Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Kickar på kaffi

Bergens beste Barista


VINNAREN. Rasmus Helgebostad vinn tevlinga, og går vidare til NM i mars. FOTO: ESPEN KJELLING


GLØYMDE SKJORTA. Iført nykjøpt skjorte briljerte Hans Erik Schumann Kleive, og tok tredjeplass i kvalifiseringa. FOTO: ESPEN KJELLING

 

BARISTA. Kristin Marie Øfjord (24) ser fram til konkurransen, der ho deltek med sin komposisjon, «Fat Chance». FOTO: ESPEN KJELLING
MER OM DENNE SAKEN:
Bli din eigen Barista
«FAT CHANCE»
Kristin sin signaturdrikk

- Ei halv ts meierismør i eit espressoglas.
- La espressoen renne over og smelte smøret.
- Rist lønnesirup saman med fløyte.
- Hell over i glaset.
- Toppast med riven, mørk kokesjokolade.

VINNARDRIKK
Oppskrift av Rasmus Helgebostad

- Espresso
- Italiensk mascarponeost
- Kremfløyte
- Melis
- Sukker
- Lime
- Ingefær

(Blandingsforhold ukjent)

REGLAR FOR KLASSISK BARISTAKUNST
NM-kvalifisering

- Alle interesserte kan delta i konkurransen
- Deltakarane får ti minutt på å forberede seg før konkurransen, ti minutt til å lage to espresso, to cappuccino og to eigenkomponerte kaffedrikkar
- Det er seks forskjellige kvalifiseringskretsar i Noreg
- Vinnaren frå sin kvalifiseringsby går automatisk til finalen.
- Finale i NM går av stabelen i Ålesund, 8. - 10. mars


Kjelde: www.scae.no

Baristaer serverar deg kaffi med eit smil, og passar på at du kjenner deg velkomen i kaffebaren. Men deira brennande konkurranseinstinkt ulmar like under overflata.

Tekst: KAROLINE VÅRDAL

– Det var ein svært jamn konkurranse, og spesielt blant det tre øvste plasseringane, røper konferansieren under NM-kvalifiseringa til Klassisk Baristakunst. Konkurransen er avslutta, og deltakarane ventar spent på domen.

Dagen før kvalifiseringa. Barista Kaffebar er fylt til randen. Det er ein iskald og klar onsdagsettermiddag. Finvêret har lokka bergensarane ut av husa sine, og etter ein tur på Fløien, varmar det med ein kaffikopp.

Kristin Marie Øfjord (24) står bak disken og lokkar gjestane med velsmakande kaffirettar. På bestilling serverar ho caffe latte i høge glas, og brukar mjølka til å dekorere med flotte hjartemønster.

Ein pause i studia for Kristin førte til heiltidsjobb og dyrking av lidenskapen kaffi. Kaffi har vore eit interessefelt for Kristin sidan ho var svært ung. - Eg er ikkje så nervøs for kvalifiseringa i morgon, fortel ho om konkurransen. - Eg fekk eit tips om å sjå på dommarane som mine to yndlingskundar. Så då går det nok bra, seier ho optimistisk. Kristin er den einaste frå Barista i Stølegaten som er påmeldt til NM-kvalifiseringa.

Espressomaskina stønner høgt, i det vatnet sildrar gjennom espressoen som er pressa saman i bajonetten. Kristin sirkulerar mjølka og skummet, med kraftige røyrsler i det metalliske desilitermålet. Teknikken sit i fingrane.

– Eg har inntrykk av at svært mange drikk kaffe, men få veit noko særleg om dei forskjellige typane. Det er eigentleg veldig interessant, fortel ho, utan å ta oppmerksemda bort frå arbeidet.

Innimellom stikk ho hovudet over disken for å helse dei nye gjestane velkomen. Både stamkundar, samt små og store deltakarar i akebakken, varmar seg i kafeen. Dei har tatt med seg snø og slaps utanfrå, som malar ei våt stripe i golvet.

I tillegg til å lage to cappuccino og to espresso i konkurransen, skal ho også produsere ein eigenkomponert signaturdrink.

