Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
  Notiser
  News (in English)
  I gamle dagar
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

– Deltidsjobbar vert sjeldan utlyst


 

PÅ HUGGET. Rønnaug Tveit, dagleg leiar for Karrieresenteret, oppmodar studentar som ynskjer deltidsjobb om å kome igang med det no. Her saman med kollega Eivind Olsvik. FOTO: ÅSE HOLTE
MER OM DENNE SAKEN:
Jusstudent og lagerarbeidar
TIPS TIL ARBEIDSSØKJARAR:
Ver aktiv sjølv. Forhøyr deg på aktuelle arbeidsplassar, og lever CV.
Men: Spør om å få snakka med sjefen, og lever CV til han, ikkje kven om helst.
Bruk nettverket ditt.
Sei til alle du kjenner at du vil ha deltidsjobb.
Tenk over kor mykje du kan jobba. Ikkje ta for mykje på deg, særleg ikkje til å begynna med.
Skriv ein god søknad der du byr på deg sjølv.
Når du søkjer: Vis at du er arbeidsvillig, innsatsvillig, god på samarbeid og initiativrik. Få også fram at du er til å stola på.
Når du har fått jobben: Gjer meir enn forventa.

Kjelder: NAV og Karrieresenteret

STUDVEST FØLGER TEMAET:
JOBB
Er du ein av mange studentar på jakt etter deltidsjobb? - Ver aktiv, er rådet frå ekspertane.

Tekst: GERD MARGRETE TJELDFLÅT

Kvart år kjem fleire tusen nye studentar til Bergen, og dei aller fleste må spe på studielånet med inntekta frå ein deltidsjobb. Rønnaug Tveit, dagleg leiar for Karrieresenteret, stadfestar at mange søkjer om deltidsjobb for tida.

– Men det er også mange som er ferdige med studiane og sluttar i deltidsjobben sin. Det blir difor alltid eit hol i marknaden om hausten. Det vil nok likevel lønna seg å ikkje venta for lenge med å skaffa ein jobb no, seier ho.

– Samstundes har eg framleis til gode å høyra om studentar som ikkje får seg deltidsjobb, føyer ho til.

– BRUK NETTVERK

Bjarte Hysing-Olsen, leiar av NAV jobbservice i Hordaland, fortel at arbeidsløysa for tida er låg, og at arbeidsmarknaden såleis er god. Men det er vanskeleg å seia kor mange ledige deltidsstillingar det finst.

– Få lyser ut stillingar, særleg deltidsjobbar, fortel han.

I staden vert stillingar annonsert på arbeidsplassen, eller gitt til folk som har levert CV der tidlegare. Han er difor oppteken av at arbeidssøkjarar må vera aktive sjølv.

– Dersom du har komme med ein førespurnad til ei bedrift som treng nye folk, vil dei spara mykje pengar på å sleppa å lysa ut stillinga. Mange bedrifter er òg kontinuerleg på jakt etter folk, fortel Hysing-Olsen, og understrekar at det å skaffa seg, og bruka nettverk, difor er svært viktig.

Få RELEVANTE JOBBAR

Den openbare grunnen til at studentar vil skaffa seg deltidsjobb, er økonomi. Men Tveit opplever også at mange studentar er opptekne av å få ein jobb som er relevant i forhold til utdanninga dei tek. Det kan vera vanskeleg, men likevel finst det ofte litt meir perifert relevante jobbar.

– Dersom du vil inn i forlagsbransjen, er ein jobb i bokhandel meir relevant enn jobb i helsesektoren. Elles kan ein få jobb innanfor ei relevant bedrift, med mindre relevante arbeidsoppgåver. Til dømes på eit kundesenter hos ei bedrift du seinare vil inn i, seier ho.

Hysing-Olsen trur dette kan fungera i somme tilfelle, men at det vil variera. Stikkordet er igjen nettverk.

– Om ein søkjar har vore inne i ei bedrift tidlegare, har ein ei dør inn, understrekar han.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE NYHENDE
SISTE KULTURSAKER