Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
  Omtalar
  Notisar
  Baksida
  Sport
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Pony the Pirate


 
STUDVEST FØLGER TEMAET:
KONSERTOMTALER
Hulen, fredag 29. januar.

Karakter: B

Tekst: JANNE G. SØRGULEN

Åttarband i storform. Underteikna kan vel eigentleg vedkjenne det først som sist: Eg er ein fan. Det har eg vore heilt sidan åttarbanden stakk sigrande av som Årets Urørt i fjor. Men sjølv om eg har vore fan det siste året, har ein essensiell ting endra seg sidan den tid.

Kva? Jo, publikummet. For medan bandet rundt same tid i fjor var meir eller mindre ukjende, var konserten denne gongen utseld og utstyrt med ein masse som mest starta å syngje på refrenga før bandet hadde kome til dei kjende orda sjølv. Og når vokalist Joakim Johannessen og kompani køyrer i gong med strofa «She didn 't want to sing », så gjer publikum det motsette: Syng av hjartens lyst.

Med åtte energifulle musikarar under lyskastarane er det kanskje ikkje så rart at allsongpotensialet til bandet er godt oppunder Hulen-taket når dei spelar live. Undervegs påpeikar Johannessen på si side at ein anmelder har karakterisert bandet som utdatert. «Med andre ord kan ein sei at alle de som her er litt utdaterte òg», seier han til eit publikum som tydlegvis ser vekk frå meininga til den nemnde skribenten. Han har uansett ei heilt-heilt anna oppfatning av musikken enn dei sjølve, der dei diggar musikken vidare med hender og føter.

Når då bandet etterkvart traskar av scena bryt publikum ut i ein fleire minutters lang songsekvens. Og bandet vert, omsider, overtalt til eit ekstranummer. Hadde bandet berre orka sjølv, hadde nok ikkje publikum hatt noko i mot å høyre alle songane, ein ekstra gong. Som publikummar vert ein litt grisk når det kjem til musikk som får humøret til å stige så kjapt. Skal ein utsette noko framføringa til Pony the Pirate, må det vere at bandet gjerne må flørte litt meir med publikum. Det er nemleg lite godsnakking å hente frå bandmedlemmene. Og - berre eit ekstranummer? I mi bok er faktisk to eit minimumskrav, om det så inneberer å spele omatt ein av dei største hit-ane.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE ANMELDINGAR