Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
  Notiser
  News (in English)
  I gamle dagar
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Jaktar på visjonære studentar


GIRA. Programsjef i NHH-Symposiet, Willian Graham og leiar for NHH-Symposiet, Harald Martens Holm har store forventningar til studentrådet sine konklusjonar om Noreg i 2020. FOTO: ØYVIND S. STOKKE-ZAHL

 
MER OM DENNE SAKEN:
Fem om framtida
NHH-SYMPOSIET
er Nord-Europa sin største studentdrevne konferanse for arbeidslivet.

Vert arrangerert annakvart år av ein gjeng frivillig arbeidande NHH-studentar.

Den neste konferansen er i mars 2011, og kjem til handle om korleis vi skal løyse framtida sine utfordringar med dagens ressursar.

NHH-Symposiet skal samle ti studentar for å diskutere Noreg si framtid. – Dei har betre føresetnader til å tenkje nytt enn etablerte næringslivsleiarar, seier Sigmund Grønmo.

Tekst: MARI-LOUISE ULDBÆK STEPHAN

– Ideen bak studentrådet kom då Trond Giske lanserte 2020-gruppa si beståande av unge leiarar innan norsk næringsliv, seier Harald Martens Holm, leiar for NHH-Symposiet.

– Vi synest det var spennande, men det mangla ei viktig stemme, nemleg studentane, seier han.

For å få fram denne stemma er NHH-Symposiet no i gang med å etablere eit studentråd beståande av ti studentar med ulik bakgrunn og frå ulike studieretningar. Desse skal diskutere kva utfordringar Noreg kjem til å møte i framtida. Studentrådet skal vidare jobbe med korleis næringslivet best skal tilpasse seg for å utnytte desse moglegheitene.

– Kva er den største skilnaden mellom studentrådet og Giske sitt 2020-råd?

– Vi trur at denne gruppa kjem til å tenkje annleis. Både fordi studentar tør å tenkje nytt, og fordi dei ikkje er bunde av stillingar i næringslivet.

Holm legg vekt på at dei er ute etter studentar frå heile Noreg og alle moglege studieretningar.

– Vi går ikkje berre etter supertalenta, men dei som er interessert i vere med på dette. Målet er å finne motiverte og engasjerte personar, seier han.

Positive rektorar

Både rektor ved Norges Handelshøyskole (NHH) og rektor ved Universitetet i Bergen (UiB) synest studentrådet er eit spennande initiativ.

– Det blir interessant å sjå kva ei slik breitt samansett gruppe av studentar vil ha å seie om utfordringar i framtida, seier Jan I. Haaland, rektor ved NHH.

Han trur det er viktig at fleire grupper, gjerne med ulik bakgrunn og ulike erfaringar, tenkjer systematisk gjennom kva slags utfordringar vi står overfor og korleis ein kan møte desse.

Sigmund Grønmo, rektor ved UiB, rosar initiativet.

– Eg trur at studentane har betre føresetnader til å tenkje nytt enn etablerte næringslivsleiarar, seier Grønmo.

Store forventningar

Planlegginga av studentrådet byrja i mars. Då møtte NHH-studentane over 100 personar frå næringslivet, politikken, akademia og det offentlege.

– Vi føler at vi har eit godt grunnlag for å trekkje ut problemstillingar. Vi kjem til å bruke dei neste tre vekene til å finne gode problemstillingar som studentane skal diskutere, seier leiaren av NHH-Symposiet.

Holm innrømmer at det er ei utfordring å unngå at diskusjonen berre blir store ord, men påpeikar at dei skal sørgje for at problemstillingane blir så konkrete som mogleg.

– Er prosjektet for ambisiøst?

– Det har jo aldri blitt gjort før, men vi har veldig store forventningar. Det er litt trist om det ikkje hadde gått an, for det er viktig at studentane blir høyrt, seier Symposiet-leiaren.

– Vi må heller vurdere i etterkant korleis det gjekk og om vi var for ambisiøse, seier han.

Eldrebølgje og yngrebølgje

Den som søkjer om å få vere med i studentrådet må skrive eit essay på maksimalt 500 ord og svare på følgjande spørsmål: «Kva synest du er den største utfordringa Norge står ovanfor i 2020, og kvifor?»

Jan I. Haaland har sine tankar om kva han ville fokusert på i eit slikt essay.

– Eg skal ikkje seie kva denne og andre grupper bør fokusere på, men det er åpenbart fleire store utfordringar som må møtast i den komande 10-årsperioden, seier han.

– Vi har store omstillingsbehov i næringslivet. Vi har utfordringar i velferdsstaten, og vi står overfor både ei eldrebølgje og ei yngrebølgje.

Haaland er særleg opptatt av det siste.

– Vi veit at ungdomskulla aukar og at behovet for høgare utdanning vil vekse betydelig dei næraste åra. Dette gjev oss unike moglegheiter til å sikre høgt utdanna arbeidskraft for framtida, men det krev at vi som nasjon satsar på høgare utdanning, og sikrar at universiteta og høgskolane har kapasitet til å ta imot den auka søkinga utan at det går på bekostning av kvaliteten i utdanningane, seier han.

Også Sigmund Grønmo har tankar om Noreg sine utfordringar i åra som kjem.

– For det første må Noreg bidra til å møte dei store globale utfordringane som helse, miljø og fattigdom. For det andre må vi utvikle kunnskap og kompetanse for kunnskapssamfunnet etter oljealderen. Begge utfordringane forutsetter at det blir satsa mykje sterkare på forsking og utdanning i åra som kjem, seier han.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE NYHENDE
SISTE KULTURSAKER