Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
  Omtalar
  Notisar
  Baksida
  Sport
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Nytt blod i Storelogen


Jonathan Harker, spela av Ole Sigurd Bødal, ligg og ventar på Draculas fristerinner. FOTO: MARTE VIKE ARNESEN

 

Anett O. Skansen ligg siste lag sminke på Daniel Simonsen, som spelar pikkolo. I bakgrunnen Linn Larson. FOTO: MARTE VIKE ARNESEN
DRACULA
Studentteateret Immaturus si hovudoppsetjing denne hausten er «Dracula».

Stykket er skrive av Lars Saaby-Christensen, laust basert på Bram Stoker si klassiske bok om vampyrgreven.

Stykket går i Storelogen kl 19:30 frå 12. november til 19. november.

STUDVEST FØLGER TEMAET:
IMMATURUS TEATER
«Dracula» er Studentteateret Immaturus si hovudoppsetjing denne hausten. Regissørane lovar uhygge og overraskingar.

Tekst: INGEBJØRN BLEIE

– Av og til er det som å halde orden på ein liten barnehage.

Regissør Morten Oftedahl Sjøthun høyrest litt frustrert ut midt mellom to prøvegjennomgangar.

– Folk skal organiserast, og me har jo ikkje peiling på sminke og kostymer og slikt, så det er mange ting å få rede på no før premièren. Det er slitsomt. Men fyrst og fremst utruleg kjekt.

Sjøthun og kameraten Jon Sigve Skard har etterkvart lang fartstid både i Bergen og Immaturus. I vår hadde dei eigentleg tenkt å flytta på seg. Stikka til hovudstaden, eller noko slikt. Men dei sju fjell er høge og fengslande, og dei fann seg sjølve på leiting etter ein grunn til å verta verande.

– Så viste det seg at det ikkje var nokon som hadde levert inn forslag til hovudoppsetjing for Immaturus denne hausten. «Det er for gale», tenkte me, og der hadde me grunnen vår til å verta verande.

NY VRI

Neste steg var å setje seg ned og lese gjennom ei røys med manus. Lars Saabye-Christensen sin versjon av Dracula-historia var ein umiddelbar favoritt.

– Me var på utkikk etter noko folk kjende på førehand, men med ei ny vinkling, ein ny vri. Det har Saabye-Christensen klart med dette manuset. Det vil verkeleg by på ei ny oppleving for dei som kjenner historia, seier Sjøthun.

– Her er mykje større fokus på sjølve personane enn i dei klassiske Dracula-versjonane. Dei fire hovudkarakterane er to par som via forretningar vert involvert i Grev Dracul sitt liv. Dei er alle vakre og vellukka menneske, med gode forutsetningar for å leva eit lukkeleg liv. Men dette vert rive vekk frå dei i møte med noko ukjent, skremmande.

NEDSTRIPPA GREVE

Sjølv om dei har vore involvert i Immaturus lenge, er både Sjøthun og Skard nye som regissørar.

– Mange trur at det er noko heilt annleis og forskjellig å vera regissør, men sjølv føler eg det ikkje slik. Ein jobbar fortsatt med eit konkret stykke, med å få heilheiten fram til eit felles mål. Langt dei fleste skodespelarane er også nye. Berre to av dei har vore med på noko slikt før, seier Sjøthun.

Scenografien har i dei siste Immaturusoppsetjingane vore svært nedstrippa. Dette fungerte bra på det nevrotiske «Prosessen», men kan ein fargerik, dekadent karakter som Grev Dracul passa i ein slik setting?

– Når ein seier Dracula, ser nok mange for seg noko victoriansk, pompøst, med mykje staffasje. Me brukar derimot eit svært enkelt sceneoppsett, slik som fleire av dei siste års produksjonar har hatt. Det som derimot skiljer dette stykket litt ut, er at det skjer så mykje heile tida. Alle dei fire karakterane utviklar seg kontinuerleg gjennom stykket, og endar opp som noko anna enn det dei var.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE KULTURSAKER
SISTE NYHENDE