Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
  Notiser
  News (in English)
  I gamle dagar
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

STUDENTAR I STUPMØRKE

Store områder i Bergen sentrum er mørklagt på grunn av fråverande gatebelysning. – Vi legg spesielt godt merke til det no som haustmørket sett inn. Unge studentar går rundt i stupmørket. Eg synest dei er modige, seier Egil Åge Tveit, tidlegare divisjonssjef i BKK til BT. Tveit trekk spesielt fram Nygårdsgaten, Håkonsgaten, Herman Foss gate, Vågsallmenningen og delar av Strandgaten som mørke område. – Gatelysa blir ikkje satt opp igjen etter at gatene er rehabilitert, og når det er feil på eit lys tek det veldig lang tid før det blir fiksa. Dette gjev rom for lyssky aktivitetar i gatene, hevdar Tveit.

TEK OVER DER HJERNEVASK SLAPP

– Harald Eia og Hjernevask-debatten viste at her må noko gjerast. Vi tek det eit skritt vidrare og lar professorane snakke saman, utan komprimitterande kryssklipping, seier Julia Dahr til Universitas. Dahr er regissør for den rykande ferske dokumentaren til Oslo Student-TV «Det akademiske kjønn». Filmen sett søkjelyset på spørsmålet om korvidt kjønn er biologisk gitt eller sosialt konstruert. – Hjernevask bar preg av at Eia la seg på ei konfronterande linje. Vårt fokus har vore auka dialog, seier Dahr.

MATSTUDENTAR FEKK SKRYT AV SENSORISK PANEL

Forskarar ved Nofima Mat har undersøkt korleis sausar basert på ulike grunnsmakar påverkar smaken på laks. Det skriv Nofima på sine nettsider. Grunnsmakssausane er utvikla av studentar i kulinarisk kunst og måltidsvitnskap, ved Institutt for restaurant- og måltidskunnskap på Örebro Universitet. Profesjonelle smaksdommarar ved det sensoriske panelet hos Nofima Mat testa salmalaks for seg og i kombinasjon med sure, søte, bitre og salte sausar, samt med ein saus basert den femte grunnsmaken umani. Dommen frå det sensoriske panelet var at studentane lukkast godt med alle sausane, bortsett frå umanivarianten.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE NYHENDE
SISTE KULTURSAKER