Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Reportasje.

På skattejakt


 

TAKTRIKS. Å henge ting i taket er ingen dårleg idé når ein har gått tom for golv- og hylleplass. Innehavar av bruktbutikken Leif Magnussen kan skimtast midt mellom alle tinga. FOTO: ÅSE HOLTE

KURÉR. Den norske radiofabrikken Radionette sin største suksessmodell. FOTO: ÅSE HOLTE

VÅPENVISITT. Våpensamlaren Jan Erik Seim tek seg ofte ein tur innom brukthandelen for å sjå etter moglege samle- objekt i bruktbutikken til Leif Magnussen. FOTO: ÅSE HOLTE

SKATTEN OG VERDA. Skrivemaskina er min favoritt i maksimalisme-oasen. FOTO: ÅSE HOLTE

HUR MÅR NI? Ein representant for den mangfoldige dyresamlinga i brukt- og antikvitetsbutikken. FOTO: ÅSE HOLTE

BOKFUNN. – Dette er min favoritt, seier Thorstein Grethir og viser fram ei bok med små frimerkeaktige fotografi frå mellom anna Fløibanen i gamle dagar. FOTO: ÅSE HOLTE

SKOGEN SIN KONGE. Dekka med alt som kan henge. FOTO: ÅSE HOLTE

HAVET. Båten og korsstingsbroderiet med den gamle fiskaren FOTO: ÅSE HOLTE

SMÅSKUMMELT. Om nokon har lyst til å kjøpe ei dokke når den blir utstilt på denne måten gjenstår å sjå. FOTO: ÅSE HOLTE
Utstoppa dyr blir lett ein knagg når maksimalismen rådar.

Tekst: MARI-LOUISE ULDBÆK STEPHAN

Eg er på vandring i ein oase av kaos. Utstoppa villsvin, fiskestenger, økser, sølvtøy, skrivemaskiner, rare hattar, golfkøller, kompass, rustne sakser, speil, globusar, piper, trompetar og gamle klokker. Ein eksplosjon av inntrykk møter meg i det eg trer inn i skattekista, ein forunderleg bruktbutikk i Øvregaten. Kvar ei hylle er stappande full og frå taket heng stolar, gitarar, koffertar, dokker og det som ellers ikkje har fått plass andre stader i raritetsbutikken.

– Ja, det er jo veldig fullt her, innrømmer innehavar Leif Magnussen.

– Men folk samlar jo på mykje rart også.

Magnussen opna butikken for over 18 år sidan og har mange faste kundar som stikk innom for å sjå om han har fått inn noko av det dei samlar på. Ein av dei er Jan Erik Seim. Han er på utkikk etter fleire våpen i samlinga si.

– Hei Leif. Har du fått inn noko nytt?

– Hei, Jan Erik. Nei, eg trur ikkje det, men du kan ta ein kikk.

Seim er allereie i gang med å studere riflene som står stabla i eit hjørne. Det er tydeleg å sjå at han er ein kjennar.

– Eg byrja å samle på våpen då eg var 10-11 år. Den fyrste fekk eg av far min. Vi gjekk ofte på jakt saman. No har eg 40-50 våpen hengande på veggen i kjellarstova mi, men dei fleste kan ikkje brukast til å skyte med. Nokre av dei er jo over 120 år.

Det er trangt om plassen i skattekista. Turistar, studentar og gamle samlarar prøvar å passere kvarandre utan å lage rabalder. Eg må smyge meg forsiktig forbi dei overfylte hyllene for å ikkje rause over ende vasar, symaskiner og utstoppa røyskattar men endar opp med å rive ned eit par rustne barneskøyter som heng på ein tuba.

– Du tenker ikkje av og til at det er litt for fullt her?

– Jo, akkurat no er det mange ting her og det kan jo spesielt vere eit problem når vi får besøk av solide amerikanarar og tyskarar. Dei slit litt med dei smale passasjane.

– Korleis ser det ut heime hos deg, Leif?

