Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Reportasje.

Under nåla


BUZZZZ: Summinga frå tatoverings-utstyret høyrest ut som ein svær mygg. På tradisjonelt blekkhus-vis vert nåla dyppa i eit lite plastbeger med blekk. FOTO: MADS IVERSEN

 

NOKO Å HANSKAST MED: Med kvitt forkle, blå handskar og tatoveringsutstyr i handa, er det like før strekane vert festa til foten. FOTO: MADS IVERSEN

EI HAND Å HALDE I: Medan smilet og latteren sit laust når nåla arbeider seg rundt okla, vert handa til kjærasten (Jon Dale) klemt ekstra hardt idet den har funne vegen til framsida av foten, og høgt oppe på venstre side av leggen. FOTO: MADS IVERSEN

TEIKN OG TØRK: Med små mellomrom må tatovør Christine Horvei (19) tørka vekk blekk for å sjå strekane etterkvart som dei vert til. Etter ei stund har foten min vorte øm, og det er sårt å kjenne papiret sveipe over okla. FOTO: MADS IVERSEN

EI VEKE SEINARE: — Alle som har sett tatoveringa hittil har sagt at den er feminin og søt, fortel eg mor mi. — Det var kanskje nokon med to-tre tatoveringar sjølv som uttalte seg? lyder det over telefonlinja frå Sunnfjord. FOTO: MADS IVERSEN
Tatovering

Er ei permanent teikning som vert laga ved å leggje pigment inn under huda.
Ordet kjem av det engelske ordet «tattoo», avleia frå tahitisk «tatu» eller «tatau», som tyder å markere eller å streke.
Har vore ein del av den eurasiske kultur sidan yngre steinalder. Heilt tilbake til det andre århundret f.Kr har ein funne kinesiske mumiar med tatoveringar. Japanske tatoveringar vert hevda å ha eksistert titusen år attende i tid.
Kulturen har variert frå å gni oske inn i opne sår, til å prikke teikn inn med nåler, nesten som i dag.
I den vestlege verda var tatoveringar lenge nesten utelukka mynta på sjøfolk. Utsmykkinga vart sett på som privat og intimt, nærast uanstendig.
Frå 1980-talet vart tatoveringar vanlig blant unge vaksne, i første omgang spesielt i punkemiljø og andre ungdomsgrupper som stod i opposisjon til det etablerte vaksensamfunnet. No har tradisjonen vorte ein allminneleg mote.

Utstyrt med blokk og penn fann Janne (22) frå Studvest vegen ned i tatoveringsstolen. Om mor hennar vart glad for å høyre nyhenda...?

Tekst: JANNE G. SØRGULEN

DET ER FEBRUAR, og eg har forelska meg. Litt tilfeldig, kan du kanskje seie, men det kjendest – og kjennest framleis ekte. Gjennom jobben min i lokalavisa Bygdanytt kom eg over ein 19 år gamal lærling ved piercing- og tatoveringsstudioet Let’s Buzz. I jakta etter opningstidene deira, snubla eg over galleriet på nettsida. Og der fann eg det: Motivet. Eg har stira på bileta i nesten to månader no. Utskrifta med tre forskjellige vinklar av ei kløverliknande linje, slyngande rundt okla. Ikkje heilt rundt, men nesten. I svart, evigvarande blekk. Det er motivet eg har lagt min elsk på – ikkje å få ei tatovering i seg sjølv.

«BLOMEKRUSEDULLEN» teikna av vokalist Torkjell Rød i hardrock bandet Audrey Horne, får meg til å gløyme mamma-utsegn som: «Kvifor må søte jenter tatovere seg? Tenkjer dei ikkje på korleis det heile ser ut når dei er 80 år og skrukkete ?» Rynka tatovering, vanskane med å finne eit motiv eg synest er like tøft 70 år seinare – og ein framtidig gravidmage som utvidar motivet, verkar ikkje vidare forlokkande. Men så var det motivet «mitt» då. Like ofte som eg med drøymande blikk leitar fram bileta, veks lista med for-argument. Etterkvart er det berre smertefrykta som hindrar meg i å sette strekane ut i livet.

FREDAG 18. APRIL. Straks vekkjarklokka har hylt i frå seg, får fotsolane mine nærkontakt med brun parkett. På veg mot badet tippar blikket ned mot ein sokkelaus høgrefot. Staden der eg så mange gonger har sett føre meg dei svarte linjene. Med ein skrekkblanda fryd startar eg umedviten å telje ned timane til 19-årige Christine Horvei skal introdusere meg for blekk med livstidsgaranti – men inga returordning.

EG STÅR UTANFOR. Psykiske støtte i form av kjærasten min Jon har enno ikkje dukka opp, og eg vågar meg ikkje inn. Den siste halvtimen på jobb var konsentrasjonen som fordufta, kjeften tørr og toppetasjen stressa. Eg er ikkje i stand til stort anna enn å la blikket flakke fram og tilbake frå klokka på mobiltelefonen. Plutseleg synest eg å kjenne att ei som kjem gåande mot meg.

– Eg synest det var deg eg såg!

Tatovøren min for dagen, Christine, står med eit smil om munnen og ein kaffikopp i handa.

– Er du nervøs? spør ho. Spørsmålet treng ikkje eit svar. Det seier seg sjølv. Eg er jenta som ikkje likar nåler, og må sjå i ei anna retning kvar gong kvitkledd helsepersonell flyttar væske inn eller ut frå armane mine. Prøv så å førestill deg korleis sinnelaget mitt er i forkant av ein tatoveringstime.

