Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
  Notiser
  News (in English)
  I gamle dagar
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Nedgang i talet på nye studieplassar


VIKTIG FOR HIB. – 175 nye plassar betyr mykje for HiB fordi ein får fullfinasiert fleire studieplassar, seier Øystein Fimland. FOTO: MARIA BJØRNSEN BOKNEBERG

Universitetet og Høgskolen i Bergen har fått tildelt færre nye studieplassar enn i fjor. Høgskolen er fornøgd, det er ikkje Universitetet.

Tekst: INGER MARIE LIEN

Ved revidert statsbudsjett i 2009 fekk Universitetet i Bergen (UiB) tildelt 225 nye studieplassar. I år er talet berre 80.

– Dette er ikkje nok med tanke på yngrebølga som ventar oss, seier rektor ved UiB, Sigmund Grønmo, og legg til at UiB fint hadde klart å ta i mot fleire plassar.

– HØGSKOLEN BLIR SETT

Høgskolen i Bergen (HiB) har fått tildelt 175 studieplassar og Øystein Fimland, leiar for Studentparlamentet ved HiB, meiner at dette er flott.

– Tildelinga viser at Kunnskapsdepartementet ser at det HiB gjer er viktig, seier Fimland.

For Fimland er plassmangelen ved skulen eit problem, men samstundes vil han trekkje fram at dei nye plassane betyr at fleire allereie eksisterande studieplassar no blir fullfinasierte.

JAMNT FORDELT

Grønmo ser òg det positive med resultatet sidan ein kunne risikert at talet var endå lågare, men òg fordi økonomien til UiB ikkje blir svekka av få nye plassar.

– Dei utgiftene vi bruker på studentane er same summen vi tener inn på dei, så økonomien går opp i opp slik sett, seier han.

Dei nye plassane vil bli fordelt mellom masterstudiuet i rettsvitenskap som får 30 nye, og helsefag som får 25 nye. Dei siste 25 får UiB sjølv fordele.

– Vi har betre plass nokre stader enn andre, og dette vil påverke korleis vi deler dei 25 frie plassane, seier Grønmo.

Eli Bergsvik, rektor ved HiB, er glad for plassane dei har fått.

– Nokre av plassane er merka for masterprogram, og det er veldig vesentleg for oss å få slike plassar. I tillegg er nokre av plassane merka for blant anna lærar og ingeniør, medan nokre er frie som vi kan disponere sjølv, seier Bergsvik som ikkje er bekymra for plassmangel.

– Det blir ei utfordring å finne rom, men det skal gå fint, seier ho.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE NYHENDE
SISTE KULTURSAKER