Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
  Omtalar
  Notisar
  Baksida
  Sport
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Populær kjøttmarknad


FARGERIK SUKSESS. Både fargar og interiør var ein sentral del av Marknad Kjøtt. Og festivalansvarleg Mia Øquist kunne smile over stor publikumsoppslutning. FOTO: JARLE H. MOE

 
MARKED KJØTT
Marked Kjøtt vart i helga arrangert for første gang. Marknaden var i lokala til Bergen Kjøtt, og hadde 15 ulike boder med over 50 personar involverte.

Medverkande på marknaden Bergen Kjøtt var Bergen Ateliergruppe (BAG) - Flaggfabrikken - Grandpeople Design - Hummer og Kanari - Knot - Studentar frå Kunsthøgskolen/Akademiet i Bergen, Tromsø og Oslo, etablerte kunstnarar, designarar, scenografar med meir frå Bergensregionen - og ikkje minst årets galleri ved Galleri Entrée.

Bergen Kjøtt husar til dagleg både kunstnarar, musikarar og designarar, og er eit lokale som samlar alle desse på ein stad med eit føremål: å lage og stille ut arbeid.

STUDVEST FØLGER TEMAET:
KUNST
Over 1100 personar var i helga innom lokala til Bergen Kjøtt der det for første gang vart arrangert marknad.

Tekst: SONDRE ÅKERVIK

Laurdag 4. og søndag 5. september vart produksjonshallen på Bergen Kjøtt omgjort til butikkar, boder, galleri og torg. Mia Øquist hadde saman med Agnes Nedregård ideen til arrangementet, og fortel at bakgrunnen for tiltaket var eit mål om å få kunst ut til flest mogleg.

– Det starta då vi etter ein kunstmarknad reagerte på at det var så høge prisar. Vi vil vere litt annleis enn salsbaserte marknadar, så vi bestemte oss for å samle kreative folk som kunne stille ut arbeid dei hadde laga utan å berre tenke profitt, seier Øquist

– Vi ville også at studentar skulle ha råd til å kunne kjøpe det som var utstilt. Derfor kosta ingen av varene over 500 kroner, fortel ho.

ESTETISK FOKUS

Marknaden kunne skilte med 15 boder med vidt forskjellige tema og varer. Alt frå eit loppemarked til eit torg med både musikalske innslag og anna underhaldning. Interiøret var også viktig for arrangørane, og dette gav seg utslag i fleire underfundige påfunn; vakter i kostyme og masker, oljefat som bord og ein kafé på rullevogn, akkurat som på toget.

– Opplevingsaspektet var minst like viktig. Derfor la vi mykje i det visuelle, vi ville gi folk ei oppleving av å vere med på noko litt absurd og annleis, seier Øquist.

UNIK UTSTILLINGSARENA

Solveig Bergene var ein av mange kunststudentar som stilte ut arbeidet sitt under Marked Kjøtt. Ho skryt av tiltaket og håpar det blir fleire og liknande arrangement i framtida.

– Det er ei unik moglegheit til å vise fram det ein lagar, og samtidig tene litt pengar, meiner Bergene.

Mia Øquist er ikkje avvisande til å arrangere eit tilsvarande marknad også ved eit seinare høve.

– For huset sin del håpar vi det. Bergen Kjøtt er ein god arena for både kunstnarar, designarar og andre til å vise fram arbeidet deira. Vi har trua på at dette skal bli eit mykje brukt kulturhus, seier Øquist.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE KULTURSAKER
SISTE NYHENDE