Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Reportasje.

Frå eit danseperspektiv


DEI UTVALDE. Kvar morgon samlar Carte Blanche-dansarane seg til oppvarming. Carte Blanche er det einaste nasjonale kompaniet for samtidsdans i Noreg, og desse dansarane er dermed dei einaste samtidsdansarane med fast kontrakt i landet. - Eg føler meg utruleg heldig som har fått denne mogelegheiten, seier Ole Martin. FOTO: HILDEGUNN HOLTET

 
CV OLE MARTIN MELAND
Alder: 25
Sivilstatus: Ugift
Yrke: Dansar
Utdanning: Vidaregåande: Musikk, dans og drama, Statens balletthøyskole: jazzlinja.
Aktuell med: Førestillinga «Horisontale plan» ved Carte Blanche

Som student har ein mange mål å jobba mot. Det same har Ole Martin Meland som er profesjonell dansar, men han prøver å ikkje la det ta overhand.

Tekst: GERD MARGRETE TJELDFLÅT


FOKUSERT. Kvar morgon startar med uttøying. Dansarane samlast i oppvarmingshallen, men er likevel i kvar si sone. FOTO: HILDEGUNN HOLTET

Når du sit på lesesalen, bøygd over bøkene med eksamen lurande bak hjørnet, er det lett å drøyma om å leva eit anna liv. Eit meir spennande liv kanskje. Somme drøymer kan hende om livet som profesjonell dansar. For andre høyrest det kanskje berre ut som blodslit. Felles for både dansarar og studentar er i alle fall at ein har mål ein må arbeida mot, og det krev noko å nå desse. Studentkvardagen kjenner du, dette skal handla om livet med dans.


KNOTING. Medan Ole Martin og Caroline Eckly testar ulike former for pardans, øver Christine Kjellberg, Simbarashe Norman Fulukia og Edhem Jesenkovic seg på å vikla seg inn i kvarandre. - Den kunstnariske innfallsvinkelen me har her vert litt for subtil for mange, seier Ole Martin. FOTO: HILDEGUNN HOLTET

Klokka fem over ni tysdag morgon, før dei fleste studentar har kome seg på lesesalen, kjem Ole Martin Meland traskande til Carte Blanche frå leilegheita si på Nordnes. Håret strittar til kvar sin kant, han er ikkje så glad i å stå tidleg opp om morgonen.

– Eg står opp ekstremt seint, ofte ti til femten minutt før eg skal vera på jobb, fortel han medan han låser seg inn i bygget, og går med raske skritt mot garderoben.


KREATIVITET I BLODET. Sjølv om ingen andre i familien har endt opp som dansarar, er Ole Martin oppvaksen med mykje idrett, musikk og kreativitet i huset. - Eg føler aldri eg har vore noko utprega familieutskot med mine interesser, slår han fast. FOTO: HILDEGUNN HOLTET

Han er kjent i gangane til Carte Blanche etter kvart. Ole Martin er 25 år, og fast tilsett her, ved det nasjonale kompaniet for samtidsdans, det einaste av sitt slag i Noreg. Han er dermed ein av svært få samtidsdansarar i Noreg med fast kontrakt, og i november hadde han ei vesentleg rolle i stykket «When clarity visits».

– Eg føler meg utruleg heldig som har fått denne mogelegheita, og det er noko eg tenkjer ofte på, seier han frå golvet, der han sit med beina i spagat før oppvarming.


GAMMALDANS. Men på ein uvant måte. Med svært sakte rørsler dansar Ole Martin og Caroline rundt i ring. Simbarashe og Christine prøvar på det same, medan koreograf Heine Røsdal Avdal ser på og vurderer kvar minste, vesle rørsle. FOTO: HILDEGUNN HOLTET

Ti over halv ti same morgon er det framleis litt mørkre igjen ute. Inne i øvingshallen til Carte Blanche er det lys. Her står 16 menneske og ristar skjelettet på plass. Rommet er fylt av lyden av klede som rører seg, og med ujamne mellomrom: Knekket av bein som fell på plass.

– Feel like the bones are rubbing your flesh from the inside, ropar han som leiar oppvarminga.

Dei skulle eigentleg varma opp til klassisk ballet med ein japansk instruktør. Men klokka vart sju over halv utan at han kom. Dansarane vart rastlause. Sjefane heiv seg på telefonen. Instruktøren dukka ikkje opp. Så ein av dansarane tok ansvar og sette i gong beinristing tilhøyrande dansestilen gaga.


NYE NORSKE. Carte Blanche hentar inn ulike koreografar til oppsetjingane sine. For tida får tre nokså ferske norske koreografar prøva seg, derav tittelen «NyNorsk». Til saman skal tre verk setjast opp, Ole Martin skal dansa i «Horisontale plan». FOTO: HILDEGUNN HOLTET

Og dei 16 ristar raskare og meir intenst. På høgre side står Ole Martin, ikledd blå skjorte med svarte ruter på, og store svarte joggebukser stappa oppi høge ullsokkar.

