Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
  Omtalar
  Notisar
  Baksida
  Sport
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

«Oslostaner»


 

FOTO: PRESSE
STUDVEST FØLGER TEMAET:
BOKOMTALER
Forfatter: Noman Mubashir
(Gyldendal)

Karakter: C

Tekst: MARI-LOUISE ULDBÆK STEPHAN

Glam og Allah. Momi og bestekompisen Rumi lever eit bekymringsfritt liv. Dei driv Oslo sin hottaste utestad, Casual & Curry, og mengar seg med kjendisar, modellar, advokatar, meklarar, torpedoar og vellykka «desiar». Bøtter med sjampanje og dansegolv fulle av vuggande hofter og forføreriske lår, er kvardagen til dei to norsk-pakistanarane. Men brått vert alt snudd på hovudet. Rumi møter kvinna i sitt liv, ei hijabkledd skjønnheit som har funne meininga med livet i den muslimske fundamentalistiske organisasjonen «Muslim by Nature». På eit blunk er også Rumi overtydd. Han slukar rått alt om jihad og Vesten som syndens pøl.

Det manglar ikkje på dramatikk i Noman Mubashir sin debutroman. Boka som han sjølv har kalla ein Bollywood-roman, bugnar over av svulstige metaforar og fjollete flosklar. Her er det menn med «armer som panserraketter» og kvinner med auger som «marmorsteinene i Taj Mahal».

Dette overdådige språket er likevel ikkje heilt mislykka. For folk som har sett ein del Bollywood-filmar er det akkurat denne kjensla ein sitt igjen med etter å ha sett ein film. Overdosar av glede, sorger, oppsig og nedsig. Både Bollywood-filmar og «Oslostaner» er skikkelig AD/HD.

Noko av det mest plagsomme med boka, som ein ikkje finn i Bollywood-filmar, er imidlertid den overdrevne bruken av merkenavn. Det er mogleg at Burberry-vesker, Diesel-bukser og Dolce & Gabbana-kjolar er meint å tilføre noko essensielt til boka, men for meg blir det berre støy. Enkelte skildringar seier rett og slett for mykje: «Glassplaten på spisebordet hvilte ubekymret på skrå eiketrebein, dekorert med servise fra Villeroy & Boch og vinglass fra Eva Solo.» Dette kunne Mubashir spart seg for.

«Oslostaner» er i hovudsak eit fargerikt og høgtravande drama om rike norsk-pakistanarar i hovudstaden. Men boka er samtidig noko meir. Mellom all dramatikken får «Oslostaner» fram noko viktig om spørsmåla som norsk-pakistanarar må forholde seg til i kvardagen; balansen mellom islam, sekularisme, fest og bønn.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE ANMELDINGAR