Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Biletetekst: Med fingeren på avtrekkaren. All slags venting tærer på nervene. Venting i uvisse, på nokon som aldri kjem, når du ikkje veit kvifor du er der du er, kan gjera deg gal. FOTO: ANNIKEN C. MOHR

Krigersk venting


 
STUDVEST FØLGER TEMAET:
IMMATURUS TEATER
Hovudsatsinga til Studentteateret Immaturus i vår, handlar om å sitje og vente. På nokon som aldri kjem.

Tekst: INGEBJØRN BLEIE

To menn i kamuflasjedrakter sit med stikkande blikk over kvar sitt pistolsikte. Kvar av munningane peikar mot noko som ikkje er der, men som er farleg likevel.

– Når eg skal forklara kva stykket handlar om, og seier at det er om to fyrar som sit og ventar på ein som ikkje kjem, får eg alltid slengt i trynet at det ikkje akkurat er ein god måte å selja billettar på, seier Maciek Brzozowski, ein av hovudrolleinnehavarane i «Mens vi venter på Godot», av Samuel Beckett.

Lufta mellom dei to ventande er lada, prega av den ilske stemninga som oppstår blant folk som vert utsett for unødvendige utsetjingar. Som i busskø, som i kebabsjappa seint på natta. Men her er det krig. Denne tilsynelatande bagatellmessige ventinga kan kosta dei livet.

– Me har lagt stykket til irakkrigen. Det er ikkje heilt vits i å vera eksperimenterande studentteater dersom me set alt opp etter boka, seier regissør Morten Schulstad.

– Men grunnkjensla er den same som i originalen. På same måte som karakterane til Beckett spør seg kvifor dei eigentleg er dei der, spør mange soldatar i Irak seg om dei er i krig på feil premissar. Det er ei god, gammal eksistensiell krise.

Ansikta er blanke, men irritasjonen, eller er det nervøsiteten, piplar fram nedover panna. Dei mumlar lågt, fyrst til seg sjølv, så til kvarandre, før dei byrjar å krangla, ropa, skrika, nesten slåss. Så roar dei seg ned, vert venner, og set seg til å venta att. På Godot.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE FRA APARTE
SISTE FRA MIDTEN