Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Tre døgn med Rafto


 

ENGASJERT. Leiaren av studentgruppa i Raftostiftinga Jannicke Lervik (29). På biletet til venstre førebur ho seg med Jannicke Wenn. Til høgre overrekker styreformann Arne Liljedahl Lynngård årets raftopris til Ludija Jusupova. FOTO: ERLEND RØSJØ

STUDENTAR ARRANGERER. Prismottakar Ludija Jusupova flankert av Carina Ekornes (til venstre) og Jannicke Weum frå studentgruppa. FOTO: ERLEND RØSJØ
MER OM DENNE SAKEN:
Med terror som nabo
RAFTO-PRISEN
Rafto-prisen, eller «Professor Torolf Raftos minnepris for menneskets rettigheter» blir delt ut kvar november til nokon som har utmerka seg for arbeide med menneskerettar

Prisen er på 50.000 kroner og har blitt delt ut sidan 1987

Fire tidlegare mottakarar av Rafto-prisen har seinare fått Nobels Fredspris, mellom anna Aung San Suu Kyi og José Ramos Horta

Alt arbeide i stiftinga er frivillig

For meir informasjon, sjå www.rafto.no.

Når ein stor pris skal delast ut, ligg det månader med førebuing bak. Når Rafto-prisen skal delast ut, er det studentar som står bak det meste. Studvest fulgte dei i førebuingane.

Tekst: HANS MARTIN JOHANNESSEN

Klokka er litt over åtte, ein mørk haustkveld i Bergen. Ei mørkhåra og slank dame kjem inn døra til Scandic Bergen City Hotell. Smilande, med favna full av blomer. Nokre norske studentar kjem like bak. Ludija Jusupova er komen til Bergen.

STUDENTAR ARRANGERER

Det er dagane før Rafto-prisen skal delast ut. Studentgruppa i Raftostiftinga arrangerer det meste, og midt i alt stresset er Jannicke Lervik (29), masterstudent i sammanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, og leiar av studentgruppa. Det er studentgruppa som står for det meste av det praktiske under markeringa.

– Litt stress er det, seier Jannicke.

– Men det går fint.

No er det fredag morgon, og like før seminaret om Tsjetsjenia, ein opptakt til prisutdelinga søndag. Kvart år arrangerer stiftinga eit symposium rundt konflikten. Jannicke og to andre frå studentgruppa står bak registeringsskranken. Seminaret er ein stor og viktig del av programmet. Jannicke smiler, ho har full kontroll. Så langt er alt i boks.

Morten Jentoft, forfattar og tidlegare Moskva-korrespondent i NRK, er ordstyrar, og Åsne Seierstad er ein av deltakarane. Dette er noko av det største i helga, og er ein stor happening, særs for studentgruppa som har jobba lenge for å arrangere seminaret. Gjennom innlegg frå ekspertar ved mellom anna Fredsforskingsinstituttet og Flyktningerådet, samt frå Jusupova sjølv, er det viktige tema ved Tsjetsjenia-konflikten som vert teke opp.

Seminaret går fint, og Jannicke og dei andre i studentgruppa kan puste letta ut.

FREMMER FRED GJENNOM UTDANNING

Etter ein laurdag med diverse omsyningar og offisiell middag, kjem den store dagen. Jannicke kjem seinare til Rafto-huset enn vanleg, ho har førebua seg til appellen ho skal halde på kvelden. Dette er dagen då det meste hender.

Ei prisutdeling involverer mange gjestar. Nokre av desse er elevar frå Red Cross United World College (UWC)-skulen i Fjaler i Sogn, den noko spesielle vidaregåande skulen med elevar frå 87 land. Forutan samarbeid med Raudekrossen, har dei oppretta ei gruppe på skulen som arbeider med og fordjuper seg i menneskerettar, og har vorte invitert til prisutdelinga av studentgruppa i Rafto-stiftinga. Dei 20 elevane frå 14 land skal ha eit seminar om menneskerettar, deretter spørsmålsrunde med Lidija Jusupova. Elevane i gruppa frå UWC har til vanleg møte på skulen ein gong i veka, og nominerte sågar to ikkje-statlege organisasjonar frå Jamaica og Argentina til årets Rafto-pris.

– Mottoet til skulen vår er ”å fremje fred gjennom utdanning”, og det er òg noko Rafto-stiftinga står for, seier Mario Villalba (19) frå Paraguay og Maria Lisiakova (18) frå Slovakia.

– Kvar elev i gruppa finn ut noko om ikkje-statlege organisasjonar i sitt eige land som arbeider med menneskerettar, og me arbeider med desse organisasjonane, avsluttar dei to ivrige elevane.

– ALLE BØR ENGASJERE SEG

Men kvifor er det så viktig å kjempe for menneskerettar, kvifor skal me bry oss?

– Alle burde engasjere seg i noko, seier Jannicke, leiaren av studentgruppa.

– Spesielt for studentar gjer det å vere med på noko som dette ei større forståing av den verkelege verda. Dette er ein sjanse til å utrette noko, og ein får verkeleg noko igjen.

For Jannicke byrja ikkje engasjementet i Rafto-stiftinga, men det det var dit det bar etter kvart. Rafto tiltrakk fordi stiftinga når ut, meiner ho.

