Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
  Omtalar
  Notisar
  Baksida
  Sport
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

«Elskede Sputnik»


 
STUDVEST FØLGER TEMAET:
BOKOMTALER
Forfattar: Haruki Murakami (Pax)

Karakter: B

Tekst: SONDRE ÅKERVIK


Vakker melankoli. Haruki Murakami har etter kvart blitt eit velkjent litterært namn i Norge, og får stadig nye fans her i landet. «Elskede Sputnik», som først kom ut i 1999, og som har vore tilgjengeleg på engelsk sidan 2001, er no (omsider) ute på norsk.

«Elskede Sputnik» er ei forteljing som på fleire plan er typisk Murakami, med einsame og ulykkelege unge mennesker, isolerte frå røyndomen og kvarandre, der personane stiller seg grunnleggjande eksistensielle spørsmål. Til Murakami å vere er likevel boka relativt lettlest og konvensjonell i høve til plott og struktur. Det surrealistiske som ofte kjenneteiknar japanaren er tona ned og handlinga sklir aldri ut i det absurde. For dei som synest at Murakami sine draumeaktige sekvensar kan bli i meste laget, er dette ein fordel.

Handlinga dreier seg rundt tre personar. Forteljaren med det kafkaeske namnet K, 22 år gamle Sumire og den 17 år eldre Miu. Og historia om desse tre menneska der K elskar Sumire og Sumire elskar Miu, utan at kjenslene blir gjengjeldt, skildrar lengselen og frustrasjonen for personane i møte med kvarandre. Dei er einsame, ulykkelege og manglar viljen til å gjere noko med det. Dei svevar rundt kvarandre utan mål og meining. Her kjem symbolikken i boka fram: Som satellitten Sputnik er dei distansert frå resten av verda og i staden inne i sin eigen, isolert frå omgjevnadene.

Filosofi har ein sentral plass i boka, og hovudpersonane kjem fleire gonger inn på grunnleggjande metafysiske spørsmål om meininga med tilværet og kva som er eit menneske. Den eksistensielle tilnærminga til at menneska skal realisere seg sjølv, står som eit paradoks i forteljinga, då ingen av personane eigentleg tør å vedgå sine kjensler overfor kvarandre.

Det heile er melankolsk og tidvist dystert, men akk så vakkert. Murakami sin posisjon som ein av vår tids største premissleverandørar av kvalitetslitteratur, manifesterer seg også gjennom denne boka. Les den!



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE ANMELDINGAR