Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Reportasje.

Bill.mrk: Hus for pus


 

KATTEPASSAREN: – Eigentleg er eg eit hundemenneske, men her til lands har hundane det bra. Kattane er meir overlatt til seg sjølve, seier David Pooley. FOTO: ÅSE HOLTE

NYTT BEITE: Årleg skaffar Dyrebeskyttelsen Bergen ein ny heim til 350 kattar i året. Her er tidlegare kattefostermor Sally Dickersen vitne til at ein ny katteeigar tek med seg sitt vesle nøste heim. FOTO: ÅSE HOLTE

HJARTEKNUSAR: "Min Kats Strygen mod min Kind udglatter alle Hjertesaar" (Henrik Wergeland). Ein skal i alle fall ha eit hjarte av stein om ein ikkje let seg sjarmere av desse store augo. FOTO: ÅSE HOLTE

FRIVILLIG: Susanne Roti Svartangen (24) vurderer å verte fôrvert ved ein av dei mange matstasjonane for villkattar i byen. Hennar eigen katt gjekk vekk for eit halvt år sidan. FOTO: ÅSE HOLTE
I plastikkpose. På motorvegen. Dumpa på bossfyllinga. Når pus vert ei byrde, kan han risikere å hamne på gata for å døy.

Tekst: JANNE G. SØRGULEN

Vi er fem små kattungar på berre tre veker som er fødd ute. Mamma er ein «villkatt» og bur ved eit bossgjenvinningsanlegg saman med andre villkattar. Ein arbeidsmann oppdaga oss like før eit nytt lass med boss skulle dumpast rett oppå oss. Arbeidsmannen ringte til Dyrebeskyttelsen Bergen og vi vart henta av ein snill mann i ein stor, raud bil med kvite potar på.

Som studentar, manglar mange kattar tak over hovudet. Eigaren har ikkje tatt seg råd til sterilisering eller kastrering. Kullet vart for stort. Ingen ville passe katten. Ungane vart lei. Ansvaret med kos, omsorg og mating vart for mykje. Resultatet: Nok ein heimlaus katt.

Saman med organisasjonar som Katteformidlingen i Vest, Kattens Vern og Hus for pus, omplasserer Dyrebeskyttelsen Bergen truleg rundt tusen kattar årleg. Sistnemnde omplasserer åleine 350 kattar kvart år.

– No har vi 41 kattar, men det hender vi har oppimot 60, forklarar David Pooley ved Dyrebeskyttelsen Bergen, og held fram:

– Vi opererer med ventelister. Folk ringjer inn meldingar kvar dag. Vi må rett og slett prioritere dei mest kritiske tilfella. I mellomtida må nokre av kattane bu i fosterheim.

Forteljingane til dei heimlause kattane er langt i frå rosenraude. Vi vert fortald om kattekullet som vart plassert på Sotrabrua. Om kattemora som vart skoten. Om pusen som vart trumfa ned i ein samanknytt plastikkpose. Ein av eigarane har Dyrebeskyttelsen Bergen henta kattar frå fleire gongar.

– Mannen er alkoholikar. Når han er edru kosar han med dei. Når han drikk, slår han dei. Han er frådømd å ha katt på livstid – men får stadig nye ved å svare på annonsar i avisa. I heimen hans låg kattane strødd, fortel Pooley.

Dyrebeskyttelsen Bergen får ikkje noko fast stønad til å drive organisasjonen. Berre to av rundt førti har betalte stillingar. Alt arbeid er basert på frivillige krefter.

– Politikarane veit det hadde vore ein forferdeleg situasjon om vi hadde slutta på dagen. Men dei veit at vi ikkje kjem til å gjere det. At dei utnyttar dette irriterer meg, forklarar han.

– Det statlege dyrevernet tek seg berre av dyr med eigarar. Kjem dei over eigarlause dyr, vert dei avlidne. I dyrevernet får dei tilsette betalt, men eg trur ikkje dei jobbar ut i frå hjartet.

Det er mange snille damer her som steller oss, men tidvis snakkar dei med kvarandre samstundes som dei ser uroleg i vår retning. Dei lurar på om vi kjem til å klare oss sidan vi er så små. Dag to på senteret kjem det to nye pusejenter. Dei bur i buret attmed, og vi høyrer at dei òg saknar mor si når dei pip sårt.

Med blå plastikk rundt føtene for å hindre smitte frå utsida, får utanforståande oppleve innsida. Kvar dør har ei lita spritflaske festa til seg. Hendene skal vere reine før fingrar får nærkontakt med pels og mjuke potar. «Kattehotellet» har gjestar som labbar rundt i gangen, på dei ni romma eller på eit område avgrensa med gitter. Alt etter korleis dei ter seg og kor lenge dei har vore der.

