Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
  Omtalar
  Notisar
  Baksida
  Sport
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

«Jan Herwitz»


 
STUDVEST FØLGER TEMAET:
SCENEOMTALER
Regi: Per Jansen, etter eit stykke av Hans Wiers-Jenssen (Den Nationale Scene)

Karakter: B

Tekst: JANNE G. SØRGULEN

Herleg patriotisk. Vi er i Bergen på 1830-åra og vert invitert inn i heimen til Kjøpmann Herwitz. Ein stolt bergensar som etter å ha mista far sin, Jan Herwitz, gjer sitt for å overtyde både resten av familien og byen om at opphavet hans var eit oppfinnargeni. Når han ein dag treff på Doktor Wulfsberg frå Austlandet, ser han høve til å få den lærde til å hjelpe han med å kaste glans over minnet til far hans. Livleg demonstrasjon av «evighetshjulet» og flygemaskina til tross: Av Austlendingen vert han ikkje hylla, men gjort narr av.

La oss ta det som trekk ned stykket ned, før vi hyllar resten. Stykket har nokre sekvensar framfor sceneteppet som verkar malplassert og fjollete – einaste effekten av trippinga til «småtøsene» (som dei vert kalla) er å gi scenearbeidarane meir tid til å ordne kullissane. I tillegg brukar skodespelarane litt tid før dei verkeleg kjem i gong. Men når det først gjer det, fører latter og applaus frå publikum til at førestillinga vert til saman 10 minutt lenger enn vanleg.

Erkebergenske ord og uttrykk set eit sterkt preg på førestillinga, og få vil med handa på hjartet kunne sei at dei forstår alt som vert sagt. Men ordbruken er òg noko med det festlegaste ved stykket. I persongalleriet er det spesielt Kjøpmann Herwitz, svogeren Bøschen og husjomfru Henriksen som skil seg positivt ut. Spesielt sistnemde, som i andre akt har ein fantastisk sekvens der ho gjer sitt for å halde avstand mellom den eldste småtøsen Anniken og doktoren. Den bergenske «vi-er-best-anda» lev òg godt, noko den unisone replikken frå tre herremenn var eit tydeleg prov på: «Det er ikke en ting vi ikke kan.»

Når teksten til den bergenske nasjonalsongen «Nystemten» vert delt ut blant publikum til andre halvdel, er vi ikkje vanskelege å be. Så langt inni stykket, har vi allereie levd oss inn det erkebergenske. «Jan Herwitz» er den mest spelte komedien på DNS sidan premieren i 1913. Sjølv om dette er ein nypussa versjon, forstår eg godt kvifor teateret køyrer reprise. Dei vil nok gjere det omatt seinare òg.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE ANMELDINGAR