Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Tolmod på tom mage


 
RAMADAN
Ramadan er den niande månaden i den muslimske kalenderen.
Dette er fastemånaden og ein av dei fem søylene i islam.
Å faste i islam betyr å avstå fra mat, drikke og seksuelt samliv fra morgengry til solnedgang for Guds skyld.
I år starta ramadan den 24. september

Sidan 24. september har muslimar verda over haldt seg borte fra mat, drikke og seksuelt samliv fra morgengry til solnedgang. Ali Farhat synest det er godt å ha ein månad med fokus på gode gjerningar og felleskap.

Tekst: MARI-LOUISE ULDBÆK STEPHAN

Vågen fetevarer, fredag klokka 13.50 Lukta av nymalte kaffibønner sviv rundt i rommet. Pratsomme gjestar nyt blingsar med brie. Andre les avisa over ein kopp americano. Blingsen må vente for Ali Farhat, eigar og drivar av Vågen fetevarer. Det er framleis mange timar til solnedgang.

– Eg stod opp for å spise klokka fem i natt. Sidan det har eg arbeida på tom mage, fortel Ali.

Ali innrømmer at han gleder seg til kaffien på Vågen i kveld, men synest likevel ikkje det er så vanskeleg å klare seg utan mat og drikke i 13 timar kvar dag ein heil månad.

– Dei tre første dagane var det litt tungt, men etterkvart gjekk det greitt. Visste du forresten at det er vitskapleg bevist at faste er bra for helsa? spør Ali. Det er bra for magen å få litt pause, fortel han.

Ali flytta til Noreg for fire år sidan. Han synest skilnadane mellom ramadan i Bergen og heimlandet er stor.

– Det er ikkje eit ramadanmiljø i Noreg på same måte som i Palestina. Du kan faste og be, men det blir veldig annleis når ikkje alle rundt deg fastar. Går ein rundt i Bergen sentrum fredag kveld er det full aktivitet. I heimlandet mitt er det ikkje liv i gatene etter at sola har gått ned. Alle er heime eller i moskéen for å ete saman med familie og venner.

Å hjelpe dei fattige er ein annan viktig del av ramadan. Ali synest dette er lettare i Palestina.

– Dei fattige er meir synlege i Palestina. Ein kan gå bort til dei på gata og gje dei pengar eller mat. Dette fungerer ikkje på same måte i Noreg.

I muslimske land er fredag heilagdag. At fredag er ein heilt vanleg arbeidsdag i Noreg, fører til at muslimar i Bergen nærmast går i skytteltrafikk mellom arbeidet og moskéen under ramadan. Ali tek pause i kaffilaginga på Vågen. Han skal til moskéen for å ta del i ettermiddagsbønna.

Svarte fliser. Slitt treverk. Vindauge med gardiner som er trekt for. Den anonyme fasaden vekkjer lite merksemd langs den trafikkerte Nøstegata. Samlingspunktet for muslimar i Bergen er ikkje lett å legge merke til ved første augekast, men kjem ein dit til bønnetid yrar det av liv.

Oppmodinga om å sette skoa sine i hylla er ikkje lenger mogleg å følgje. Hylla er full. Resten av skoa ligg i ein stor haug på golvet. Folk strøymer til frå ulike kantar. Fedrar med sønene sine, kameratar, veninner. Når bønna set i gang er det så fullt at dei siste må presse seg inn for å få plass i bønnerommet.

– Moskéen i Bergen er eit viktig samlingpunkt for muslimar i Bergen, fortel Ali, spesielt under ramadan. Her kan folk som ikkje har så mange venner komme for å møte andre. Det er viktig å ikkje vere aleine i ramadan. Ramadan er ei tid for felleskap.

Ramdan er også ei tid for tolmod og tilgiving.

– Når ein er svolten. er det lettare å bli sur og irritert, vedkjenner Ali. På den måten set du tolmodet på prøve i fastetida. Har du ei konflikt med nokon, er ramadan tida for å ta tak i dette. Ramadan er ein månad for tilgiving og gode gjerningar.

Assalaamu aleikum. - Aleikum assalaamu.

Bøna er ferdig. Mennene helsar med faste handtrykk og smiler til kvarandre i det dei forlet bønnerommet. Folk slår av ein prat med på fortauet. Etter stemninga å dømme kunne dei ha stått der i mange timar. Men arbeidet kallar, også for Ali.

Kveldsmåltidet. Klokka er ti over sju og sola har akkurat gått ned. Kvinner og menn er samla i kvar sine rom i moskéen. Meter på meter av gråpapir fungerer som ein provisorisk duk for kveldens iftar (måltidet som bryt fasten). Juice, mjølk, brus, frukt og kanelgiflar ligg klar til dei skrubbsvoltne gjestane. Etter det lette måltidet er det tid for kveldsbønn. Arabiske ord fyller rommet. Mennene er vendt mot imamen og Mekka, dei kneler til ære for Allah.

Inne hos damene er det ikkje så folksomt. Rommet er mindre og kveldsbønna kan høyrast over høgtalaren i taket. Kvinnene er i godt humør. Det er tydeleg at dei set pris på å møte venner og kjende i moskéen. Kveldbøna er ferdig og dagens middag kjem på bordet.

– Det er ho som har laga all maten, seier damene og peikar mot ei kvinne med eit lite barn på armen.

Kvinna ser brått litt beskjeden ut, men fortel at det tok over fem timar å koke middag til så mange. Velduftane ris og sterkt krydra kyllinggryte er dagens meny.

For oss ikkje-muslimar som aldri har fasta, er det vanskeleg å forestille seg kor svoltne desse kvinnene er akkurat no. Det er veldig mange timar sidan klokka fem i dag tidleg.

– Ansvaret for å lage mat til alle i moskéen går på rundgang, fortel Ali i det han kjem ut frå kveldsmåltidet i naborommet.

-Det er eit omfattande arbeid å lage mat til 60 personar, men under ramadan er det ekstra positivt å gjere slike gode gjerningar. Gud si belønning, hasanat, blir dobla hundre gonger, seier han.

Kveldsmåltidet er over. Folk vender nasen heim. Ali er god og mett frå måltidet, men noko manglar.

– No må eg bort på Vågen igjen. Eg treng ein sterk kaffi, seier Ali med eit smil.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE FRA APARTE
SISTE FRA MIDTEN