Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Slår med kjensler


 
KICKBOXING
Kickboxing er ein kampsport utvikla i Japan, og har i seg mange av elementa innan karate og boksing. Ein nyttar både slag og spark, og koordinasjon og fart er viktig.

I Norge har kickboxing vorte praktisert sidan midten av 70-talet.

Kickboxingkampar opererer med lett-, semi- og fullkontakt.

For å gå fullkontaktkamp må du kvalifisere deg med gullmerke. I Norge kan du kan gå kamp opp til fylte 35 år.

Sparring vil seie å slåst mot motstandaren på trening eller i ein kort omgang, med visse modifikasjonar som gjer kampen sikrare.

Øyredøyvande rop hyllar den sigrande mannen i ringen. Han er stjerne for ein kveld på New Generation Fight Night.

Tekst: INGERID JORDAL

Musikken er på grensa til det smertefulle. Arrangørane flyr omkring som piska skinn medan salen i Teatergarasjen langsomt vert fylt opp. Det er ein stor dag. Unge utøvarar innan kickboxing skal vise seg fram. Kickboxingturneringa New Generation Fight Night er snart i gang.

– I ei heil veke har eg vore nervøs, men no når eg er her, er eg roleg, seier 25 år gamle Britt-Janne Mardal.

Ho gler seg. Ho har allereie gått sparrekampar i utlandet og ein i Norge.

– Når du går inn i ringen, merkar du ikkje publikum, du blir utruleg fokusert. Det er herleg!

Britt-Janne gav opp åtte år med handball då ho oppdaga kickboxing.

– Det var midt i blinken for meg. Det gjev deg utruleg masse, og alt er avhengig av deg sjølv.

Men korleis kjennest det å få seg ein på trynet?

– Du vert sint! Du vil slå tilbake!

Men er det så bra å vere sint?

– Du må vere litt valdeleg, seier Sadiq Nikbin, som for tida går rundt med bandasje på handa etter å ha slått til Britt Janne i panna på trening.

Han snakkar om kontroll og kanalisering av aggresjon.

– Me slår med kjensler. Kjenslene kan vere sinne, uro eller skuffelse. Det same gjer motstandaren, me deltek på same premisser. Alle i miljøet er solidariske, me er jo kollegaer. Slår du for hardt mistar du venner.

Midt i salen står den opphøgde ringen, opplyst av kvitt ljos. Resten av salen ligg i mørke. Rundt ringen er VIP-borda plasserte, medan hovudsakleg ungdommar sit på tribunen. Klientellet på Teatergarasjen er noko annleis enn vanleg, men det er inga homogen gruppe. Pannebåndguttar, metallhovud, jenter i lårkorte skjørt og joggebukser går saman med middelaldrande menn i skinnjakke. Det er mange som kjem for å heie fram kompisar, søner, døtrer, sysken eller kjærestar. Dei brukar gjerne fem timar av laurdagskvelden på å sjå sine næraste slå og sparke seg til heider og ære.

I ein sofa bak galleriet sit tre unge utøvarar frå Fyllingsdalen. Dei ser ut som frisk og glad ungdom, og absolutt ingen blodtørstige råskinn. To av dei skal freiste å ta gullmerke i dag, kvalifikasjonen for å gå fullkontaktkampar. Og det er kampane som er målet.

– Det e'kje så jæla vanskelig! gaulast det frå ein i publikum.

Slaget er i gang.

– Spark! Spark! Kor e’ sparkene dine? Publikum ropar til kompisar i ringen. I tre gangar to minutt skal dei vise fram alt dei har lært, og det er tydeleg at dei får litt «rough love» frå trenaren.

– Are you listening to me?! Are you listening to me?! roper trenar Lee Harris til Cesar Kjerr i pausen, medan han held hovudet hans fast og stirrar han intenst inn i auga. Så mjuknar han:

–You’re doing FINE!

Nokre timar tidlegare visar Lee stolt fram boksaren sin. For å overbevise dreg han for sikkerhets skuld opp t-skjorta hans, som skjuler eit imponerande vaskebrett.

– Check it out! Denne karen var ein liten tjukkas når han kom til meg! Sjå på han no!

Akkurat det med tjukkas er vanskeleg å tru, men at kickboxing er god trening, er utvilsamt.

– Eg vil fortelje deg alt du treng å gjere for å bli ein god boksar -alt! Kva du skal ete, kor mykje du skal sove, når du skal trene. Det er ein livsstil, seier Lee, som har bakgrunn som boksar og trenar i England.

