Det er natt til søndag. Klokka er langt over midnatt og plassen er ein politibil. Ikkje berre mørket, men også usedvanlig store mengder snø, har senka seg over Vestlandet. Men at nedbøren kjem i form av lett puddersnø, blir i Bergen heller eit påskott enn ei hindring for ein tur på galeien.
Brått sprakar det frå politiradioen;
– Me har ein situasjon oppe ved Pingvinen. Ein mann med slagvåpen truar med å slå ned vakten, rapporterar den anonyme stemmen.
Med ein kjapp manøver er politibilen snudd i retning Vaskerelvsmauet. Bilen akselererar. Det illevarslande blålyset gir eit dramatisk blått gjenskin i den kvite snøen. Frå FM-radioen siv det ut fartsfylte tonar frå Michael Jacksons «Thriller».
Eg speidar med blikket og lar meg engasjere i det som fortoner seg som nettopp ein thriller i ein elles triviell studentkvardag. Men for politiet i Bergen sentrum er slike situasjonar kvardagskost.
– Uprovosert vald er ein gjengangar i rusrelaterte samanhengar. Det verste bråket startar vanlegvis på denne tida, forklarar politibetjent og innsatsleiar Frank Listøl.
Med sindig stemme legg han til at tre patruljar er på veg for å ta hand om den aggressive mannen.
Eg gløttar ned på klokka. Ho nærmar seg halv tre idet bilen stoppar opp. På hjørnet utanfor ligg utestaden Pingvinen, som no er fylt til randen med meir eller mindre bedugga, høglytte menneske.
– Mannen er ikledd ei grøn jakke og olabukser. Rundt 1.90 høg med mørkt, halvlangt hår, sprakar det nok ein gong frå politiradioen.
Berre minuttar seinare er den krakilske mannen pågrepen, avvæpna og lagt i jern av åtte rutinerte ordensmenn. Bergen sentrum er kvitt ei urokråke, men nattens spetakkel blir ein dyr affære for hissigproppen.
– Straffa blir overnatting på Bergens dyraste hotell. I morgon er mannen minst 5000 kroner fattigare, seier Listøl.
Halvannan time tilbake i tid. Snøfillene faller tett over Torgallmenningen, og store hordar med feststemte menneske er i ferd med å innta dei mange barane og nattklubbane som omkransar plassen. I sine karakteristiske smørgule jakker er Natteravnene på plass for dei som måtte ha behov for å slå av ein prat.
Jostein Olsen og Tor Blaha er veteranar når det gjeld natteravnsvandring. Tor har vore aktiv ravn i snart tolv år og ser eit klart behov for deira nærvær.
– Folk var skeptiske og slang meir dritt før. Dei siste åra har dei blitt mykje flinkare til å oppsøke oss når vi er på vandring, seier han.
Ved Skostredet ligg ei høgst ulukkeleg jente på kne i den djupe snøen. Det mørke håret ligg klistra inntil tårevåte kinn. Jostein og dei andre ravnane nølar. I utgangspunktet oppsøker ikkje Natteravnene kontakt på eiget initiativ, men jenta ser så forkommen ut at dei tilbyr henne skyss heim. Ho hikstar og kikkar opp. Mascaraen er klint utover andletet. Ho snerrar bryskt og slenger ut den eine kraftsalven etter den andre.
– Jævlar! Dra til helvete, for faen!
Ravnene forstår når dei er uønska og vandrar stille vidare.
– Slike utskjellingar må vi tåle. Spesielt jenter er ofte veldig sinte. Truleg er det sjalusi og sterke kjensler som får utløp når dei drikk, seier Olsen nøkternt.
– Men hadde politiet sett det hadde dei gjort kort prosess. Det bærer rett i kjellaren, og fyllearresten er ingen god lærdom.
