Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

90 mill. på tre timar


 

BESTEFAR PÅ VEGGEN. På soverommet til den sosialdemokratiske fraksjonsleiaren førebur Jette Christensen og Ingjald Pilskog seg til kveldens møte. Under det vaktsame blikket til bestefar Anton Pilskog. FOTO: MARTHE SVANTESVOLD
STUDVEST FØLGER TEMAET:
STUDENTDEMOKRATIET
Anten dei no er CV-broilarar eller makteslause studentpolitikarar: Semesteravgifta di må dei dele ut.

Tekst: FREDRIK BJØRGO og ØYVIND LEFDAL EIDSVIK

TYSDAG, KLOKKA 16, SOSIALDEMOKRATANES GRUPPEMØTE, HYBELEN TIL INGJALD PILSKOG

– Å, det er så keisamt å kutte i budsjettet, seier Jette Christensen.

Ute i stova er det Svisj på fjernsynet. Jette sit på soverommet til Ingjald, medan Ingjald sjølv går rundt for å samle stolar. Dei ventar på dei andre sosialdemokratane, og i mellomtida snakkar Ingjald seg varm om løyvingar til studentidretten. Snart ramlar resten inn døra hans.

For i dag er det studentpolitikaranes store dag. Om ein time skal Velferdstinget, bergensstudentanes høgste organ, ha årets viktigaste møte. Der skal studentane skalte og valte med di semesteravgift, til beste for oss alle. Det er faktisk difor vi vel dei.

Til det har jamvel ein eigen budsjettkomité jobba hardt for å få i stand eit budsjett alle kan vere samde om. Eller er dei det? Vel, ikkje Ingjald.

– Dei har endra på budsjettforslaget. HIBI (Høgskulens idrettslag, red. anm.) må få pengar frå idrettssjefen, slik det stod sist.

Midt i møtet kjem Guro F. Haraldsen inn. Ho er sjefen for Velferdstinget, og kan bringe siste nytt. Rykta går om at studentane frå Høgskolen i Bergen skal fremje eit spennande forslag. Så spennande at dei ikkje vil seie noko før sjølve tinget.

– No startar Velferdstinget om ti minutt. Nokre siste spørsmål, spør Ingjald. Jette grip sjansen.

– Ja, kor skal vi vere?

TYSDAG, KLOKKA 17, VELFERDSTINGETS BUDSJETTMØTE, SV-BYGGET, STORT AUDITORIUM


KOR GÅR VINDEN? Sosialdemokratane stemmer gjerne for. I alle fall dei fleste. F.v. Gunnveig Grødeland, Olav Nordli (Grøn liste), Kari Grutle, Jette Christensen og Erlend Berge på Velferdstinget tysdag 2. november. FOTO: MARTHE SVANTESVOLD

– Eg satsar på at vi er ferdige til Champions League, seier ordstyrar Erik Sandquist. Det gir Velferdstinget nær fire timar til å løyve 90 millionar kroner. I fjor, derimot, fortel rykta at møtet varte til langt over midnatt. Kanskje det ikkje var fotball på fjernsynet då?

Heldigvis for Høgskolen får dei lov til å legge fram det hemmelege forslaget sitt. Sjølv om dei ikkje har levert det inn skriftleg i førekant, slik reglane krev.

– Då vil altså Velferdstinget bryte sine eigne statuttar, meir oppsummerar enn spør ordstyrar Erik.

– Slik det er kutyme for å gjere, held han fram.

Kutymen blir møtt med høglytt kviskring og tisking frå Sosialdemokratane, slik dei nok også har for vane.

Hein André Langåker, representant frå Høgskolen i Bergen (HiB), kan dermed gå fram til talarstolen og presentere det som blir kveldens store debattema.

TYSDAG, TO TIMAR TIDLEGARE, HIB-FRAKSJONENS GRUPPEMØTE, KJELLAREN, HIB-BYGGET PÅ NYGÅRD

– Om vi får gjennom forslaget vårt, kan vi få pengar til studentkultur til nybygget på Kronstad, seier fraksjonsleiar John Erling Nordbø til dei andre HiB-representantane. Den sju personar sterke gruppa sit tett saman i ein sofakrok og drikk kaffi.

