Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Pappa til femhundre


FOTO: UNKNOWN

 

FOTO: UNKNOWN

FOTO: UNKNOWN
– Eg har drøymt om å kasta dei på bålet. Men det er berre i tunge stunder.

Tekst: MARIA LAVIK

Jack Markussen ser på dr. Belzeebub Irrwitzer med ei blanding av kjærleik og irritasjon. Belzeebub er ei av over femhundre dokker som Jack har skapt. Som leiar for dokketeateret «Dukkenikkerne» gjev han liv til isopor, tøystykke og polyester. Mellom halv ni og seks er Jack på jobb i ein røykfull verksstad i Østre Murallmenningen.

– Det blir ein livsstil.

– No lurer eg på korleis eg skal få til håret til Edvard, seier Jack.

Han held opp eit barneansikt i voks. Det skal bli til ein seks år gammal Edvard Grieg.

– Kanskje med meir voks, og ostehøvel.

Jack raspar laus tynne skiver med voks. Førestillinga «Lille Edvard» har première 24. mars på Troldhaugen. I heimen til jubileumskomponisten får publikum bli kjende med med ein ung Edvard og kusina Nina, som seinare skulle bli kona hans. I flygelet til Edvard gøymer det seg eit skummelt troll, ein nervøs gris og ein snobbete frosk. Desse tre figurane var lykkebringarane til Edvard Grieg og følgde han gjennom heile livet.

– Frosken var alltid med i lomma hans då han dirigerte. Dei tre figurane hadde fast plass på nattbordet, kvar kveld måtte både han og Nina seia god natt til dei.

«Stiftelsen har egentlig ikke noe grunnlag til å eksistere». Setninga går igjen i revisormeldingane til «Dukkenikkerne». Derfor dukkar det stundom opp tankar om dokkebål i protest mot Norsk Kulturråd sitt stramme grep om kulturpengesekken.

– Eg er utdanna skreddar i Bodø, og der hadde eg eiga systove. Kundane mine var damene i frå Losjen. Har aldri tent så mykje pengar som då, minnest Jack.

Han angrar likevel ikkje på valet han tok i 1985, då han oppretta «Dukkenikkerne».

– Gudskjelov hoppa eg over til teater. Som skreddar jobba eg med folk sin forfengelegheit. Med teater prøver eg å laga noko som rører folk.

Han ordnar litt på det som skal bli seks år gamle Edvard Grieg. Tenkjer seg om, kanskje på rikmannskvinner og ei anstendig arbeidstid. Så gliser han litt.

– Nei, fanden heller.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE FRA APARTE
SISTE FRA MIDTEN