– Heimen min berer nok preg av at eg driv denne bruktbutikken, men det er ikkje så overfylt heime hos meg som det er her, forsikrar han.

Vi vandrar vidare. Innanfor det fyrste rommet dukkar det ikkje overaskande opp enda eit forunderleg rom av krims og krams. Eg må bruke eit par sekund på å sondere terrenget.

– Kva kan dette vere? undrar vi og gløttar ned på ein mystisk messigsak gøymt i ein haug av porselensfat og blomsterpotter.

– Kanskje er det ein telysestake brukt i katolske kyrkjer? foreslår fotografen. Ho tek den opp og studerer rariteten. Etter å ha lest påskrifta på sokkelen humrar ho litt for seg sjølv.

– Det er jo ein rekvisitt til doktor Pierre sin myntealkohol. Det er nok eit stativ beregna til dramglasa hans. Skal tru om det blei servert til pasientane?

Inne i bok-, boks-, skrivemaskin-, trekkspel- og lampeseksjonen møter eg Thorstein Grethir. Han er på ferie i Bergen og har tatt turen innom bruktbutikken. Han brukar sjølv å selge ting på bruktmarked i Tyskland. Grethir har funne sin skatt i mangfaldet; ei utklippsbok med minifoto av Bergen i gamle dagar.

– Vi har tilsvarande butikkar, men ingen av dei er så fulle, forteljer han.

Innehavar Magnussen får spørsmål frå ein annan kunde om han har fiskespader, men må desverre skuffe den eldre bergensaren. No kjem han tilbake til oss her innerst i skattekista.

– Her er utruleg mykje rart i butikken din, Leif. Kan du vise meg noko litt snodig?

– Ja, vi har jo denne foreksempel. Veit du kva det er?

– Er det brettet til eit kulespel? spekulerer fotografen.

– Nei, men ein kunne kanskje ha brukt det til noko slikt, svarar Magnussen.

Eg vrir og vender på den avlange treplata med smale hol i. Eg prøvar å forestille meg kva det kan vere, men gir opp.

– Dette er berre halvdelen av tingen. Den andre halvdelen ser identisk ut og skal leggast opp den andre treplata, seier Magnussen, i håp om at vi skal klare å gjette det.

Men vi må melde pass i denne forunderlege tippekonkurransen.

– Det ei sigarlagingsboks. Den er blitt brukt til å legge handlaga sigarar i press, forklarar Magnussen.

– Kvar får du tak i slike ting?

– Eg hugsar ikkje akkurat kvar denne kom frå, men det er nok eit dødsbo frå ein gammal sjømann. At Bergen har vore ein viktig sjøfartsby har nok sitt å seie for at vi har så mange spennande ting her. Sjå på denne for eksempel, utbryt Magnussen entusiastisk og peikar i taket:

– Ei utstoppa havskilpadde! Det er jo strengt forbudt i dag, men før hadde jo sjømennene med seg både papegøyer og apar og alt mogleg på skipa sine.

Ei heil runde i butikken er over, men eg føler at ei runde nummer to må til for å danne meg eit inntrykk av kva som eigentleg rører seg i skattekista. Kanskje finn eg skatten min? På vegen forbi reven, måren, dua og ekornet blir eg nesten skubba overende.

– Oj, oj. Dette blev för mycket! Jag måste gå ut! utbryt ein lettare sjokkert svartkledd svenske som tydeleg har forvilla seg frå Hole in the Sky-festivalen.

Maksimalismen har utfolda seg i litt for ekstreme former for metallrockaren.

Eg kjenner meg også litt ør i hovudet av alle tinga, men eg er enno ikkje klar for å forlate skattekista. Eit oppdrag gjenstår. Eg må finne skatten min! Kva er eigentleg favoritten min blant alle desse tinga? Den utstoppa måren som skuar ut i rommet? Eller den stilige raude 50-tals radioen? Nei, skatten min heiter Olympia. Svart rå eleganse frå ei anna tid. Tenk å kunne klimpre på ei ekte skrivemaskin!



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE FRA APARTE
SISTE FRA MIDTEN