– Eg kom til Norge fordi folk her er meir innstilte på sport. Dei er fokuserte, målbevisste og dedikerte. Spesielt jentene. På turneringa er kjønnsbalansen om lag 50/50.

Kickboxing er ein forholdsvis ny kampsport som kom frå Japan til Europa og USA på 70-talet. Den er utvikla frå karate og boksing, og vert praktisert som ei treningsform så vel som konkurranseform. Det er knallhard trening, og mange fell frå tidleg. Men dei som fortset er absolutt dedikerte.

Kva slags menneske er det som driv med kickboxing?

– That’s the beauty of it, gliser Trevor Ambrose, fem gonger verdsmeister. Etter å ha starta to suksessrike kickboxingklubbar i England, kom han til Norge.

– Dei kjem frå alle samfunnsklassar, rike og fattige, svarte og kvite. Studentar, politifolk og arbeidslause finn samhald og tilhøyre gjennom sporten. Kickboxing er ein sport som veks. For nokre få år sidan var det berre ein klubb i Bergensområdet, no er det fem! Og desse turneringane promoterer vidare.

Boksarar frå Norge, Skottland, Nord-Irland og Filippinene møter kvarandre i ringen i dag. Konsentrasjonen står skrive i andletet til verdsmeister Lydia Braniff frå Belfast. Kraftig raudt hår i ein gedigen hestehale, ein liten kvit kropp beståande av musklar. Ho er som ein eksplosjon, og kampen vert stogga før tida. Motstandaren vil ikkje meir.

Kampane går raskt unna, etter oppskrifta. Dommarane seier sitt. Etter kvar kamp er det klem og gruppebilete. Boksarane inntek utgangsposisjon, med begge knyttnevane reist opp mot ansiktet, morskar seg i fjeset og ser rett i kamera.

– Då e’ vi tilbake til Temptation Island…Askøy, altså.

Konferansieren er ein liten moroklump, og han let aldri sjansen gå frå seg til å slå ein meir eller mindre flau vits. Endeleg er det Britt Janne som skal til pers. Det er lett å se at askøyværingane har stilt opp mannssterke for å heie fram sine. Salen hyllar Britt Janne som ei dronning, der ho spring inn mot ringen til dundrande hip-hop. Dei får svar. Som mange av dei norske utøvarane visar ho at ho trivst her. Dansesteg, hopp og skamlaust frieri til publikum er ein del av pakka. Nokre ord med trenar og dommar, litt flikking på utstyr.

Gongongen slår, og kampen startar.

Bak tribunen varmar Ryan Olida frå Filippinene opp med ei salig blanding av discodansing, boksing og spark. Etterpå vert han innsmurt med tigerbalsam som dunstar ut heile rommet. Boksarane, spesielt dei tilreisande, ser ut til å alltid ha med seg nokre til å passe på dei. Ein som alltid er klar til å kle på dei, tørke sveitte, helle vatn i strupen eller - som i eit tilfelle - klippe uforskriftsmessige lange tåneglar rett før kampstart.

Trenarane si omsorg for boksarane er stor.

– Det er stor lagånd, me er veldig samansveisa. Me har ti boksarar som alle heiar på kvarandre. Ikkje som i eit fotballag, der ein eller to vert stjerner. Her får alle si tid, alle er stjerner. Kampen er personleg, fastslår Lee.

Damene slår frå seg. Ein dump lyd høyrest og spyttklyser flyr. Sveitten silar. Men blodet flyt ikkje. Litt naseblod frå ein ire er alt me får av riktig dramatikk.

– Hon e’ trøtt no! Spark te!

– Ikkje ha respekt! Ikkje ha respekt!

– Aggressivt! Gaular Britt Janne til jentene i ringen. Ho måtte sjølv sjå seg slått av sin skotske motstandar.

– Eg var for treg, skulle hatt meir tempo. Eg rygga for mykje.

Kjærasten Geir Liabø tykkjer det er heilt kult at dama går i ringen.

– Fleire jenter skulle ha drive med dette, glisar han.

Han er ikkje det minste uroleg når Britt Janne slåst. Det er trygge rammer her i Norge.

– Det er jo dette ho brenn for, og då er det ikkje mogleg å stogge ho.

Det verkar ikkje slik. Håret står til alle kantar, sveitten har enno ikkje tørka heilt, men gliset er stort. Britt-Janne har vore i ringen og hatt sine minutt i rampelyset.

– Det var heilt fantastisk å komme inn i salen, sjå alle som heia på meg, kjenne at dette var min kamp. Men eg skulle vore meir aggressiv. Neste gong!



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE FRA APARTE
SISTE FRA MIDTEN