Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
  Notiser
  News (in English)
  I gamle dagar
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Språkkamp om pensum


ØNSKER BEVISSTGJERING. – Det er vanskeleg å få ein samanheng med andre fag ein tar som gjerne har meir pensum på norsk, seier Simen Wilgohs (t.v). For å endre denne trenden, føreslår han å bruke ressursar på å oversette meir litteratur til norsk og på den måten få meir bevisstgjering av det norske språket. Her saman med Åsgeir Kjetland Rabben. FOTO: EMIL WEATHERHEAD BREISTEIN

 
UiB sin språkpolitikk

Ved UiB er undervisningsspråket, administrasjonsspråket og det daglege arbeidsspråket til vanleg norsk.
Det blir vektlagt at delar av verksemda skjer på engelsk eller andre internasjonale språk fordi universitetet er eit internasjonalt forskningsuniversitet.
Universitet har som mål å utvikle mest mogeleg parallellspråkleg praksis for å ivareta ansvaret ovanfor det norske og internasjonale samfunnet.

Kjelde: UiB

Trass i ein lovpålagd språkpolitikk som skal fremje norsk språk, finn ein stadig meir engelsk pensum ved høgskular og universitet. – Uungåeleg, men dumt, meiner sampolstudent.

Tekst: INGER MARIE LIEN

– Dei fleste som tar utdanning i Norge skal jobbe her i landet og utan kunnskap i norsk fagspråk vil dette svekke korleis dei gjennomfører jobben, seier Dag Finn Simonsen, seniorrådgjevar i Språkrådet.

Han skjønar at mange fag er globaliserte, men er skeptisk til at ein svekkar det norske språket med å heller bruke engelsk.

Sylfest Lomheim, tidlegare leiar i Språkrådet, har nyleg uttalt at ein har betre læringseffekt når undervisninga blir gitt på sitt eige morsmål. Simonsen støttar dette og meiner at ein på bachelornivå bør begynne med norsk som undervisningsspråk og deretter gå over på engelsk på høgare nivå.

– Det er oppsiktsvekkande at nokre fag er reine engelskfag. Ein gjer faget mindre tilgjengeleg med så mykje engelsk, seier han.

FRÅ 40 TIL 800

Ved Universitetet i Oslo har talet på engelskspråklege kurs auka frå 40 til over 800 på seks år. Også ved Universitetet i Bergen (UiB) er andelen engelsk høg. Ifølge Studia er fordelinga mellom norsk og engelsk pensumlitteratur 60 prosent norsk og 40 prosent utanlandsk.

Universitet og høgskular har etter Universitets- og høgskulelova ansvar for å oppretthalde og utvikle norsk fagspråk. Ifølge Språkrådet kom UiB best ut med oppfølging av denne politikken då dei innførte språkvask av alle akademiske og administrative tekstar på både norsk og engelsk.

– Utval av pensumlitteratur er basert på faglærar si vurdering og det fins ikkje noko overordna retningsliner når ein vel ut pensum, seier Kuvvet Atakan, viserektor for utdanning ved UiB. Likevel ligg språkpolitikken til grunn for alt arbeid som blir gjort ved UiB.

– BØR UTFORDRE ENGELSK

Simen Wilgohs studerer SAMPOL115, eit fag i samanliknande politikk med berre engelsk pensum. Han meiner at ein bør utfordre engelsk som fagspråk.

– Det burde vore lagt opp til at ein kan få pensum på norsk og gi eit løft til det norske språket, seier han.

Wilgohs ser både positive og negative sider ved å ha engelsk pensum.

– Vi blir godt rusta til seinare i arbeidslivet. Samstundes er det sjølvsagt negativt at det særeigne ved norsk språk vil forsvinne når ein bruker engelsk i undervisninga, seier han.

Åsgeir Kjetland Rabben studerer også SAMPOL115.

– Det kan vere uheldig med så mykje engelsk terminologi, men på den andre sida er det greitt, i og med at ein kan bruke denne språkkunnskapen på andre felt seinare i arbeidslivet, seier Rabben.

INTERNASJONALISERING VS. SPRÅK

Lise Rakner, instituttleiar ved Institutt for samanliknande politikk ved UiB, meiner at den norske marknaden av fagstoff er for liten.

– Vi bruker meir og meir engelske fagartiklar framfor lærebøker fordi vi opplever at bøkene er for statiske til å kunne gi studentane ei oppdatert undervisning, seier ho.

Rakner ser det som positivt at faget er på engelsk med tanke på utvekslingsstudentar som kjem til Bergen, men ser også utfordringane.

– Dette fører sjølvsagt til ein konflikt mellom UiB sin internasjonaliseringspolitikk og språkpolitikken deira, men det er vanskeleg å gjennomføre begge samstundes, seier ho.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE NYHENDE
SISTE KULTURSAKER