og undring.
– Det har ikkje så mykje å sei om folk som ser utstillinga legg heilt andre ting i prosjektet enn eg i utgangspunktet har tenkt. Eg har sjølv veldig kontakt med fantasiverda mi, og om prosjektet mitt inspirerer andre til det same så er det berre positivt, seier Regien.
Traktoren fekk ho for 5000 kroner, og i påvente av at Regien skal realisere planane sine står han parkert på parkeringsplassen utanfor Kunsthøgskolen.

Regien fortel at sett vekk frå fascinasjonen hennar av traktoren som ein «ting» med liv og tankar, så har konseptet vore knytta rundt det ho kallar stasjonære og mobile stader.
– Eg har valt å jobbe med traktoren i byen. Der har eg gitt han to ulike tepper. Det stasjonære er direkte relatert til byen, medan det mobile er relatert til traktoren, fortel ho. Regien forklarar vidare at det som knyttar det stasjonære teppet til byen, er asfalten det er laga av. Asfalten fekk ho varm frå Rådal Asfaltverk. I tillegg til asfalt er teppet laga av ull som er farga og forma i ulike fasongar. Teknikkane ho har nytta er i hovudsak toving og veving. Biletet var ferdig som skisse på eit papir, men den største utfordringa låg i å
synleggjere draumen om traktoren i stort format. Det tok mykje tid å finne ut korleis streken og fargane best kunne takast vare på.
– Asfaltteppet skal fungere som parkeringsplass for traktoren. Slik kan han vite akkurat kvar han skal stå på ein stor parkeringsplass. Det er hans teppe i verda, seier Regien.
Når det gjeld det mobile teppet, så er det knytta til byen gjennom småting Regien har funne på gata og som ho har sydd fast i teppet. Poenget er at traktoren kan ta med seg teppet overalt i verda. Han kan rulle det saman og ha det i skuffa si, eller leggje det over eller under seg.

– Utgangspunktet mitt
var å lage tekstilar som uttrykkjer traktoreigenskapar samstundes som dei synleggjer draumeverda mi. Eg trur traktoren har eit ønskje om å vere til stades i den draumeverda, og teppa seier noko om personlegdomen hans, forklarar Regien.
Ho fortel vidare at skalaen teppa er laga i er noko ho har vore særs bevisst på. Teppa er direkte relatert til storleiken på traktoren og det personlege rommet han treng rundt seg.
– Det at teppa berre er litt større enn traktoren sjølv, gjer at han kan ha eit nært forhold til dei, presiserer ho.
Regien har òg behov for å få fram at inspirasjonen ho har henta frå traktoren ikkje representerer ei slags flukt attende til barndomen.
– Eg har vore veldig bevisst på alt eg har gjort, og mykje tid har gått med på å prøve ulike løysingar, seier ho.
Vidare har ho planar om å ta med seg traktoren til stranda og på landet for å gjere liknande prosjekt der, men fyrst skal traktoren få prøve teppa sine i byen. Ein annan ting er òg at Regien må ta sertifikatet for å kunne køyre sjølv. Til no har ho fått assistanse av andre når behovet for å flytte traktoren har meldt seg, men det er eit klart mål å køyre på eiga hand.

På mange måtar er denne utstillinga eit vendepunkt i livet til Regien og mange av dei andre hovudfagsstudentane. I eitt og eit halvt år har dei vore priviligerte som har kunna via seg heilt og fullt til eigne prosjekt. No ventar den verkelege verda, og der er det ikkje berre enkelt å finne arbeid etter endt
utdanning.
– Eg håpar nokon likar prosjektet mitt og tek kontakt for nye oppdrag, seier Regien.
For å få nye oppdrag må ho i hovudsak jobbe hardt og søke om plass på ulike utstillingar. Ho kjem ikkje langt dersom ho ikkje klarar gjere seg synleg, og dette er noko som spesielt pregar studentane frå seksjonane for tekstil og kunst. Det har tidlegare synt seg at designstudentane er dei som kjem best ut av det på arbeidsmarknaden. Men dette tek ikkje motet frå Regien. Om ein månad tek ho med seg tepper og traktor og flyttar til Belgia. Der håpar ho å kunne skape seg eit namn. Uansett kva som skjer er det ingen tvil om kven som er den heldigaste traktoren i verda.

 

tilbake


Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Ansvarleg redaktør: Erik Martiniussen. Webansvarleg: Arne Beek.
Les også mer på siden om avisen.
Copyright Studvest 2000