Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
  Omtalar
  Notisar
  Baksida
  Sport
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Studentteater.

Dramadebut for fulle hus


TOVEGSMONOLOG. I teaterdebuten «Senseless» demonstrerte Silje Silden (f.v.) og Kirsti Aksnes kor vanskeleg kommunikasjon kan vere. FOTO: ADRIAN B. SØGNEN

 
TEATERETATEN
Nyetablert profesjonell teatergruppe.
Har førebels seks medlemmar med bakgrunn frå Studentteateret Immaturus.
Hadde urpremiere på stykket "Senseless" sist helg.
Fekk støtte til stykket av Bergen kommune og Frifond.

STUDVEST FØLGER TEMAET:
TEATER
Teateretaten har teke steget ut frå Immaturus og danna eiga teatergruppe. Premierehelga var ein braksuksess.

Tekst: SIRI KNAPSKOG

Dei seks medlemmene i Teateretaten møtte kvarandre gjennom Studentteateret Immaturus, og ville gå vidare ved å danne ei fast teatergruppe.

– No må vi gjere alt sjølve, og kan ikkje skjule oss under Immaturus sin profil, seier Sara Bruteig Olsen, regissør for Teateretaten si første oppsetjing «Senseless», som hadde urpremiere sist helg.

UTSELD

Ein skada musikar og ein scenograf med svineinfluensa sat kjeppar i hjula for både premieredato og lengda på speleperioden. Likevel kunne teatergruppa Teateretaten sette opp sitt første stykke sist helg, og det vart fullt hus på alle dei tre førestillingane.

– Mange hadde førehandskjøpte billettar, og så tøygde vi grensene litt slik at vi slapp å avvise nokon, seier produsent Alice Strøm Nilssen.

At dei har jobba saman tidlegare meiner Strøm Nilssen har vore ein fordel.

– Med lita tid, liten plass og lite pengar fekk vi gjort mykje ettersom kjemien oss i mellom er god. Å jobbe med folk ein veit ein kan samarbeide med gjer at positivitetsnivået og trivselen er større, seier ho.

KOMMUNIKASJON OG RADIO

Teateretaten har den siste månaden leigd seg inn på Impulssenteret i Vaskerelven. To skodespelarar og ein musikar har i lag med produsent, regissør og scenograf arbeidd intensivt for å setje opp urpremiere på stykket «Senseless».

– Stykket handlar om kommunikasjon. Om kjensla av ei forventing om å måtte innfri krav til ei kvar tid. Vi lever i ei hektisk verd, og må bli flinkare til å lytte til kvarandre, seier produsent Alice Strøm Nilssen.

– Og så handla det litt om radio, legg regissør Bruteig Olsen til.

UTVIKLA VED IMPROVISASJON

Millan Persdotter Persson hadde skrive manuset som har vore utgangspunkt for vidare utarbeiding av stykket.

– Tekst, musikk og scenografi har påverka kvarandre, seier Mari Kvien Brunvoll, som stod for musikk til teaterstykket.

Teatergruppa leikar med idéar til neste prosjekt, men presiserer at idéane berre er på tankestadiet. Det einaste som er sikkert er at vi skal sjå meir til kompaniet.

– Teateretaten skal eksistere i lang tid, og vi skal gjere mykje ulikt og avgrensar oss ikkje til ein sjanger. Vi kunne også tenkt oss å setje opp større produksjonar, seier Bruteig Olsen.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE KULTURSAKER
SISTE NYHENDE