Nede på Zachariasbryggen går ting roleg for seg. På den kvitbelagte bakken utanfor Sjøboden ligg to jenter iført korte skjørt og nylonstrømper tynne som spindelvev. Dei flaksar med armar og bein og etterlet seg to snøenglar, før dei lattermilde spring vidare langs bryggekanten.
– Dei aller fleste er fullt oppegåande og det meste er berre uskyldig moro, men kva som går føre seg i mørke smau anar ikkje me, seier Olsen.
Han tar ein pause. Sender eit lite nikk i retning av ein kraftig mann på ein campingstol. Mannen smilar bak det uflidde skjegget og drar til med ein framand melodi på trekkspelet sitt.
– Skillet mellom natteravn og politi er viktig. Det skal vere trygt å snakke med oss, men me kan sjølvsagt ikkje oversjå kriminalitet, fortel Olsen.
Frank Listøl og makkeren hans, Annette Rekdal, trur det kan være mykje å hente i eit betre samarbeid med Natteravnene enn det politiet i Bergen har i dag.
– Natteravnene er eit bra tilskot i byen. Men eg kan ikkje hugse sist dei rapporterte til oss. Om dei snakkar med kvarandre eller om dei snakkar med ungdommen er for oss ukjent, seier Listøl som veit at politiet og Natteravnene i Oslo har fått til ein fruktbar dialog.
Urinering og drikking på offentleg plass, lekamskading og gjengbråk er dei mest hyppige lovbrota etter mørkets frambrot i helgene.
– Gutar født i årgang 1987, 1988 og 1989 er dei verste bråkebøttene, kommenterer betjent Listøl.
– Pang! Eit prosjektil av ein snøball treff bakruta på politibilen. Våghalsen som kasta er ikkje å sjå, men ikkje alle er like flinke å skjule seg i det dei begår ein ugjerning. Midt på Torgallmenningen, i alles åsyn blir ein pils satt til livs av ein tørst ung mann. Det blir ei kostbar nyting. Heile 2000 raske er prisen for drikking på offentleg plass. Den audmjuke konsumenten tømmer ut siste rest frå ølboksen og held henda til vers.
– Reaksjonane er veldig forskjellige. Nokre jenter gråter sine modige tårer, andre aksepterar bota utan kverulering. Det kjem an på økonomien, seier Listøl.
Klokka nærmar seg halv fire og nattklubbane er iferd med å tømmast. Borte ved SAS hotellet står ein ung dresskledd mann og skrik med skjør whiskystemme.
– Eg er hetero, eg er hetero!
Kompisen riv og slit han i ermet, i håp om å få han med seg heim før natt blir til dag. Som Bambi på isen styltar ei kvinne seg uforstyrra forbi på stiletthælane sine. Overkroppen er bøyd framover, og dei smale augo vitnar om at ho er metta på fest og moro for denne gong.
– Herregud, ein skulle tru ho gjekk i motvind, kommenterer Rekdal, som har sett mykje rar oppførsel blant berusa folk opp gjennom tidene.
Tre rådville gutar sjanglar bort til politibilen. På gebrokken engelsk spør dei om korleis dei lettast kan komme seg til Fantoft.
– Walk, svarar Listøl momentant og peikar sørover.
Gutane flirar, men Listøl meiner alvor.
– Drosjekø er eit stort problem i Bergen sentrum og gir utspring til mang ein slåsskamp. Det er ikkje uvanleg at folk mistar tenner medan dei ventar på skyss heim, seier han.
Men for folk flest endar heldigvis ein kveld på byen på ein langt meir fornøyeleg - og lovleg måte. I søt harmoni under eit dunkelt gatelys i Nygårdsgata, står eit hengivent par i vinterjakker og omfamnar kvarandre idet natta glir over i dagen derpå.
Sitat: «Spesielt jenter er ofte veldig sinte. Truleg er det sjalusi og sterke kjensler som får utløp når dei drikk» Jostein Olsen, natteravn.
Sitat: «Det er ikkje uvanleg at folk mistar tenner medan dei ventar på skyss heim» Frank Listøl, politibetjent.