Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
  Notiser
  News (in English)
  I gamle dagar
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

BERRE ÅRSSTUDIUM. Dag Inge Bøe (t.v.) og David Seetiangham er misnøgd med opplegget for bachelorgrad i utviklingsstudiar ved UiB. - I praksis er utviklingsstudiar berre eit årsstudium, og sjølv som det, er kvaliteten tvilsom, seier Seetiangtham. FOTO: ØYVIND S. STOKKE-ZAHL

Hard kritikk mot utviklingsstudiar


 
BACHELORGRAD I UTVIKLINGSSTUDIAR
Dei to første semestera har studentane felles.
Dei har då eitt fag, GLOB 101, som er spesielt for utviklingsstudiar.
I tillegg har dei eitt fag i administrasjons- og organisasjonsvitskap, geografi, samfunnsøkonomi og sosialantropologi.
Etterpå vel studentane mellom 90 studiepoengs spesialisering innanfor eit av fagfelta ovanfor.

Bachelor i utviklingsstudiar er eit lappverk av fag, ifølgje studentar på programmet. - Dei må sjølv sørgja for ein raud tråd, meinar professor.

Tekst: GERD MARGRETE TJELDFLÅT

– Eg føler me har blitt lurt. Det er eit studium som ikkje finst, og kompetanse i utviklingsstudiar finst heller ikkje, hevdar Dag Inge Bøe.

Han har nett gjort seg ferdig med ein bachelorgrad i utviklingsstudiar ved Universitetet i Bergen (UiB), men er ikkje imponert over studieopplegget. Det er heller ikkje medstudent David Seetiangtham.

– Studentane på utviklingsstudiar føler seg som kasteballar mellom ulike institutt, fortel han.

– Utviklingsstudiar forsvinn

Bachelorprogrammet i utviklingsstudiar har to delar. Det første året tek studentane eit kurs som er spesielt for utviklingsstudiar, GLOB 101, samt eit kurs frå kvart av fagfelta administrasjons- og organisasjonvitskap, geografi, samfunnsøkonomi og sosialantropologi. Etter det første året, skal studentane spesialisera seg ved å ta 90 studiepoeng i eit av desse fire fagfelta.

– Faga ein får tilbod om etter det første året har forsvinnande lite eller ingenting med utviklingsrelaterte spørsmål å gjera. Utviklingsstudiar forsvinn, meiner Seetiangtham.

– Bachelorgraden er altså eit lappverk av fag utan nokon raud tråd som går gjennom studieløpet. I praksis er utviklingsstudiar berre eit årsstudium, og sjølv som det, er kvaliteten tvilsom, hevdar han.

Seetiangtham og Bøe presiserer at dei ikkje er dei einaste som har denne oppfatninga av studiet.

– Alle eg har tatt det opp med, synst det same, hevdar Bøe.

Ikkje eige fag

Wenche Iversen har vore seminarleiar for utviklingsfaget GLOB 101 og ulike sosialantropologifag som har inngått i utviklingsstudiar. Ho har både positive og negative erfaringar med dei delane av studieopplegget ho har vore involvert i.

– Vårsemesteret 2009 var eg seminarleiar for to sosialantropologifag på 200-nivå, der nokre utviklingsstudentar var med. Dei vart kasta rett inn i faga, og det fungerte ikkje så bra. Men no har det blitt starta eit fag som er svært relevante for utviklingsstudentar, fortel Iversen.

Ho forstår at studentar synest det er ei utfordring å samhandla med fire ulike institutt, men meiner studentane må ta meir ansvar.

– Eg opplevde at dei som byrja på GLOB 101 var svært ferske. Mange forsto ikkje at dei må ta ansvar for eige studie ved å lesa pensum eller nytta seg av fagutvalet, fortel ho.

Statsvitar Thorvald Gran sit i programstyret for utviklingsstudiar. Han forstår at studentane kan bli frustrerte over studieopplegget, men forklarar at det aldri var tanken at studieopplegget skulle ha nokon klar raud tråd.

– Fagfolk på dei fire institutta som er saman om utviklingsstudiar meiner at utviklingsstudiar ikkje er ein eigen fagdisiplin. Me vil markera at det er eit ope tema, forklarar han.

– Studentane sitt ansvar

Han fortel at meininga med at bachelorgraden har så mykje som 90 studiepoeng spesialisering i eit eige fagfelt, er at utviklingstemaet skal sjåast i lys av desse. Han forstår ikkje at studentane opplever at utviklingsaspektet er utelukka frå desse.

– Eg synest det er merkeleg om det er sånn, seier han, og hevdar at studentane sjølve må sørgja for å ta med seg utviklingsrelaterte problemstillingar inn i fagmiljøa.

– Det blir studentane sitt ansvar å etablera ein skilnad, og bruka utviklingstema i bacheloroppgåva si, seier han.

– Ikkje feil reklame

Studentane Bøe og Seetiangtham er ikkje nøgd med måten UiB presenterer tilbodet om utviklingsstudiar på.

– Det er vanskeleg å seia at universitetet lurer nokon, for dei informerer om at utviklingsstudiar i realiteten berre er eit årsstudium. Men det er ikkje lett for nye studentar å orientera seg om det, meiner Seetiangtham.

Thorvald Gran i programstyret vil ikkje gå med på at det å reklamera for ein bachelor i utviklingsstudiar med dagens ordning er feil.

– Tvert imot. Tverrfaglegheit er så viktig, understrekar han.

– Me stiller krav til at studentane finn vegen på eiga hand, og dei må ikkje forventa at denne blir lagt i hendene på dei frå læraren, seier han.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE NYHENDE
SISTE KULTURSAKER