Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
  Notiser
  News (in English)
  I gamle dagar
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

«Min kamp» blir din kamp


VIKTIG EMNE.– Ingen forfattar har fått meir merksemd sidan Hamsun, seier Knausgård-student Synne Hartveit. FOTO: LINN HELMICH PEDERSEN

 
NOLI252
n Emnet er ein valfri del av bachelorgrad med spesialisering i nordisk som skal gje ei grundig innføring i eit avgrensa temaområde innan nordisk litteraturforsking.
n Kva fagområde emnet dekkjer, varierer frå gong til gong.
n Ein har tidlegare teke føre seg både Johan S. Welhaven, Henrik Wergeland og Hanne Ørstavik.

Nesten to tiår etter at han avslutta studia er Karl Ove Knausgård tilbake ved UiB. Denne gongen er det han sjølv som vert studert.

Tekst: INGRID EIDSHEIM DAAE

– Ein god idé, dette faget trur eg eg ville teke sjølv, om eg studerte i Bergen, seier forfattar Jan Kjærstad. Han har sjølv vore aktiv i debatten om Knausgård-bøkene, og stilt seg kritisk til den nokså einsidig positive mottakinga frå anmeldarane.

Sidan første del av det autobiografiske seksbindsverket «Min kamp» kom for eit år sidan, har forfattar Karl Ove Knausgård fått mykje merksemd. Serien vart godt motteken av både anmeldarar og lesarar, men har vorte kritisert for å vera navleskodande og for å tilføra litteraturen lite nytt. Denne hausten er forfattarskapen hans, og særleg «Min kamp»-bøkene, tema for NOLI252, eit fordjupingsemne på 15 studiepoeng i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen.

VIL GÅ DJUPARE

– Kurset handlar ikkje om den estetiske kvaliteten på «Min Kamp»-bøkene. Tekstane er viktige fordi mange folk les dei, seier professor Eivind Tjønneland, som er førelesar i faget.

Han er òg forfattar av den polemiske pamfletten «Knausgårdkoden», men strekar under at kurset har ein annan innfallsvinkel. Han freistar å forstå den enorme suksessen bøkene har hatt, og vil gå djupare enn den jamne avisanmeldar.

– Innan nordisk litteraturvitskap analyserer me mange typar tekstar med dei verktya me har, og her er det ikkje kvaliteten som er interessant, men heller å finna ut kva grep Knausgård nyttar for å halda på lesaren.

Jørgen Sejerstad, programkoordinator for faget ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar, er samd.

– Mottakinga bøkene har fått seier noko om samfunnet, og det er dette som gjer dei interessante, seier han.

– PARADISE HOTEL I BOKFORM

Marte Rastad og Synne Hartveit er to av dei elleve studentane som tek faget. Deira inntrykk så langt er positivt.

– Det er bra at suksessen til Knausgård vert teken på alvor, enten det han produserer er bra eller dårleg, seier Rastad.

Hartveit meiner absolutt emnet er verd å studera.

– Ikkje fordi bøkene er så gode, men på grunn av fenomenet som har oppstått, seier Hartveit.

– Dette vert på ein måte Paradise Hotel i bokform, ettersom det er så sjølvutleverande, held ho fram.

Dei to studentane er samde om at faget så langt har vore spanande.

– Tjønneland er ein dyktig førelesar som gjev oss ei nyansert framstilling av temaet, og me forstår at dette ikkje er noko heilt nytt, når me ser det i lys av anna litteratur, seier Rastad.

Jan Kjærstad meiner studentane er heldige.

– Ein treng førelesarar som tenkjer annleis og tek originale val, seier han.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE NYHENDE
SISTE KULTURSAKER