For ein månad sidan vedtok Velferdstinget å auke semesteravgifta med 25 kroner i fem år. Pengane skulle finansiere utbygginga av Kvarteret. Høgskulestudentane stemte mot.

Heilt sidan den gong har ideen modna hos HiB-fraksjonen. Eit sjette år med 25 kroner ekstra skal gi pengar til studentkultur på andre skular enn Universitetet. Om HiB-studentane får det som dei vil.

Hein André fryktar at debatten skal trekke ut i dei små timar.

– Kan vi bli sittande heilt til i morgon tidleg?

Kristina Haugland kan trøyste han med god kjennskap til reglane.

– Nei, vi kan maks sitje seks timar.

TYSDAG, KLOKKA 17, VELFERDSTINGETS BUDSJETTMØTE, SV-BYGGET, STORT AUDITORIUM

– Pengane som kjem inn det sjette året vil vi gi til kultur på høgskulane. På denne måten sikrar vi at den lokale studentkulturen blir styrka, seier Hein André Langåker til Velferdstinget.

Det er klart for dagens højdare: Budsjettkomiteen skal legge fram innstillinga si til, ja, neste års budsjett. Det gjer Kjetil Nygård, leiar for komitéen. Han startar med å forklare komiteens «errata til innstillingsteksten».

– Det er sikkert mange som ikkje veit kva «errata» er for noko. Det tyder altså endringar, seier han.

Studentpolitikarar har ein lei kutyme for å bruke framandord som må bli forklart.

Den mest drastiske endringa i forslaget gjeld Karrieresenteret. I den opphavelege innstillinga skulle senteret bli kutta med ti prosent i høve til fjoråret. No vil heller Kjetil og hans komité auke tilskotet med 20 prosent.

Som det heiter i den nyaste innstillinga: «Budsjettkomitéen har vært på besøk hos Karrieresenteret ved to anledninger. Begge gangene overbeviste Karrieresenteret oss om sin rett til eksistens.»

FREDAGEN FØR, KLOKKA 15, KARRIERESENTERET INFORMERER BUDSJETTKOMITEEN, VEKTERTORGET


UTØRSTE. Hos Karrieresenteret kan ein drikke seg utørst på kaffi. Før møtet ville budsjettkomiteen kutte. I staden blei det auke. F.v. Johan-Herman Stene, Kjetil Nygård, Asgeir Steinsland Hansen, og skjult bak Karrieresenterets Ingrid Wiggen sit Eirik Løkke. FOTO: MARTHE SVANTESVOLD

Fire medlemar av budsjettkomiteen sit benka rundt eit bord som bugnar av freistande bakverk og frukt. Dagleg leiar Rønnaug Tveit og medarbeidarane hennar informerer om kva Karrieresenteret driv med.

– Vi vil vere sikre på at komitéen veit kva dei gjer når dei føreslår eit så drastisk kutt i løyvingane våre. No har vi høve til å gje dei informasjon om oss, så får det ikkje hjelpe at det er seint på fredagsettermiddagen, fortel Tveit.

Og kanskje kan infoen vere nyttig. I alle fall innrømmer Johan-Herman Stene, NHH-representant, at han knapt nok hadde høyrd om Karrieresenteret før det dukka opp på sakslista hans. Så støttar då heller ikkje Handelshøyskolen senteret økonomisk.

Staben kan fortelje: Jobbsøkarkurs, Karrieredagen, besøkstal og suksesshistoria om dei to studentane Karrieresenteret hjelpte til kvar si stilling i Konkurransetilsynet. Pluss alt det andre nyttige Karrieresenteret gjer for studentar i Bergen.

Det er på tide å diskutere tal, og budsjettkomitéen ser helst at Studvest forlet lokalet. Ein liten bit får vi likevel med oss:

– Kva vil ti prosent kutt føre til for dykk, spør Eirik Løkke, også han i komitéen.

