Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
  Omtalar
  Notisar
  Baksida
  Sport
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Kreativ vekeslutt


 

I SLUTTFASEN. Tommy Grov legg siste strøk på maleriet «Stripper fra Litauen». FOTO: JIN SIGVE MÆLAND
«SØT SØNDAG»
Eit arrangement som blir haldt kvar søndag på kafèen Vågen Fetevare.
Har innslag som diktopplesing, open mikrofon, musikk og kunst.
Vågen Fetevare gjekk konkurs og blei tvangsoppløyst i oktober 2009, men opna igjen etter kort tid.

STUDVEST FØLGER TEMAET:
KUNST
«Søt Søndag» er det nyaste intiativet frå Vågen Fetevare for å få kunstnarar fram i lyset. – Kjempebra arrangement, meinar akademileiar ved Skrivekunstakademiet.

Tekst: ANETTE HJELLE VOLDEN og LISA MARIA BREISTEIN SØLVBERG

Kvar søndag kan kunstnarspirar no få presentere verka sine på kafeen i Kong Oscars gate. Randi Naustdal, konferansier for «Søt Søndag», forklarar at arrangementet ikkje skal vere så veldig kulturelt, men likevel meir enn å berre drikke kaffi og snakke tull.

– Eg synes det er viktig at folk får profilere seg og gjere seg bevisst på sitt eige arbeid. Alt frå studentar til reggae-folk deltek. Det er stor breidde og alt er lov, seier Naustdal.

LÆRERIKT

– Eg syns det høyres ut som eit kjempebra arrangement, det er positivt at unge kunstnarar får kome ut å presentere arbeidet sitt, seier Øyunn Viken, akademileiar ved Skrivekunstakademiet.

Akademileiaren meinar det er vanskeleg å sjå noko negativt ved eit slikt arrangement.

– Det negative må i tilfelle vere om du syns at det går skikkeleg skeis. Eg veit ikkje om «Søt Søndag» er den beste vegen til å gå oppover karrieremessig, men det trenar deg på å finne din eigen framføringsstemme, meinar Viken.

– EIT SPRINGBRETT

Tommy Grov og Søren Wammen stiller begge ut maleria og bileta sine på Vågen Fetevare, og syns «Søt Søndag» er ein fin plass å presentere seg sjølve som kunstnarar.

– Når me malar under arrangementet får me meir stemning og kan snakke med folk, samtidig som me får tilbakemelding på det me gjer, fortel Grov.

Begge er einige om at det er viktig å få kunsten sin ut i byen og ikkje vente på gull og grønne skogar. Ingen av dei meinar at det er eit spesielt kjøpesterkt publikum på arrangementet, men at kvelden kan gi dei kontaktar og gode idear.

– «Søt Søndag» er ein enkel plass å byrje, her er det lettare å tørre. Ein kan kalle det eit springbrett, seier Wammen.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE KULTURSAKER
SISTE NYHENDE