– Når dei kjem inn får dei ein helsesjekk, vert sterilisert, vaksinert og merka av ein dyrlege. Etter to dagar i bur, slepp vi dei ut på golvet. Etter kvart får dei større område å boltre seg på, forklarar Pooley.

– Eigentleg er eg eit hundemenneske, men her til lands har hundane det bra. Kattane er meir overlatt til seg sjølve, seier han.

Truleg har du aldri lagt merke til dei, men spreidd i sentrum er det 25-30 matstasjonar for villkattar. Utekattprosjektet har sidan 1996 vore løysinga for firbeinte som av ymse grunnar er for ville til å vere i hus.

Blant høge bygningar nær Konsertpaleet, og i eit smau nær Marken, finn vi to av basane.

– Eine morgonen fann eg ei rotte attmed motorsykkelen min. Kattane sørgjer for å halde byen rein, konstaterer ein fornøgd nabo i Marken og peikar oss i retning av tre hus, tett i tett.

Matstasjonane har eit fôringshus, samt eit sovehus for kvar katt. Alle husa er isolerte og utstyrt med eit varmeteppe på golvet.

– I starten hadde vi rundt 38 stasjonar, men etterkvart som kattane døyr eller det ikkje lenger er behov for husa, tek vi dei innatt. Vi merkar at problemet med villkattar har vorte redusert, seier Pooley.

Mange dagar går og vi et og drikk godt. Damene som steller oss er veldig snille og vi får lov til å liggje og sove i halsgropa deira. Vi får masse kos og dei sussar oss når vi dett overende.

Inn med tomt bur. Ut med kjæledyr. I prinsippet enkelt, men alle slepp ikkje gjennom nålauget. Er du student, bur i åttande etasje og vurderer eit utvekslingsår, vil andre stå høgare i kurs enn deg. Men der finst likevel eit alternativ.

Leikne kattungar treng kos og aktivitet. For likesinna dyrevennar er døra hjå Dyrebeskyttelsen Bergen open.

Spesielt jusstudentane tek turen nedom når dei les om kveldane. Dei kan sitte i timesvis og klappe kattane, medan dei les pensum. Dei fortel at dei då slappar betre av og lærer meir, seier David.

Vi treff på Susanne Roti Svartangen (24) på eit av katteromma. Dette er andre gong ho vitjar senteret i Jekteviken.

– Eg var innom her før sommaren, fordi eg vurderer å verte fôrvert ved ein av matstasjonane, fortel ho.

– Sidan eg var fem år har eg hatt katt. I fjor døydde den, men ettersom eg bur i kollektiv og har planar om å reise på utveksling om eit halvt år har det ikkje vore eit alternativ å få ny katt.

Ho set seg ned på huk og lokkar til seg ein mørkhåra katt.

– No som eg veit om tilbodet, kan det hende eg tek med meg bøkene for å lese her, avsluttar ho.

Heime hjå Pooley, som i over sju år har jobba for Dyrebeskyttelsen Bergen, skulle ein tru det var reine dyrehagen. Innanfor veggane er det likevel berre katten Hennesey som tassar rundt.

– Katten har diabetes og må ha sprøyte morgon og kveld – det er ikkje så mange andre som vil ha han, seier han, med brillene hengande under halsen.

– Ein som i utgangspunktet var villeg til å ta til seg katten, let seg stogge av sprøyteskrekk. Eg har vurdert å henge opp lappar på Haukeland om at Hennesey treng ein heim. Sjukepleiarar kunne kanskje vere interesserte?

Vekene har gått og vi veks oss store. Det har til og med vore menneske her og sett på oss. Vi er alle reserverte og kjem til å flytte i ny heim snart. Men først skal vi vere med kattemor Aileen ei stund til. Ho har gjort saknet etter mamma litt mindre, men vi tenkjer jamvel på vår eiga mor og lurer på korleis ho har det. Helsing Silver og søstrene mine Jade, Perle og Gullet. Pluss Inex og Tulip.

Sitat

Spesielt jusstudentane tek turen nedom når dei les om kveldane. Dei kan sitte i timesvis og klappe kattane, medan dei les pensum.

David Pooley, Dyrebeskyttelsen Bergen

Folk ringjer inn meldingar kvar dag. Vi må rett og slett prioritere dei mest kritiske tilfella.

David Pooley, Dyrebeskyttelsen Bergen



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE FRA APARTE
SISTE FRA MIDTEN