– Lønnskostnadane ligg fast. Så då blir det kutt i PR og informasjon til studentane, seier Tveit.

– Men vi er jo avhengige av at studentane veit om oss.

TYSDAG, KLOKKA 18, PAUSE, RUNDT OM PÅ SV-BYGGET

Studentpolitikarane tar pause. Sosialdemokratar som tydelegvis har gjort dette før spring til næraste ledige rom.

– Vi må ha ein debatt om sjetteårspengane til høgskulane, seier Gunnveig Grødeland, mangeårig studentpolitikar, og tar han sjølv:

– Dei ynskjer jo ikkje å bruke pengane på noko. Vi kan ikkje gi pengar til noko som skjer om fem år, seier ho.

I salen er stemninga hektisk. Forslag på forslag blir skrive og levert inn til ein overoppheta ordstyrar. Ved sidan av han sit Julianne Johnsen, organisasjonssekretær for studentdemokratiet. Ho sukkar.

– Eg blei førespegla at dette skulle gå raskt. Men no kom det inn mange forslag likevel. Dette tar nok si tid, seier ho.

Sosialdemokratane kjem tilbake til salen.

– Er det alltid så hektisk i studentpolitikken?

– Nei, det kan vere alt frå det trivielle til heilt Texas, slik det er no, seier Ingjald Pilskog.

TYSDAG, HALVTIMEN SEINARE, VELFERDSTINGETS BUDSJETTMØTE, SV-BYGGET, STORT AUDITORIUM

– Kan salen kome til ro, og kan den som har stole forslaget til Geir Pollestad venlegast levere det tilbake, opnar ordstyrar Erik.

Det er på tide å debattere budsjettet. Men alle er einige om hovudtrekka. Nokre titusen kroner flyg rundt. Skal Jussformidlinga ha dei? Studentradioen? Kulturstyret? Eller skal Bergenstudenten.no få halde på pengane sine?

Høgskulane, Entreprenørane og Moderat liste gjer kort prosess. Bergenstudenten.no skal framleis bli finansiert av semesteravgifta di.

Resten er plankekøyring. Klokka 19.24 blir budsjettet til Studentvelferda vedtatt, også heilomvendinga for Karrieresenteret. Studentpolitikarane gir applaus til seg sjølve.

Berre ein viktig ting gjenstår: Skal studentane ved høgskulane få boltre seg med 1,4 millionar om nokre år?

– Velferdstinget har tydelegvis ikkje lært noko om å levere forslag før møtet, seier Geir Pollestad frå Grøn liste.

– Det er hemngjerrig å binde Velferdstinget i seks år berre fordi dei kjente seg oversett då vi vedtok Kvarteret-utbygginga, seier sosialdemokrat Gunnveig Grødeland. Ho vil ha ein protokolltilførsel for å understreke kor ille dette er. Trasig nok blir den berre skriven under av to andre.

– Vi har uansett bunde oss for fem år. Kvifor er det uansvarleg med eit år til, spør John Erling Nordbø frå HiB. Gunnveig parerer:

– Eg veit at Kvarteret og UiB vil bestå om fem år. Men vil høgskulane og deira kulturtilbod gjere det?

Trass i heftige protestar er ikkje resten av salen særleg samd med sosialdemokratane og dei grøne. Auken i semesteravgifta skal vare eit år til.

– Då er vi ferdige, seier ordstyrar Erik, og salen reiser seg momentant.

– Men vent, vi har framleis nokre protokolltilførslar, seier han. Salen sukkar over sitt eige møteplageri.

– Ja ja, gå heim no. Keisamt, keisamt, ropar Jette Christensen.

TYSDAG, I GOD TID FØR CHAMPIONS LEAGUE, MØTESLUTT, UTFOR SV-BYGGET

– Vi blei tidleg ferdig. Det må vere ny rekord, seier ein nøgd komitéleiar Kjetil. Han fekk gjennom budsjettet utan ei einaste endring.

– Freistar det å bli politikar seinare?

– Ha ha ha. Nei, helst ikkje.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE FRA APARTE
SISTE FRA MIDTEN