I ei lita bygd på Vestlandet oppheld ein gjeng med tilsynelatande livsglade sauer seg. Graset er grønt på deira side av gjerdet. Men kva opptek eigentleg desse uskyldige vesena, som kvar haust står i fare for å bli gjort kål på og hamne i gryta til ho mor?
Sjefsvêren er sjølvutnemnd talsmann for saueflokken og uttalar seg gjerne om dagleglivet til flokken sin.
– Visste dykk at vi har eigen frisør? Det er så skjønt no på våren når ulla vår vert klippa. Det er fridom, det. Eg kan nesten ikkje vente.
Han må innrømme at kjensla av Adams drakt er noko pinleg dei første dagane, men det går fort over.
– Søyene mine blir så yre, og det er ikkje å forakte. Rett som det er rullar vi oss i graset når vårsola stig opp over horisonten, seier sjefsvêren med ei stolt mine.
Noko som opptek vår ven for tida er kva som kjem til å skje med årets ull. I år er saueflokken tidleg inne med søknaden til Dale of Norway.
– Vi ser helst at ulla vår blir brukt til produksjon av lusekufter. Det er jo så populært for tida, både blant forbrytarar og kjendisar. Det hadde vore ei ære for ulla vår å hamne blant desse storborgarane. Måtte ulla vår lenge leve.
Ei av søyene kan fortelje om fjorårets fiasko.
– Ulla vår hamna rett og slett i ulltruseproduksjonen til Janus. Eg tenkjer med gru på denne misbruken av vår personlege ull.
Sjefsvêren legg til at det ikkje berre er uproblematisk å vere sau i dagens samfunn. Men han er likevel fornøgd med tilveret.
– For meg er det å vere vêr ein livsstil, det er eit vere eller ikkje vere.
Debattregler
-
Personhets har ingen plass i debattene våre.
Ikke trolling
eller injurier
heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
-
Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
-
Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.
MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender
'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.