Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Popkorn, film og do-kultur


 

FRYNSEGODER. Ida Rødsand er stortrivst på jobben. Popkorn-inferno og toalettvask er gløymd under BIFF og når ho får sette seg i kinomørkret. FOTO: HANNE SKARSTEIN

KLARE AUGE. Maskinistane må heile tida halde eit auge med lerretet. FOTO: HANNE SKARSTEIN

MASKINJENTA. Når du kryp ned i kinosetet, er det gjerne takka vere maskinist Susanne Tøsse at du får valuta for pengane. FOTO: HANNE SKARSTEIN

FILMFOLK. I Konsertpaleet, som tidlegare husa Bergen Filharmoniske Orkester, vrimlar det med filmelskarar. I neste augneblink er det atter aude. FOTO: HANNE SKARSTEIN

NAM NAM. Etter den søte kløe etter snop, må dei som jobbar på kinoen hanskast med den sure svie når dei ryddar etter barnefilmar. Likevel er Bergen kino ein av dei mest populære arbeidsstadane for studentar. FOTO: HANNE SKARSTEIN
I 2004 var det sju gongar vanskelegare å få jobb som reinhaldar på kinoen enn å kome inn på medisinstudiet. Maskinist Susanne Tøsse er ein av dei heldige studentane.

Tekst: JANNE G. SØRGULEN

Ein må opp i meir enn ei trapp, og definitivt inn mykje meir enn éi dør for å finne basen til filmmaskinist Sveinung Arnesen. Men etter fire års vandring i korridorane på vekselvis Konsertpaleet og Magnus Barfot, går føtene på autopilot.

– Er det ikkje noko sport på TV-en no? spør han fjernsynet, idet han sikkar og sakkar seg mellom flimrande bilete. Medan studentar flest får kronasje via å dele ut plastikkposar, kvitteringar og småmyntar, får ein liten handfull gjere som Tøfflus i Skomakergata: Snurre film.

Maskinisten har nett sett i gang animasjonsfilmen «Persepolis», og har no funne plass blant kaffitraktar, stolar, aviser, ein kjøkenbenk og to TV-skjermar. Ein liten. Ein stor. «Minsten» av skjermane veit ikkje å slå seg til ro, og byter mellom bilete frå KP1, KP2, KP3 og KP4 – salane som er spikra til Sveinung sitt skift.

– Som du ser får eg eigentleg aldri med meg filmen frå start til slutt. Eg må følgje med heile tida, i tilfelle noko skulle gå gale. Men det vert gjerne tid til å skumlese avisa, seier Arnesen.

Vegen inn i maskinistrolla starta med sivilteneste på Cinemateket. Etterkvart fikk studenten gje seg i kast med kurs. Og noko rett må han ha gjort, ettersom kinoen let han sleppe gjennom nålauget.

– Når ein har dreisen på det, tek det gjerne ikkje meir enn ti minutt å setje på ein film. Men om det går gale, går det òg veldig gale, erkjenner han.

– Når maskinistane drit på draget, er det vi som må kome med ei orsaking til publikum, flirer kollega Ida Rødsand.

POPKORN-THRILLER

Arnesen og Rødsand jobbar ved ein av dei mest ettertrakta arbeidsplassane blant studentar. Av rundt 90 tilsette, er 50 studentar.

– Sjølv om vi no ikkje har nokre ledige stillingar, kjem der kvar veke rundt ti søknadar. Alle går på vidaregåande, høgskule eller Universitetet. Når vi då endeleg treng folk, har vi 100 søknader liggande. Vi kan velje frå øvste hylle, seier driftsleiar Hans Øksenvåg.

Etter fullført sommar- eller juleferie, er det endå fleire om beinet. Øksenvåg rådar dei ivrigaste søkjarane til å halde kinoen litt i øyrene. Elles er det mest sannsynleg at søknaden druknar i innboksen.

– Ring jamleg, og vis interesse. Send søknad elektronisk. Vi har ikkje eigne tilsette som les gjennom alle søknadane. Då er det gjerne dei som utmerkar seg som endar opp med å få jobben, seier han.

Ein del av jobben er å halde seg oppdatert på filmfronten. Tidvis blir det sett opp eigne framsyningar for dei tilsette. Når du spør etter ein klassikar, skal dei kunne svare utan å dvele for mykje.

– Mange vert plutseleg gode vennar med oss, når dei får nyss i at vi får to fribillettar til alle filmar som går, flirer Rødsand.

