Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Stilhistorie.

Kvinneuniforma


 

FRIGJORDE KVINNA. Frå å trenge fleirfoldige plagg og hyppige skift, trengte kvinna berre eit plagg etter Vogues artikkel i 1926. FOTO: ÅSE HOLTE

HISTORISK SUS. 82 år sidan den lille sorte blei skapt av Coco Chanel, inntar motehistoria Naturhistorisk museum. FOTO: ÅSE HOLTE

FEMME FATALE. Ganske ironisk at den lille sorte i utgangspunktet blei inspirert av nonnekjolar. FOTO: ÅSE HOLTE
– Det enkle er nøkkelordet for all sann eleganse, sa Coco Chanel, og oppfann med det uniforma for den moderne kvinna.

Tekst: SIRI KNAPSKOG og PIA MARTINE WOLD

Mange trålar butikkar opp og ned i julebordsesongen, stressa på jakt etter det perfekte antrekket. Finn kanskje til og med stilige lilla eller grøne satengkjolar, heilt i tråd med råda frå månadens Vogue. Likevel endar dei fleste opp med den svarte, enkle yndlingskjolen sin – som gjerne har hengt i klesskapet i fleire år.

Men ikkje alle er klar over at kjolen har ei 82 år lang historie, og at den faktisk reknast for å ha spela ei rolle i kvinnefrigjeringa.

Det var sjølvaste Coco Chanel, moten sin Mademoiselle med stor M, som «oppfann» «den lille sorte» i 1926. Ein langerma og knelang svart kjole som stod på trykk i Vogue dette året markerte starten på ei ny kvinnemote. Kompliserte og fleirfoldige antrekk måtte vike for eitt einaste plagg som passa ei kvar kvinne i eit kvart høve.

– Det er sagt at Coco var inspirert av nonneuniformar. Ho vart oppdregen i kloster, seier motejournalist i Elle Anja Stang.

Dei aller fleste designarar laga i ettertid sin eigen versjon. Kjolen går aldri under kneet, men er knelang eller lårkort. Kjem med smale eller vide skjørt. Med lange eller korte ermer, eller ermelause. Kvinner som Audrey Hepburn og Marilyn Monroe ikoniserte denne lille svarte kjolen vidare. Hepburns ermelause Givenchy-kjole frå «Breakfast at Tiffany's» (1961) har hatt så mykje å seie for motehistoria, at den i 2006 – som var plagget sitt 80-årsjubileum – blei auksjonert vekk til over fire millionar kroner.

Svarte kjolar vart opphavleg brukt av sørgjande enker, og det var noko nytt at svart vart brukt i det offentlege rom som eit reint moteplagg for kvinner. Tunge lange foldeskjørt og korsett som var på mota tidlegare, sat absolutt ikkje komfort i høgsetet, og den korte svarte kjolen som viste bare kvinneleggar frigjorde på mange måtar kvinnekroppen.

– Før denne mota kom måtte kvinner gjerne skifte fleire gonger om dagen. Den vesle svarte kjolen var enklare å ta på seg, kosta mindre og ein såg ikkje så godt om det var kome flekkar på den i løpet av dagen. Kjolen frigjorde kvinna ved å gi ho meir tid til andre gjeremål, samstundes som ho heile tida var elegant, seier Stang.

Samstundes som kjolen frigjorde kvinnekroppen, var den med på å idealisere den, og vart eit symbol på den sjølvsikre kvinna som var sofistikert og medviten om sin eigen kropp.

Chanel meinte å lage eit tidlaust plagg, som på grunn av sitt enkle design og nøytrale farge skulle vere tilgjengeleg for kvinner på tvers av samfunnsklassar. Sidan den ikkje var særskilt dyr å produsere, og vart den også mykje brukt i økonomiske nedgangstider, som under den store depresjonen, og under andre verdskrig.

– Kjolen var eit motealibi i nedgangstider, seier motejournalisten.

Etter nedgangstidene returnerte kjolen på 50-talet til sitt utgangspunkt som kvinneleg uniform, og no som symbol på den farlege kvinna. Filmane si såkalla femme fatales iført den vesle svarte kjolen, stod i kontrast til dei tradisjonelle kjolane til den meir konservative husmora. Syntetiske stoff gjorde at designarane kunne gjere plagga sine enno meir tilgjengelege i pris.

Sjølv om den vesle svarte kjolen på sett og vis frigjorde kvinner på 20-talet, stod den likevel på mange måtar i kontrast til 60- og 70-talet sitt kvinneopprør. Kjolen framheva bryst, og skulte mage, og skulle slik framheve dei «rette» sidene ved kvinnekroppen, og skjule dei «gale». Brenning av BHar symboliserte at den naturlege kvinnekroppen stod i fokus, og større og laustsittande, fargerike plagg var mote.

– Den svarte kjolen vart nok sett på som for konservativ for mange på denne tida. Men så er det nok nettopp difor den aldri går av mota, seier Stang.

I dag har kjolen nærast opparbeida seg ein slags ikonstatus i moteverda, og finst i utallige variantar.

– Kjolen gir stor valfridom, seier Stang.

– Dersom ein skal ut på byen rett frå lesesalen kan ein gå for ein tøff look med grove MC-støvlar med tjukke strømpebukser og cardigan om dagen. Så tek ein med seg tynne strømpebukser og høge pumps i veska. Sminkar seg litt ekstra. Og ein er meir enn klar.

Dersom ein allereie har «den lille sorte» i klesskapet, verkar det mildare mot eit ellers strammare budsjett å fornye tilbehøyret i staden for å gjere drastiske nyinnkjøp av kjole.

– Sjal, vesker, øyrepynt, smykker, belter og hanskar. Berre fantasien set grenser, seier Stang.

Styling: Henriette Hauge

Modell: Astrid



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE FRA APARTE
SISTE FRA MIDTEN