Gleda ved dans fann han tidleg i livet, der han følgde i fotspora til to storesystrer. Ja, han høyrest ut som han er plukka ut av ein ABBA-song då han seier:

– Dei fortel at eg byrja å dansa før eg kunne gå. Det første eg lærte meg var å styra ein kassettspelar, og så sat eg og dansa på golvet.


FRIMINUTT. Koreografen gir dansarane pause i fem minuttar. Dei vert brukt på kaffidrikking, ei svært merkeleg type kake og dansevideoar på Youtube. Prat og latter fyller rommet, som ein kontrast til dei lågmælte øvingane. FOTO: HILDEGUNN HOLTET

Likevel trur han det i stor grad var tilfeldig at han enda opp som dansar. Han var så heldig å veksa opp i eit godt dansemiljø på Hurum utanfor Oslo, og Ole Martin meiner ein er prisgitt staden ein kjem frå. Familien var også svært støttande.

– Eg visste vel frå ganske tidleg av at eg var flink til å dansa, det var nok ein faktor for at eg heldt fram. Men eg tenkte ikkje heile barndommen at eg skulle bli dansar. Då eg gjekk på vidaregåande byrja eg å satsa på å koma inn på Statens balletthøyskole, og då eg var der hadde eg gjort eit val som kjendest riktig, fortel han.


MASSASJE. Når kroppen er verktøy, lyt ein ta godt vare på den. Ole Martin har hatt ein kneoperasjon som det tok eit år å koma heilt tilbake frå, men akkurat i dag er det berre den venstre hofta og ein stiv nakke som skal knas opp. - Eg har alltid vondt ein stad, men det er ein del av dette, seier han. FOTO: HILDEGUNN HOLTET

Men sjølv om valet kjendest rett, er ikkje det å bli mannleg dansar heilt vanleg her i Noreg. Ole Martin veit også det. Likevel har han aldri følt seg åleine.

– Og det sjølv om eg alltid har vore med jenter. Eg var einaste dansande gut i oppveksten, i klassen på vidaregåande og i klassen på Statens.

Kva med då du var liten? Kva sa dei andre om at du dansa medan dei spelte fotball?

– Eg spelte fotball òg, kjem det raskt før han roleg konstaterer:


EINASTE HANE I KURVEN. Ole Martin har stort sett omgitt seg med jenter. Slik går det når du er gut og driv med dans. Både i oppveksten, i klassen på vidaregåande og her, i klassen på Statens balletthøgskole, var han einaste dansande gut, utan at det har plaga han vidare. FOTO: JOHN ANDRESEN

– Men eg var ingen A4-gut. Eg hadde mest jentevener, sparte til langt hår og var glad i feminine ting. Til tider blei eg litt plaga, men eg let meg nok ikkje plaga så mykje som eg kunne gjort. Dessutan var eg god på det eg gjorde, og eg trur eg fekk litt respekt fordi eg var flink. Uansett så gjorde eg det berre. Sjølv om eg fekk kommentarar så slutta eg ikkje.

Å snakka om yrket sitt på fest er likevel ikkje det kjekkaste Ole Martin veit. Han prøver gjerne å unngå å svara på slike spørsmål.


ALLSIDIG. Sjølv om dansing er ein livsstil for Ole Martin, avviser han ikkje alt anna i livet. Han et det han vil, og står på slalåm om han har lyst til det. - Eg orkar ikkje avstå frå alt anna enn dans, slår han fast. FOTO: HILDEGUNN HOLTET

– Mange er uvitande, og det inngår mykje forklaring når eg fortel at eg dansar. Fleire veit ikkje at det er eit yrke, dei trur det er noko ein gjer på kveldstid. Den kunstnariske innfallsvinkelen me har her, er også litt for subtil for mange.

– Men kallar du deg dansar eller samtidsdansar?

– Eg kallar meg ofte ballettdansar eg, så ingen skal tru eg er strippar.

Dagane som dansar ved Carte Blanche er ulike. For tida øver Ole Martin inn stykket ”Horisontale plan”, som er ein del av oppsetjinga NyNorsk.

– Det er eit konseptuelt stykke, og ikkje så veldig fysisk utfordrande. Nett no er det mykje knoting og leiting i prosessen, fortel Ole Martin før prøvane startar.

Knoting viser seg å vera eit passande uttrykk. Prøvane denne dagen startar med ei scene der Ole Martin dansar saman med franske Caroline Eckly. Ingen hopp eller piruettar. Dei dansar som to trettenåringar som er forelska, berre skjørare.

– Tenk at de er eit skikkeleg gammalt par, instruerer koreograf Heine Røsdal Avdal, medan han stille sirklar rundt paret.

Og Ole Martin og Caroline let som dei er skikkeleg gamle. Ved sida øver ein trio på å vikla seg inn i kvarandre medan koreografen lagar lydeffektar, men Ole Martin og Caroline let seg ikkje forstyrra. Alt går stille føre seg. Dansen er intim, og vert berre avbroten av fnising no og då.

– Mange reagerer på at me er så fysiske utan at det blir ..., men me er så vane med å ta på kvarandre at det er ikkje ladd med anna enn profesjonell jobb, forsikrar Ole Martin.

– Ein blir jo fortare kjent med kvarandre då, når ein er så fysisk, seier han lattermildt.

