Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
  Notiser
  News (in English)
  I gamle dagar
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Slit med rekrutteringa


CHAOS-KAFFI. Ksenia Lavrichenko og Henrik Jorem er godt nøgde med Buddy-ordninga og går gjerne på kafé ilag. FOTO: JARLE H. MOE

 
BUDDY BERGEN
Matchar utanlandske studentar i Bergen med ein norsk student frå ein av studieinstitusjonane i byen.
Programmet tek sikte på å betre integrere utanlandske studentar i det bergenske studentmiljøet, samtidig som det gir ei moglegheit for norske studentar til dømes til å praktisere eit språk eller møte ein annan kultur.
Dei som melder seg opp går med på å treffe buddyen sin ein gong kvar veke dei første seks vekene i semesteret.
Buddy Bergen-programmet starta opp i 2008 og blir dreve av Røde Kors i samarbeid med studieinstitusjonane i Bergen.

Kjelde: Buddy Bergen

STUDVEST FØLGER TEMAET:
UTVEKSLING
Buddy Bergen melder om rekord i oppmeldte internasjonale studentar, men dei norske studentane let vente på seg. - Synd, meinar utvekslingsstudent.

Tekst: OLE JAKOB SKÅTUN

Medan det har vore ny rekord i fadderrekruttering i Bergen har det også vore rekord i talet på internasjonale studentar som ønskjer seg til Bergen. Buddy Bergen merkar auka pågang frå dei internasjonale medan dei norske studentane let vente på seg.

– Det er veldig synd, seier Ksenija Lavrichenko som er utvekslingsstudent frå Russland.

Gjennom Buddy Bergen blei ho kopla saman med Henrik Jorem og sidan har dei vore eit buddy-par. Jorem er einig, og meiner nordmenn her går glipp av ei verdifull erfaring.

– Dette er ein portal til å møte veldig mange interessante folk som du elles aldri ville ha møtt, meinar han.

HAR IKKJE TID

Tidlegare denne veka var det 356 av dei 379 oppmeldte internasjonale studentane som hadde fått ein buddy.

– Mange av dei norske har meldt seg opp for å ha fleire buddyar, så om ein tek omsyn til dette er det berre 319 oppmeldte nordmenn, fortel Denise Fewtrell Flatmark, leiar i Buddy Bergen.

– Eg skulle ønskje fleire nordmenn innsåg at dette er ei bra moglegheit for dei også.

Dei peikar på tidsmangel som ein grunn mange har for å la vere å melde seg opp, men understrekar at det slett ikkje treng å vere tidkrevjande.

– Mange er nok bekymra for at dei ikkje har tid, men det er sjølvsagt opp til kvar enkelt å legge opp ting slik det passar for dei, held nestleiar Heidi Saua fram.

– Vi møtast ikkje så veldig ofte, men når vi først gjer det så prøver vi å finne på noko litt spesielt, fortel Jorem om si buddyerfaring.

Han og Lavrichenko fortel mellom anna om turar på Fløyen, middagslaging eller berre samtale på russisk over ein kopp kaffi. Jorem har sjølv budd i Russland og ser på Buddy Bergen som ein fin måte å halde ved like språkkunnskapane sine.

– IKKJE SKUMMELT

Dei meinar imidlertid at prosjektet kunne vore enno betre marknadsført for dei norske studentane.

– Det er synd, men eg trur mange rett og slett ikkje veit om det, seier Lavrichenko.

– Nordmenn slår meg som veldig nysgjerrige, så eg trur at dersom dei hadde visst om dette så hadde dei vore meir ivrige.

For dei som er redde for at dei ikkje skal kome overeins med partnaren fortel Buddy Bergen-leiaren at ein fint kan bytte dersom det skulle vere noko, men at det sjeldan blir behov for det. Lavrichenko og Jorem meiner det sjølvsagt er spennande å bli kopla opp med ein framand person, men at ein ikkje har noko å uroe seg for.

– Først var eg litt nervøs for å skulle møtast, det er jo litt som ein slags «blind date», fortel Lavrichenko, men held fram at dei har blitt veldig gode vener.

– Kanskje ein er redd for å bli kopla med ein keisam person, men eg trur ikkje keisame folk melder seg opp til noko slikt uansett.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE NYHENDE
SISTE KULTURSAKER