– Heilt vanvittig nervøs, høyrer eg meg sjølv sei, medan hendene mine er unisont einige, der dei klamme held rundt telefonen.

INNE I DET vesle kvite og lyse lokalet har ein svart sokk måtte vike for ein naken og kvit høgrefot. Christine fiskar ein raud tusj opp av ei skuff og startar å teikne på foten min.

– Eg var innom jobben til ei venninne då eg såg deg utanfor i stad, forklarar ho, medan dei første strekane prydar huda mi.

– Ho lurte på kven det var eg hadde fått auge på, då eg forklarte at du snart skulle tatovere deg. Reaksjonen hennar var noko à la: «Neimen, stakkar jente».

Eg kan ikkje anna enn å le av kor nervøs eg sjølv er, men vert plutseleg i stuss.

– Eehm.. du?

STREKANE GÅR HØGT opp over okla, og sjølv om dei snirklar seg i både den eine og andre retninga, er det noko som ikkje stemmer.

– Dette.. liknar ikkje på den tatoveringa eg hadde sett meg ut, prøver eg meg forsiktig.

Fordi eg hadde fortald at det var på nettsida deira eg hadde funne tatoveringa, trudde eg ikkje det var naudsynt å ta med meg ei utskrift. Internett og skrivar i tatoveringsstudioet vert heldigvis redninga mi frå noko som ikkje var meint for mine føter.

– Å! Herregud. Orsak, kjem det frå nål-kunstnaren idet ho ser utskrifta av det eg hadde venta å sjå på foten.

– Det har vore ein lang dag, forklarar ho.

Kjærasten min har etterkvart funne sitteplass på ein svart klappstol, most inn i eit hjørne av avlukket. Jon flettar fingrane saman med mine og pulsen senkar seg - enn så lenge.

NÅLA ARBEIDAR seg inn i huda, og dannar skjelettet for det som skal bli ei tatovering. Letta over at eg hadde førestilt meg ei ti gonger meir smertefull oppleving, går praten over nåla med tatovøren like lett som over saksa med frisøren.

– Eg har ikkje tal på kor mange som kjem inn og spør om det gjer vondt å tatovere seg, fortel Christine, samtidig som ho litt alvorleg, litt spøkande, fortel at dei tilsette set pris på kundar som driv skremselspropaganda.

– Vi har ein som jobbar med piercing her. Når kundar lurar på om det kjem til å gjere vondt å pierce seg, svarar han med steinansikt: «Ja, du kjem til å døy.» Tingen er den at det er heilt umogleg å gi eit klårt svar på kva kunden synest er vondt, seier ho.

Lyden frå tatoveringsutstyret minner meg om ein høglydt mygg, og eg kjenner korleis foten min har starta å verte øm. Noko meir nøyaktig skildring av smertene enn «ein penn som strekar deg hardt inn i huda», finn eg ikkje, og eg trur svaret skuffar den kjærasten min.

ETTERKVART SOM STREKANE vert til, dyppar Christine nåla i eit lite beger fylt med svart blekk. Med små mellomrom vert så blekket tørka vekk med papir for å lettare sjå arbeidet.

—Faktum er at dess lenger tid tatoveringa tek, dess meir ubehageleg kjennest det heile, forklarar arnajenta.

Idet ho legg til sides nåla som lagar konturane, finn ho ei som er sett saman av fem nåler, og eg vert smertefullt klar over kor varierande smerta er frå område til område. Medan småpratinga går lett når ho jobbar seg rundt okla, må eg køyre fingrane oppunder beltet på Jon idet nåla fyller ut trekløveren på fotbladet og høgt oppe på innsida av høgre fot. Det er sårt kvar gong ho sveipar over foten.

MED BLANDA KJENSLER får eg forklart at eg mest sannsynleg må innom studioet etter ein månad for å få ein såkalla «touch-up». At tatoveringa får ei fin skorpe er viktig for at resultatet skal bli bra – men sannsynet for sprekkar i motivet er stor når det er snakk om ein fot i rørsle.

Ein time etter dei første permanente strekane er teikna, og to tusenlappar fattigare, er høgrefoten tilgrisa i vaselin og tildekka med gjennomsiktig plastikk og plaster. Lukkeleg og uforskamma kry humpar eg ut av studioet. Eg smiler ekstra breitt idet kjærasten min erkjenner at han sjølv ikkje hadde våga å sitte i stolen.

SEKS DAGAR ETTER plukkar eg opp telefonrøret. Nest etter å tatovere meg, er det nettopp dette eg har grua meg til: Å servere nyhenda for mamma.

– Eg veit kva for haldningar du har, og eg skuffar deg sikkert når eg fortel det men..

– Har du tatovert deg?

Spørsmålet via telefonlinja i Sunnfjord vert fullført før eg sjølv har kome til poenget. Litt letta over å ikkje verte møtt av ei preike, høyrer eg ho halde fram i ein lett tone.

– Er tatoveringa lita, søt og under fotsola? fleipar ho.

– Nesten, seier eg, utan å lyge.

Etter å ha konstatert at eg ikkje er på tenkestadiet, men faktisk har gjort tankar til alvor for over ei veke sidan, vert det for ei lita stund stille i andre enden. Men i same toneleie held ho fram:

– Janne, Janne, Janne. Ikkje skulle du ha hol i øyra, og ikkje skulle du ta tatovering. Det må vere eitkvart med denne byen. Kva vert det neste? Skal du byte til bokmål òg no?



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE FRA APARTE
SISTE FRA MIDTEN