Du ser ho oftast i billettluka, eller ved overgangen til kinomørkret, der ho riv hovudet av kinobillettar.

– Det kjipaste er nok å vaske toaletta. Elles er eg fascinert over korleis kinosalen kan sjå ut som eit bomba horehus etter at ein barnefilm er ferdig. Foreldrene gjer på ein måte ikkje eit sjakktrekk når dei gjev ein treåring eit fullt popkorn-beger, sukkar Rødsand.

Billettøren lyser derimot opp når vi kjem med stikkordet: BIFF (Bergen Internasjonale Filmfestival).

– I denne jobben er BIFF creme de la creme. Elles er det eit fantastisk godt arbeidmiljø, med gamle traverar og mange studentar, fortel ho.

Tala seier i alle fall sitt: I 2004 var det nemleg sju gongar vanskelegare å få jobb som reinhaldar på kinoen enn å kome inn på medisinstudiet. Av dei 730 som søkte på 24 jobbar som reinhaldarar og billettseljarar, var 95 prosent studentar.

Toalettskålene til kinogjengarane må vere blant dei mest ettertrakta reingjeringsobjekta i byen.

KINO-DRAMA

Det opne landskapet i maskinrommet er til ei kvar tid pryda med to-tre maskinistar. Nokre observerer. Nokre justerer: Lyd, bilete, maskineri, rullar. Kvite white board-tavler gjev instruksar om sendeskjemaet. «Waitress», «Familien Robinson» og «Harry Potter».

– Fleire nye filmar er no digitale, men heldigvis må framleis ein del gjerast på gamlemåten. Elles hadde eg vorte arbeidslaus, smiler Sveinung Arnesen.

Antal maskinistar har minka i takt med nedtrapping av kinoar i byen. Tidlegare fekk ein nyte film på stort lerret blant anna ved Eldorado kinoen, som låg i krysset mellom Håkonsgaten, Nygårdsgaten og Olav Kyrres gate. På folkemunn vart den kalla «Revolverhuset», ettersom det hovudsakleg vart synt action- og westernfilmar.

– Per i dag er det ein mangel på maskinistar i byen. Dei som kunne tenkje seg ein slik jobb kan gjerne starte i styret ved Filmklubben, for deretter å få tatt nokre kurs. Det kan vere ein måte å få ein jobb på kinoen, proklamerer han.

Konsertpaleet, som tidlegare husa Bergen Filharmoniske Orkester, opna samstundes med Grieghallen. Med det vart «Revolverhuset» skrive inn i historia. I 2003 vart òg Forum kino på Danmarksplass nedlagd. Bygget med den originale funkisstilen, avrunda drifta etter å ha vist den siste Star Wars-filmen. Per sommaren 2007 vart bygget seld to gongar. Sist til ei evangelisk rørsle.

MASKINIST-ACTION

Maskinist-Sveinung trålar gjennom korridorane og endar opp på den mest heilage staden: Maskinrommet. Eit stort og ope rom, utstyrt med åtte stykk hjernar, ein for kvar av salane i Konsertpaleet. Bak ein skiljevegg i rommet står ei kvitkledd, låg og lys Susanne Tøsse. I diameter, nesten ein meter stor filmrull, vert snurra rundt etterkvart som ho jobbar seg vidare på filmen «Hoppet».

Foten innanfor filmbransjen fekk ho først som vaskehjelp. No studerer ho medievitskap og har vorte oppgradert til profesjonell filmsnurrar.

Idet ein film har vorte snurra over frå den eine til den andre rullen, førebur Susanne ein ny film. På same vis som med ei symaskin, strammar, skrur og trer ho ei mørkebrun filmstripe gjennom ein liten labyrint av bøylar og hakk. Etterkvart startar det heile å rulle av seg sjølv – nett likeins dei mange jobbsøknadane som renner inn frå film-hungrige studentar.

– Alle filmane er delt opp i fleire delar når dei vert sendt til oss. Og då er det mi oppgåve som maskinist å feste delane saman til ein fullstendig film, forklarar Tøsse og tek fram noko som liknar på ei utradisjonell stiftemaskin.

Hovudinngangen, som for ein halvannan time sidan var lett krydra av folk, minner no om ei maurtue. Popkornlukt og paraplyar i skjønn foreining attåt diskuterande røyster: «Kor mykje hårspray gjekk eigentleg med i filmen ’Hairspray’?». «Er norske-dubba animasjonsfilmar eigentleg så grusame?». Og eit obligatorisk «Ka’ du syns?».



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE FRA APARTE
SISTE FRA MIDTEN