Som med oss nordmenn er det også med fuglane: Nokre flyktar til varmare strøk når den verste vinterkulda sett inn, medan andre trossar snø og frost. Trekkfuglane kan fly så langt som til Sør-Afrika i sin søken etter varme. Dei heimekjære tøffingane som ein på fagspråket kallar standfuglar, må derimot spre vingene minst mogleg for å spare på energien.
VEGGIS-DIETT
Medan gjøk, sisik, trost og stær boltrar seg i gastronomiske opplevingar i eksotiske omgjevnader, må nemleg standfuglane skifta frå insektføde til vegetardiett i vinterhalvåret. Ei så drastisk endring i kosten får Fedon-dietten til å sjå ut som uhemma fråtsing i forhold. Dei standhaftige standfuglane balanserar alltid på kanten av dauden, og går i dvale når dei kvilar seg for å senka kroppstemperaturen – og forbrenninga.
VåR I SIKTE
Ringdue, kråke og skjære er nokre av dei som ikkje let seg skremme av værhardt vinterklima på sørvestlandet. Dei er veldig tilpasningsdyktige og endevender søppelbøtter i kampen for tilveret. Kebabrestene du kastar ifrå deg på veg heim frå byen, kan metta mange takksame fuglemagar.
Men våren nærmar seg med stormskritt, og snart må dei hardbarka dela maten og lufta med heimkomne trekkfuglar som med gylne sangstruper lokkar fram sola og spirande påskeliljer. Løft på blikket og spiss øyrene når du går gjennom Nygårdsparken, langs Store Lundgårdsvatn eller opp mot Fløyen. Både sanglerka og vipa lengtar tidleg heim, og er tilbake i norske tretoppar allereie i mars.
Interessert i vårteikn? sjå www.varsjekken.no! Her kan du bidra til å dokumentera korleis våren utfaldar seg i vårt langstrakte land.
Kjelder: Friluftsetaten og Nettverk for miljølære v/UIB.
Debattregler
-
Personhets har ingen plass i debattene våre.
Ikke trolling
eller injurier
heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
-
Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
-
Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.
MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender
'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.