Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
  Notiser
  News (in English)
  I gamle dagar
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Medisinstudentar aksjonerer for sjukepleiarutdanning


VARIERT PROGRAM. Ingrid Ormåsen og Idun Bærug håpar at eit variert program som inkluderer både veledigheitsfest og bamsesjukehus, i tillegg til bøssebæring, vil skape ei positiv atmosfære rundt aksjonen. FOTO: IDA E. H. KJØRHOLT

 
MEDHUM
Er medisinstudentane sin humanitæraksjon.
Årets aksjon er den 11. i rekka.
Går til Kirkens Nødhjelp si sjukepleiarutdanning i Malawi.
Er eit samarbeid mellom dei fire medisinske fakulteta i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø.


Kjelde: www.medhum.no

STUDVEST FØLGER TEMAET:
MEDISIN
17. september startar den vekeslange aksjonen. Pengane vil gå til inntekt for Kirkens Nødhjelp sitt program i Malawi.

Tekst: VILDE GRIMELID OPPEDAL

– Dette prosjektet er spesielt relevant for oss sidan det handlar om helseutdanning, seier Ingrid Ormåsen, PR-ansvarleg i MedHum Bergen.

Ho forklarer at dei fekk inn fleire søknader frå organisasjonar som ønska å bli representert, men Kirkens Nødhjelp sin søknad var den beste.

Jan Egeland, leiar for Norsk Utenrikspolitisk Institutt, meiner òg at medisinstudentane har valt eit strålande prosjekt, og har sagt ja til å vere den høge beskyttar for aksjonen i år.

– Eg blei glad over å bli spurt om å hjelpe medisinstudentane sin aksjon. Det er prisverdig at studentane engasjerer seg i ei verd med store, uløyste sosiale behov, seier Egeland.

– STORT BEHOV

Malawi slit med stor mangel på sjukepleiarar og «hjerneflukt» til andre land blant dei som tek utdanning. Prosjektet, i regi av Kirkens Nødhjelp, skal jobbe for å betre denne situasjonen.

– Vi har allereie nådd målet om å doble talet på sjukepleiarar, men med dette bidraget kan vi gå frå å utdanne 700 sjukepleiarar og jordmødre per år til 1500, og auke kvaliteten på utdanninga, seier Haldis Kårstad, programkoordinator for Kirkens Nødhjelp.

Ho legg til at dei vil legge vekt på å modernisere utdanninga ved å byggje laboratorier med datamaskiner og kunne tilby Internett til studentane.

Egeland meiner dette er eit godt prosjekt og at hjelpebehovet er svimlande.

– Malawi har vore ramma av naturkatastrofar, AIDS-epidemi, voldsomme flyktningestraumar frå nabolanda og ekstrem fattigdom heilt sidan kolonitida, men er no eit stabilt land kor det nyttar å hjelpe, seier han.

STØRRE ENGASJEMENT

Idun Bærug, PR-ansvarleg i MedHum, håpar dei greier nettopp det. Målet er å skape eit endå større engasjement enn tidlegare år. Dette trur ho at dei skal klare, fordi dei har lagt vekt på både god informasjon og eit godt program.

– Det er så mykje forskjelleg ein kan engasjere seg i no, så det er viktig med nok kunnskap om temaet, slik at ein kan finne «sitt» prosjekt, seier Bærug.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE NYHENDE
SISTE KULTURSAKER