Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
  Omtalar
  Notisar
  Baksida
  Sport
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

«The Rocky Horror Show»


 
STUDVEST FØLGER TEMAET:
SCENEOMTALER
Regi: Ingrid Zwart (Studentteateret Immaturus)

Karakter: A

Tekst: JANNE G. SØRGULEN


Full pakke. I høve sitt eige 20-årsjubileum har studentteateret valt ei satsing som på fleire måtar kan reknast for risikosport. 1) Det er ein musikal. 2) Musikalen er eit kultfenomen som mange kjenner: Ting kan ting lett gå gale. 3) Har ein valt feil folk, må ein ta til takke med ein skodespelar som spelar bra, syng dårleg, eller ein songar som syng bra, men spelar dårleg.

Musikalen snor seg rundt det nyforlova ekteparet Jan Major (Morten Løtvedt) og Janne Whist (Line Stokland Røthing) og det som skjer etter at bilen deira punkterer og dei må søkje ly i eit gammalt slott. Her møter dei ein gjeng med yre og lettkledde skikkelsar. Blant anna hovudkarakter og professor Frank Furter (Thomas Trettenes) som ut i musikalen syng ut at han er «ein hipp transvistitt frå transseksuelle Transylvania».

Sceneshowet har få rekvisittar, men forrykande gode prestasjonar. Skodespelarane har eit høgt energinivå, og er ikkje redde for å gå veldig nær publikum, og gjer heller aldri ei einaste flau mine. Dette sjølv om somme strippar heilt ned til neglisjéen (menn som kvinner). Overraskande god synging set prikken over i-en. Faktisk er samtlege av songane betre enn den norske originaloppsetnaden frå 1977.

Her vert det feil å nemne enkeltprestasjonar, ettersom alle skodespelarane gjer glitrande prestasjonar, heilt i frå hovudrolla, til birollene og forteljaren. Her er det tydeleg at studentteateret har lukkast i å skaffe dei rette folka i alle ledd. Vi ser at skodespelarane kosar seg, noko som smittar over på tilskodarane.

Med hell har Immaturus valt å syngje og snakke på dialekt. Dette gjer at ein følar skodespelarane syng direkte til meg (uavhengig av at underteikna heiter Janne). Noko som i neste rekkje er med på å gjere karakterane meir truverdige, og dei får med seg publikum frå første stund. Førestillinga er spekka av humor, og får ein til å smile og humre heile vegen. Litt dårleg lyd innimellom, til trass: Dette luktar det ekstraoppsetnader av. Immaturus bør ikkje vere redde for å sette opp fleire musikalar seinare. Sjølv har eg allereie booka ein ny billett for å oppleve det heile på nytt.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE ANMELDINGAR