Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
  Omtalar
  Notisar
  Baksida
  Sport
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Röyksopp


 

FOTO: PRESSE
STUDVEST FØLGER TEMAET:
MUSIKKOMTALER
«Senior»
(Virgin/EMI)

Karakter: B

Tekst: SONDRE ÅKERVIK

Ein alle tiders sopptur. «Senior» er oppfølgaren til fjorårets solide «Junior». Og namnet seier eigentleg sitt: dette er heilt annleis enn sistnemnte. Dette viser seg først og fremst i det konseptuelle og ei slags back to basics-tilnærming til noko av det som kjenneteikna prosjekta som Torbjørn Brundtland og Svein Berge var med i på 90-talet, i tida før Röyksopp, og den arktiske «Tromsø-technoen».

«Senior» er på fleire plan eit atypisk Röyksopp-produkt: det mest iaugefallande med denne utgjevinga er likevel det faktum at ingen av låtane har vokal. I staden får vi servert lange, episke låtar som dog, i typisk Röyksopp-stil, bygger seg opp til eit slags klimaks. Det avvikande er derimot at det denne gang er meir dystert og mørkt i forma. Det vi får her er introverte låtar som «The Alcoholic», «The Fear» (nyversjon av «Tricky Tricky» frå «Junior«) og singelsporet «The Drug» - låtar med dybde og substans.

Det er eit modig valg Röyksopp har gjort, det skal duoen ha, for «Senior» vil nok dele fansen. Der Lindstrøm tidlegare i år gjorde motsett vending, og vendte til popformatet med stor suksess, er «Senior» ei heilt anna affære: frå eit radiovenleg format og til hypnotiske og eteriske låtar, ikkje ulikt nemnte artist og hans «Where You Go I Go Too». Som «Coming Home» – ei meditativ og atmosfærisk låt, sjølv om det i lengda kanskje blir litt for einsformig.

Denne einsformigheita er også det store ankepunktet mot denne plata, det blir liksom litt for lite substans til tider, og mange kan nok ha problem med å halde konsentrasjonen heile albumet gjennom og heller begynne å sysle med andre ting. Samtidig er det ein heilskap her som kanskje mangla i «Junior» – som var ei meir eklektisk affære med ganske store sprang mellom låtane, og fleire gjestevokalistar.

Denne gongen må Robyn, Karin Dreijer og Anneli Drecker halde seg på sidelinja, og fokuset er meir på Röyksopp-gutta sjølv. Det betyr at andre og meir subtile nyansar kjem til sin rett. Som sagt har plata sine svakheiter, men eg kan likevel ikkje anna enn å elske det her også. Jo da, alt i alt er det bra greier det her.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE ANMELDINGAR