Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
  Omtalar
  Notisar
  Baksida
  Sport
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Ukas navn.

Regissør i unntakstilstand


 
DENNE VEKA SNAKKAR VI MED: TORE VAGN LID
Alder: 35
Sivilstand: Sambuar
Studerer: Avlegg doktoravhandling, samt jobbar som regissør og underviser ved mellom anna UiB
Aktuell med: Oppsetjing av stykket «Embargo» på Hordaland Teater

STUDVEST FØLGER TEMAET:
TEATER

Tekst: KRISTIN V. HAUGLAND

Kva handlar stykket ditt «Embargo» om?

Heile førestillinga er basert på sju ulike øvingar i kunsten å lykkast, med utgangspunkt i teater, musikk og video. Det moderne dramaet er meir enn det tradisjonelle dramaet som vanlegvis vert presentert på scena. For ungdommane i stykket vert teateret ei øving i livet for ope publikum. Dei øver seg på å vere naturlege på ei scene, men dramaet ligg i røynda. Ta til dømes ein talentkonkurranse på TV. Kvifor trur du dei har kameraer bak scena? Det er der det ekte dramaet gjeng føre seg.

I tillegg jobbar du med ei oppsetjing til Festspela i Bergen i år. Fortel litt om den.

«Elephant Stories» handlar om eit drama som vil kome, det at mennesket er natur. Menneska vil få sett sjølvforståinga si på prøve. Oppsetjinga er todelt, der eine delen er ei uroppsetjing av eit samarbeid mellom Transiteateret Bergen og Nationaltheateret, initiert frå Festspela si side, basert på ein tekst av Elfride Jelinek. Den andre delen er ei uroppsetjing av mitt eige arbeid. Desse to delane er sett saman i form av ein musikalsk dialog.

Du held òg på med ei doktoravhandling. Kva handlar den om?

Eg har ikkje noko anna enn ein milelang undertittel på den førebels, men utgangspunktet ligg i teateret som kritisk erfaringsrom, og kva moglegheiter som ligg i utvekslinga mellom scene og musikk.

Kvifor ville du starte på eit så stort prosjekt som ei avhandling er?

Først og fremst fordi den vert ein del av eit praktisk teoriarbeid. Eg får høve til å teste det eg skriv om, og skrive om det eg prøver ut. Det å byte ut regisseringa med skrivearbeid om kvelden vert ei gjensidig bru mellom akademisk teoriarbeid og praksis. Forholdet mellom musikk og scene er dessutan alt for lite undersøkt, så kanskje det eg har gjort vil bli produktivt for andre?

Men korleis i alle dagar får du tid til både doktoravhandling, teaterjobbing og undervisning?

Førebels har eg det under kontroll, sjølv om eg jobbar med avhandlinga og Festspela parallelt. Men det har jo vore litt unntakstilstand, spesielt det siste halve året.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE KULTURSAKER
SISTE NYHENDE