Matpakka består av skogsbæryoghurt og appelsin, han vil ikkje bli for tung i kroppen til treninga held fram etterpå. Dansing er ein livsstil, og Ole Martin er generelt oppteken av å leva sunt. Likevel et han stort sett som han vil, og han avviser ikkje alt anna i livet enn dans.

– Står du slalåm?

– Ja. Eg orkar ikkje avstå frå alt anna enn dans. Leiinga kunne sikkert tenkt seg det, og eg har høyrt om kompani som krev det, men eg må ha noko anna i livet mitt, fastslår han.

For alt handlar ikkje om dans. Ole Martin likar musikk, går på konsertar og syng ein del. Elles er det leilegheita som er den store hobbyen. Han pussar opp, og elskar det. Og så bakar han.

– Eg er ganske husleg av meg, bekreftar han og ser smilande ned i bordet.

Og ein gong tar det slutt. Han har høyrt dansarar kan halda på til slutten av 30-åra. Det er vel ti år fram i tid.

– Men eg kjem ikkje til å vera her til då. Eg vil ha ein kropp som fungerer etterpå, eg vil ikkje bli ein person med fem prolaps i ryggen.

– Kvir du deg til den dagen du må seia stopp?

– Nei. Eg gjorde det meir då eg var 17/18. No veit eg at det finst meir i livet enn dans, eg kan oppnå same glede gjennom andre ting, sjølv om eg ikkje har gjort det til no.

Etterpå vert det kanskje koreograf av guten. Eller kanskje ikkje.

– Eg skal ikkje gjera det for einkvar pris. Kanskje eg skal flytta på landet, starta kafé og baka, spøkar han.

Etter lunsj ventar endå meir trening. Det er mykje det det går i. Carte Blanche-dagen startar med halvannan time oppvarming. Så to timar trening. Tre kvarter lunsj, før det nok ein gong altså er to timar trening. Dei fleste dagar er fysisk utfordrande, men ein veit aldri.

– Eg er eit rutinemenneske, og det er slitsomt å ikkje vita om eg skal liggja i eit hjørne og grina eller pumpa fysisk i sju timar når eg står opp om morgonen, seier Ole Martin.

Som for alle andre, er det nokre gonger tyngre å stå opp om morgonen. Det går opp og ned, også når du har hobbyen din til jobb.

– Når det funkar er det fantastisk, når det går dårleg er det berre å prøva å koma gjennom dagen. Når ein har vore gjennom den prosessen veit ein likevel at lyset kjem til å gå opp for ein igjen. Og ein er førebudd på at mørkeperiodar kjem, fortel han, før han optimistisk føyer til:

– Eigentleg beviser det berre at ein blir utfordra. Og det er jo positivt.

Med lange dagar må ein kvila ut om kvelden. Men denne tysdagen er ikkje ferdig etter treninga. Kvar 14. dag får Ole Martin massasje, i dag er det 14 dagar sidan sist.

– Det er heilt nødvendig, konstaterer han noko anspent, medan massøren knar opp stive nakkemusklar.

Elles går kveldane med til tv-sjåing og middagslaging.

– Eg har ofte behov for åleinetid, i alle fall ein time eller to etter jobb.

Men uansett kor sliten han er, har Ole Martin aldri følt at han må ofra noko som dansar.

– Det er mitt val, og eg kan gå ut av det. Om eg blir demotivert prøver eg å hugse kva som fekk meg til å byrja, og å finna fram til gleda eg hadde då. At dansing skal vera blodslit er ei myte som det er lett å hengja seg på. Sjølvsagt er det slitsomt, men det er det mykje som er. Eg vert lei av å alltid ha vondt ein stad, men om ein går inn i dette yrket og tenkjer at det skal bli blodslit, er ein her på feil premiss.

I same and prøver han å ikkje laga seg for mange mål.

– Mitt mål er ... å vera i livet. Eg legg veldig lett planar, og det går ut over det å leva her og no. Ting endrar seg uansett, seier han, før han raskt tilføyer:

– Men eg klarar ikkje alltid å tenkja slik altså.

Etter massasjetime traskar Ole Martin heim, truleg til middag og tv. Neste morgon står han opp igjen, truleg alt for seint denne gongen også. Han skal delta på oppvarming, truleg dukkar instruktøren opp. Så held truleg knotinga fram, Ole Martin og Caroline skal igjen dansa som eit gammalt par. Det er alltid noko å strekkja seg etter, men han klagar ikkje. Han er i livet, og dermed i mål.

Omtrent sånn blir kanskje våren for deg òg. Du har nok å strekkja deg etter, og livet er ikkje alltid så spennande. Men kanskje beviser det berre at du blir utfordra? Og det er jo positivt.

Utheva sitat:

Dei fortel at eg byrja å dansa før eg kunne gå.

Eg kallar meg ofte ballettdansar eg, så ingen skal tru eg er strippar.

Ein blir jo fortare kjent med kvarandre då, når ein er så fysisk.

Eg legg veldig lett planar, og det går ut over det å leva her og no.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE FRA APARTE
SISTE FRA MIDTEN