– Her får me arbeide med konkrete oppgåver og føler at arbeidet når ut til dei fleste. Slikt arbeid er noko eg veldig gjerne kan tenkje meg å jobbe med når eg er ferdig med mastaren, seier Jannicke.

Prosessen med Rafto-prisen tek nesten et heilt år, men det er fyrst på hausten det vert hektisk for studentgruppa med opptak til gruppa og planlegging av prisutdeling.

– IKKJE BERRE PRISUTDELING

Stiftinga har stands på NHH og Universitetet, og det er der dei fleste studentane kjem frå. Då Torolf Rafto var professor ved NHH, var det her studentgruppa oppstod. På desse standane melder studentar sin interesse, og er det mange, går dei gjennom ein liten intervju-prosess.

– Det er viktig å ikkje ha for mange i gruppa, seier Jannicke. I år har ho hatt med seg 11 andre.

Men også etter prisutdelinga venter meir arbeide for studentane.

– Me gjer ut ei bok basert på innlegga under seminara, pluss at andre forfattarar vert invitert til å bidra, seier Gunta Venge (26), til vanleg admnistrasjon og organisasjonsviteskap- student ved Universitetet i Bergen.

– Dessutan er det ulike støttegrupper. Me prøver å opprette støttegrupper kvart år, men det er ikkje alle som er aktive lengre. Dei mest aktive er Burma-gruppa (Aung San Suu Kyi fekk prisen i 1990, journ. anm.), Vest-Sahara-gruppa (etter Sidi Mohammed Daddach fekk prisen i 2002) og støttegruppa for kurdarane (Leyla Zana fekk prisen i 1994), seier ho.

– YNSKJER AUKA PRESS PÅ PUTIN

Men no er det ikkje etterarbeidet som står i fokus. For elevane frå UWC vankar det etter deira workshop, ein samtale med Jusupova.

– Kjem du til å vere i større fare heime etter å ha mottatt denne prisen? er det ein av elevane som spør.

– Eg håper denne prisen vil auke folks merksemd i Russland, i Europa og resten av verda. Og med meir publisitet håper eg at det vil vere mindre sjanse for at me vert utsett for noko, sidan me er kjende, svarer Jusupova. Ho meiner publisitet er det som trengst for å gjere folk merksame på konflikten, og dermed vil menneske i den vestlege verda leggje større press på president Vladimir Putin i Russland.

Spørsmålsrunden med UWC-elevane er berre ein av særs mange intervjusituasjonar for prismottakaren i samband med prisutdelinga. Midt under samtalen med elevane, må Jusupova forlate rommet. Ho skal verte intervjua av BBC Moscow. Det er mange som vil ha ein bit av den tsjetsjenske menneskerettsforkjemparen.

HAR LUKKA AUGA FOR KONFLIKTEN

Det nærmar seg prisutdeling. Eit nærast fullsett teater, Den Nationale Scene, venter på at prisutdelinga skal byrje. TV-kamera, journalistar, tsjetsjenske flyktningar, alle venter på det som skal hende. Fleire kjende artistar som Bjørn Berge og Heidi Marie Vestrheim har vorte henta inn og konfransier er Hanne Sofie Greve, tidlegare dommar i den Europeiske Menneskerettsdomstolen i Strasbourg.

– Kva er det som driv Jusupova?, spør konfransier Greve under prisutdelinga.

– Ho seier ho har sett frykten i barna og dei gamle sine auge. Ho er satt til å vere midt i fryktens og valdens teater, dei ser på ho. Dei auga, den angsten gjer at ho må vere der, ho må vere til stades, svarer Greve før prisen delast ut.

Applausen frå eit fullsatt teater vil inga ende ta, Jusupova tek ærbødig imot prisen.

– Eg meiner dette først og fremst er ei verdsetting av verksemda til alle menneskerettsforkjemparane i Tsjetsjenia, seier Jusupova i si takketale.

– Vestlege styresmakter har med overlegg lukka auga for det som skjer i Nord-Kaukasus, fortsett ho.

– Denne prestisjefylte prisen er særs viktig for meg fordi den vil gjere folk merksame på kva som skjer i Tsjetsjenia, seier ein rørt Jusupova før trampeklapp fyller Den Nationale Scene.

Ein heil teatersal reiser seg ærbødig for den 44-årige menneskerettsforkjemparen frå Grosnyj.

Studentgruppa strøymer ut i regnet. Applausen er ikkje heilt ferdig inne i teateret, men studentane må førebu seg til fakkeltoget. På veg ut av teateret får dei frammøtte utdelt faklar, og mange strøymer på til Torgalmenningen der Jannicke held appell. Trass det sure veret, er det mange som møter fram for å gje Jusupova støtte til arbeidet i Tsjetsjenia.

Jusupova og stiftinga ho arbeider for, Memorial, fortsett kampen for menneskerettane i Russland, ein stat prega av indre uro på veg mot diktatur. Sjølv om kvardagen er mørk lever håpet vidare - håpet om ei fredeleg løysing i det konfliktfylte Kaukasus.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE FRA APARTE
SISTE FRA MIDTEN