Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
  Omtalar
  Notisar
  Baksida
  Sport
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

The Aller Værste jentene


UNGDOMSLIV. Når Marie Amdam (til venstre), Marie Moe, Maria Råkil og Embla Karidotter Dahleng spelar på Garage, må utestaden sette ned aldersgrensa til 18 år for at jamnaldringane skal kunne kome inn. FOTO: JARLE H. MOE

 
MÅNADENS STUDENTBAND
August: Razika

Etablert sommaren 2006.

Ligg sjangermessig i blandinga mellom indierock og ska.

Besetning: Marie Amdam (vokal), Maria Råkil (gitar), Marie Moe (bass), Embla Karidotter Dahleng (trommer), alle fødde i 1991.

Aktuell: Har akkurat gitt ut ny singel, som kan kjøpast på Robot. Spelte konsert på Garage fredag.

Kan hørast på www.myspace.com/razika, og Spotify.

STUDVEST FØLGER TEMAET:
MÅNEDENS STUDENTBAND
Dei er unge, men likevel erfarne. Med sin 80-talsinfluerte ska-indie er ikkje jentene i Razika som andre tenåringar.

Tekst: SONDRE ÅKERVIK

Dei fire jentene i Razika har kjent kvarandre sidan barndommen. Då dei som 15-åringar bestemte seg for å lage musikk, var det eit legendarisk bergensband som var den store inspirasjonskjelda.

– Det var då vi hørte The Aller Værste! (TAV) vi fekk lyst til å starte band. Vi var alle einige om at TAV var det beste vi hadde hørt, og vi ville ta opp igjen den ska-indie-bølgja som var i Bergen på 80-talet. Aspektet ved den musikken passa godt til oss, og det var kult å skilje oss ut med det vi føler er vår stil, seier jentene i Razika.

Razika har eksistert i fire år, men enno er det enkelte konsertarenaer som de endå ikkje er gamle nok til å vere på. Korleis er det?

– Det er sjølvsagt litt spesielt. Då vi spelte på by:Larm i vinter var vaktene veldig strenge mot oss, og det var så vidt vi fekk kome inn!

– Så det neste målet er jo 20. Og det er jo berre eit halv år til. Vamoose-vaktene har faktisk spurt oss kva tid vi blir 20 år, ler dei.

Kvifor valgte de namnet Razika?

– Namnet er tatt frå ei afrikansk jente som gjekk på skulen på Møhlenpris. Vi synest det var kult, og det vart først dekknamn på gutar vi synest var kule. Då vi tenkte på bandnamn, kom plutseleg ein av oss på at vi burde kalle oss Razika.

– Og, dette fann vi ut først seinare, men Razika betyr faktisk musikk på egyptisk!

Kva kranglar de om?

– Teite ting, seier Marie Amdam.

– Og uviktige ting, føyer dei andre til.

– Som at ein av oss ikkje lukkar døra, eller at nokon har gløymt plekter. Praktiske gjeremål. Når vi er i ein kreativ prosess kan det bli ganske intensivt.

Kva er planane vidare?

– I haust skal vi spele konsertar i Tromsø, Bodø og Trondheim. Det gleder vi oss til!

– Elles skal vi arbeide med nye låtar. Vi stressar ikkje, men trur og håpar at vi skal ha spelt inn mange av dei til jul – så kanskje det blir album i løpet av neste år, smiler dei.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE KULTURSAKER
SISTE NYHENDE