Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Rugbynoreg sitt gullhåp


 

RUGBYLIDENSKAP. - Det var kjærleik ved første trening, seier Kjersti Garfors (t.h.), som er med på rugby-EM for femte gong. Mari Beck debuterer på landslaget denne veka. FOTO: IDA ANDERSEN
Med flaget på brystet og pensum i sekken reiser Mari Beck og Kjersti Garfors til rugby-EM i Danmark.

Tekst: ALICE TEGLE

Det er midt i eksamenstida for dei to studinene, men no er alt tilrettelagt for å prestere både på banen og eksamen.

– Det er veldig hektiske dagar i mai, men så lenge ein planlegg trening og lesing god tid i forvegen, kan det fint kombinerast, seier medisinstudent Kjersti Garfors, som set kursen mot Danmark same dag som ho har vore oppe til eksamen.

Ho får støtte frå medspelar Mari Beck, som studerer engelsk og historie. EM hamna veka mellom dei to eksamenane hennar.

– Eg har visst om dette lenge no, så det skal gå bra. Vi har ambisjonane klare, smiler Beck.

HÅPAR PÅ OPPRYKK

Til vanleg representerer dei to BSI rugby, men no er dei teke ut til å spele for landslaget.

Grunna ein feil stilte ikkje Noreg med lag i EM i fjor. Laget rykka derfor ned til i B-gruppa som er lågaste nivået i europameisterskapet.

– Vi håper og trur vi kan spele oss opp til A-nivået, men Noreg er eit middels bra lag. Dei fleste spelarane byrja ikkje å spele som barn, slik som er vanleg i til dømes England og Italia, seier Beck.

MUSKLAR OG FART

Sjølv har ho spelt i fire år, Garfors i fem. Dei er spesialistar på kvar sitt felt.

– Eg er nok meir sterk enn kjapp. Kjersti er jo veldig rask, seier Beck.

Garfors supplerer:

– Men det viktigaste er å ha det kjekt når du speler. På den måten kan mange hevde seg i rugby.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE FRA SPORTEN