Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
  Omtalar
  Notisar
  Baksida
  Sport
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Studentar vel ulønna arbeid


KULTURVERVING. Hulen-leiar Solgunn Slåtto er klar for å opne dei gule portane sine for ny arbeidskraft. FOTO: IDA ANDERSEN

Studentorganisasjonar i Bergen har få problem med å tileigne seg gratis arbeidskraft. – Typisk norsk, meiner Hulen-leiar Solgunn Slåtto.

Tekst: SONDRE ÅKERVIK

Hos konsertinstitusjonen Hulen har over 100 personar sagt seg positive til å arbeide frivillig. Interessa gleder Hulen-leiar Solgunn Slåtto.

– Det verkar å vere ei innarbeidd haldning blant norske studentar å melde seg inn i studentorgansiasjonar. Litt typisk norsk, meiner Slåtto – og viser til at dette i mange land er nærast ikkje-eksistererande.

Sjølv budde ho ei periode i Italia, utan å finne noko som helst studentrelatert arbeid på frivillig basis.

– Stipend og lån er eit privilegium vi i Norge har, som muliggjer frivillig arbeid. Studentorganisasjonar er ein positiv effekt av dei godene, trur Slåtto.

SOSIAL TRIVSEL

Også hos Høgskolen i Bergen (HiB) har dei starta arbeidet for å verve studentar til den årvisse Studentrevyen – også den av frivillig art. Leiar for HiB-revyen, Anette Angeltveit Thoresen, peikar på det sosiale aspektet som ein avgjerande grunn for å søke.

– Det er viktig å ha det kjekt på fritida også. Det å dele ein arbeidsprosess og bygge noko saman mot eit felles mål, er ein ypperleg sjanse til å bli kjent med andre, seier leiaren.

Hulen-leiaren er einig med Thoresen i at studietida ikkje berre handlar om gode karakterar, men også det å trivast sosialt.

– Det er enormt viktig for studenttilværet å ha noko anna å fylle tida med enn fag. Dette er jo gjerne tida ein kan gjere slikt: være med å skape kultur og få kultur tilbake, utan å få lønn for det, meiner Solgunn Slåtto.

AUKAR KARRIEREMOGLEGHEITENE

Evelyn Jordahl ved Karrieresenteret i Bergen peiker på dei mange fordelane som arbeidserfaring i studietida gir på vegen vidare etter endt utdanning.

– Studentane vi møter føler ofte at dei har ein «vag» kompetanse i utdanninga, og at det derfor er vanskeleg å sjå fagkunnskapane sine som relevante i forhold til dei arbeidsoppgavene som arbeidslivet byr på.

Jordahl fortel at sjølv om gode eksamensresultat på alle måtar er viktig, er det likevel mange arbeidsgjevarar der ute som også legg vekt på at ein har skaffa seg relevante erfaringar frå arbeidslivet.

– Det å tidleg finne eit mål med utdanninga, og skaffe seg relevant erfaring i høve til det målet, gjer at ein kanskje stiller framfor andre i jobbkøen. Å ha fleire sosiale arenaer kan auke trivselen i studietida. Dessutan kan slik aktivitet sjåast på som nettverksbygging.

– Kjennskap og vennskap ein knyttar i studietida kan også være særs nyttige når det gjeld å få innpass på arbeidsmarknaden etterpå, og kanskje til og med det som hjelper deg til å få «draumejobben», meiner Jordahl.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE KULTURSAKER
SISTE NYHENDE