– Drikken er ein espresso-shot. Den er kraftig og søt, og passar best som ein dessertshot, forklarer Kristin. Kaffivarianten Kristin stiller med, er ein form for «conpanna», espresso med rista fløyte i. Sidan Kristin også nyttar sirup i fløyta, er det ein utvida conpannaversjon. Oppskrifta på signaturdrikken har ho kverna på sidan i fjor. - Signaturdrikken min har fått namnet «Fat chance». Namnet byggjer på feittinnhaldet i drikken, som blant anna er meierismør, sirup og fløyte. I tillegg er det fyrste gong eg deltek i denne kvalifiseringa, forklarer ho.

Oda Misje Haug frå Dromedar Kaffebar er neste deltakar ut i konkurransen. Den unge baristaen er berre 16 år, men tek utfordringa på strak arm. Med stødige hender og varma blåbærsirup, tryllar ho fram kaffirettane. Den varma blåbæsirupen luktar uimotståeleg i lokalet. Tilskoarane på bakerste rekke strekk seg mot baren for å få med seg kokkekunstane til den unge deltakaren.

– Eg går for sjeldan på andre kafear til å vite kven som er flinke kaffekokkar i byen, fortel Kristin. Ho kjenner namnet på sine konkurrentar, men veit lite om deira kunnskapar. Kristin trur ikkje ho har moglegheit til å vinne.

– Eg har nok for lite erfaring, og det er fleire som har vore med i tevlinga før. Dei har nok større kjennskap til kva dommarane krev. Samstundes er espressomaskina på Dromedar Kaffebar svært forskjellig frå den som vi nyttar på Barista, forklarer ho.

Espressojazz framførast av DJ Espen Horne, og tilfører eit jazza preg til NM-kvalifiseringa i Klassisk Baristakunst. Deltakar Rasmus Helgebostad frå Det Lille Kaffekompaniet, har akkurat fullført sin signaturdrikk. Med skjelvande hender serverar han den rykande fersk til dei to dommarane.

I kvalifiseringa i Bergen er det sju jenter, og berre tre gutar som har meldt seg på kvalifiserande runde. Sjølv om kjønnsfordelinga er svært ujavn i denne konkurransen, er det ikkje slik på landsbasis. - At så få gutar deltek er eit typisk bergensfenomen, fortel Rasmus Helgebostad frå Det Lille Kaffekompaniet.

– I NM er det heilt klart overvekt av gutar, forklarer han og trekk jakka tettare rundt seg i den strenge januarkulda.

Rasmus tek ein pause utanfor Dromedar, etter akkurat å ha framført sine kunstar. Han er fortsatt raud i kinna frå opptredenenen.

– Eg var så nervøs, sjølv etter å ha delteke på kvalifiseringa i fire år. Ein skulle tru det går over? Smiler han.

Rasmus stilte i det nordiske Baristameisterskapet i København, der laget hans vann. Han har også delteke i NM tidlegare.

– NM er noko heilt anna enn ei kvalifisering, fortel han.

– Juryen består av sju dommarar, i tillegg har deltakarane mikrofon, og tevlinga blir synt på storskjerm. Konkurransen foregår på ein ukjent arena, og ikkje i ein kaffebar. Personfokuset blir enormt, fortel han.

– JA! Eg kom ikkje på siste plass! Eg kom på nest siste! Juryen har kome med sin dom, og Kristin har akkurat sjekka resultatlista. Jubelen står i taket. Sjølv om Kristin fekk trekk for å ha brukt for lang tid, er ho nøgd med resultatet.

Vinnaren av den regionale kvalifiseringa er Rasmus Helgebostad. Annonseringa fører til ellevill jubel i kafeen, og ein tydeleg stolt Rasmus får gratulasjonar frå sine kollegaer. Fyrsteplassen kapra han framfor kollega Anders Dahle og Hans Erik Schumann Kleive, som tar andre og tredje plass.

Sjølv om det ikkje blei finaleplass for Kristin, er ho nøgd med deltakinga. - No veit eg meir om kva som krevjast. Så då kan eg trene i eitt år til og kome sterkare tilbake, konkluderar ho.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE FRA APARTE
SISTE FRA MIDTEN