– Her er det mykje godsaker. Vald, krig og elende, seier Ove Karlson og gliser.
På veggen er Sigurd Fåvnesbane i full gang med å ta livet av dragen Fåvne. Hallen på Gamlehaugen, slottet som ligg ved Nordåsvatnen i Fana, er dominert av detaljerte utskjeringar med motiv både frå Snorresagaen og bibelen. Mellom anna er det 44 utskorne medaljongar på veggen, med motiv henta frå ulike stavkyrkjer. På veggen heng pynteteppe, såkalla åklede, med bibelske motiv.
– Dette er i frå Herodes sitt gjestebod, seier Ove og peikar.
– Nedst i hjørnet ser me Johannes døyparen sitt hovud på eit fat. Ganske friske saker.
FØYDD PÅ SOLSIDA
I tre år har Ove jobba som omvisar på Gamlehaugen. Sjølv om han har fortalt historiene om bygget mange gonger før, verkar det ikkje som han har blitt lei. Han hoppar frå gjenstand til gjenstand, finn stadig nye ting han berre må fortelja om. Etter å ha snakka om den store peisen og opplyst at isbjørnfellen på golvet er ei gåve frå Nansen, hastar han til neste rom.
Alexander Kielland, Edvard Grieg, Frithjof Nansen og keisar Wilhelm av Tyskland er mellom dei som har gjesta Gamlehaugen. Føydd inn i ein rik familie, var Christian Michelsen ein mann med viktige vener. I tillegg til å vera ein steinrik skipsreiar, hadde han også talegåvene i orden. Dei brukte han som stortingsmann då han medverka til å få Noreg ut av unionen med Sverige i 1905.
– Det kan høyrast skittent ut, men Michelsen blanda forretningar og politikk. Som skipsreiar hadde han interesser i andre deler av verda enn det svenskane fokuserte på. Han kjente seg derfor dårleg representert, forklarar Ove.
NASJONAL-LAPSKAUS
I hallen vart dei prominente gjestane ønskt velkomen. Rommet er prega av nasjonalromantikk, med inspirasjon frå folkeeventyr og vikingsagaer. Rundt år 1900 var overklassen i Noreg svært opptekne av bondekultur, sjølv om dei sannsynlegvis aldri sjølve hadde sett foten i eit fjøs.
– Overklassen levde kontinentale liv, dei hadde ingenting med det norske å gjera, seier Ove.
Likevel meinte overklassen at bonden stod for det «urnorske» og dei brukt dette for å danna ei nasjonalkjensle. I tillegg vart Snorre, vikingsagaane og dragestilen brukt for det dei var verd. Resultatet av desse impulsane er ein herleg nasjonalromantisk lapskaus, som igjen har sett sitt preg på Gamlehaugen.
TENKJER STORT
– Sjå på veggen her, seier Ove og peikar på ein mørk vegg med svarte årringar.
– Dette er furu, malt for å likna eikepanel. Årringane er malt på for hand, forklarar han.
– Kvifor då ikkje berre bruka ekte eik? Fordi denne metoden er dyrare og meir tidkrevjande. Heilt fantastisk fjollete. Ove ler for seg sjølv.
Slottet på Gamlehaugen er full av slike detaljar. Småting som vitnar om mykje pengar og ein «unorsk» vilje til å bruka desse. Bygd i 1900, husa slottet den største kjendisen Bergen nokon gong har fostra: Christian Michelsen. Den breiale tjuagutten og stortingsmannen hadde meir enn ein finger med i spelet då Noreg gjekk ut av unionen med Sverige i 1905. Michelsen sin evne til å tenka stort syner igjen på privatboligen hans. Huset på Gamlehaugen er i «Scottish Baronial»- stil og er det einaste skikkelege slottet i Noreg. Ikkje rart at det i dag er residens for kongefamilien når dei ferierar i Bergen.
– Når kongefamilien er på besøk, bur dei i andre etasje. Der oppe er det eigentleg ikkje så mykje spanande å visa fram. Det er første etasje Michelsen laga for å imponere gjestene, seier Ove Karlson.
Sidan kongen bur i andre etasje, har publikum uansett ikkje tilgang til denne delen av bygget.
KVINNEROMMET
– Etter middagen vart damene plasserte i damesalongen, medan mennene gjekk vidare til biblioteket. Så slapp mennene å sjenere seg for konene sine, smiler Ove. Damesalongen er i rokokkostil, med vakre møblar og tunge gardiner. Her kunne kvinner i overdådige kjolar koma saman for å utveksla siste nytt.
– Alt har runde former her inne, rommet er veldig feminint.
Frå veggen skodar ei viktig kvinne i Christian Michelsens liv; kona Benedikte Michelsen. Ho døydde ung og dei to borna deira etterlèt ikkje Christian arvingar. Dette kom forskingsmiljøet i Bergen til gode. Michelsen fekk då høve til å testamentere store delar av formuen sin til det som skulle bli Chr. Michelsens institutt.
PÅ KONGEJAKT
I mellom omvisinga tek Ove seg tid til litt historieundervisning, fritt etter hukommelsen.
– Michelsen skulle skaffa oss ein norsk konge, etter å ha kasta ut den svenske. Men korleis finne ein ny konge? Ved å reisa til Danmark og spørja «den første og beste» prinsen ein finn.
Dette viste seg å vera prins Carl, som seinare tok namnet kong Haakon 7.
– Me var eigentleg ganske heldige med prins Carl, han var jo gift med dottera til verdas mektigaste mann, legg Ove til.
PRAKTARBEID
Biblioteket er vesentleg meir maskulint. Eit stort portrett av Michelsen dominerer rommet. I midten av rommet står eit forgylt orientalsk røykebord, med svære skåler som fungerte som oskebeger.
– Her satt mennene og røyka sigarettar og pipe. Andre tyggja og spytta tobakk. Klart dei trengte store askebeger, kommenterer Ove.
Alvorlege menn dominerer også «1905-rommet» som er dedisert Michelsens innsats for unionsoppløysinga. Her er det både brev, signerte portrett, helsingar og gåver. Det mest imponerande er likevel trelista som går på midten over heile veggen. Den er i tremosaikk og viser heile kystlinja frå Stavanger til Bergen.
– Kunstnaren Christoffer Knag sat på ein potetbåt frå Stavanger og teikna kystlinja nordover til Bergen. Så gjenskapte han kystlinja i tremosaikk på denne lista, seier Ove og smiler.
– Heilt strålande.