Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

NM-sølv til BSI Volleyball


HIT, MEN IKKJE LENGER. Med 0-3 i cupfinalen mot Koll, tapte BSI sin fjerde cupfinale på sju år. FOTO: RONALD HERMANSEN

 

BSI SIN BESTE. Kaptein og oppleggjar Elise Sandanger blei kåra til BSI sin beste spelar. FOTO: RONALD HERMANSEN
STUDVEST FØLGER TEMAET:
BSI
Bergensstudentane måtte gi tapt 0-3 for langt meir rutinerte Koll i cupfinalen. - Vi kjem sterkare tilbake, seier trenaren.

Tekst: ALICE TEGLE

Etter tre sett med solid overtak for oslolaget Koll, vann til slutt gjestene ein fortent siger over bergenslaget i Stemmemyrshallen ved Norges Handelshøyskole. BSI Volleyball hadde dermed tapt sin fjerde NM-finale siden 2004.

– Taktikken fungerte, men eigne prestasjonar skuffa. Spelet var for ustabilt, seier Jan Gaute Sannarnes, hovudtrenar for Bergensstudentenes Allianseidrettslag (BSI).

Han er ikkje i tvil om at laget hans kunne slått Koll på ein god dag, men i finalen hadde ikkje bergenslaget hellet på si side.

BSI-KAOS

BSI-jentene måtte spele seg varme, og låg under 10-1 til kaptein Elise Sandanger overtok serven og reduserte til 7-10. Det blei stadig jamnare mellom dei to laga til settet enda 21-25 til Koll. Dermed var standarden sett. BSI klarte aldri heilt å kome ovanpå igjen. Dei to neste setta var prega av dårleg ballmottak og svikt i angrep hos vertane. BSI låg stadig under med 5-6 poeng. Koll kunne dermed reise heim til Oslo med sitt ellevte strake gull i cupen.

Kaptein og oppleggjar, Elise Sandanger, blei kåra til BSI sin beste spelar. Gleda er likevel delt då ho møter Studvest etter kampen.

– Det var veldig kjekt å bli kåra til beste spelar, men det var kjedeleg at vi rota det til for oss sjølv, seier kapteinen.

Ho er enig med trenaren sin i at det ikkje er Koll som er for gode for BSI.

– Det er eit stabilt lag, men dei var ikkje for sterke til å slå. Det er bare vi som gjer for mykje feil i dag, understrekar ho.

HØGARE AMBISJONAR

Det var eit toppa BSI-lag som møtte Koll i finalerunden, men medan Koll har hatt same spelargruppa over lengre tid, er BSI prega av hyppige utskiftingar på spelarsida.

– Mange er unge og prega av alvoret. Det er alltid spesielt for nye spelarar med slike finalar, men det er ei erfaring å ha med seg, seier Sannarnes.

– Kjem vi til å sjå eit sterkare BSI-lag i framtida?

– Ja. Eg har sett mykje betre prestasjonar enn dette på treningar. Nivået har gått opp dei siste åra. Konkurransen for å koma inn på a-laget blir bare hardare, seier han.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE FRA SPORTEN