Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Økonomar spelte seg til futsal-EM


KLARE FOR KAMP. Spelande trenar Harald Haltvik, Magnus Garden og André Lund Walker på NHHI Futsal speler på det dei meiner er det beste defensive laget i studentserien. No står EM for tur. FOTO: CHRIS RONALD HERMANSEN

 
DETTE ER FUTSAL
Innandørs fotball med handballmål.
Fire utespelarar pluss målvakt.
Spel med mindre fotball med mindre sprett i for at ballen skal gå mest mogleg langs bakken, og slik danne grunnlag for meir teknisk spel.
Ei av dei raskast veksande idrettsgreinene i Noreg.

STUDVEST FØLGER TEMAET:
FOTBALL
Futsalgutane frå NHHI reiser til Zagreb for å bli Europas beste innefotballag for studentar. Berre på gøy.

Tekst: ALICE TEGLE

– Digg! Vi sette oss EM som mål. No kjennest det frigjerande å ha greidd det, seier Harald Haltvik på Norges Handelshøyskoles Idrettsforening (NHHI) Futsal.

Han er spelande trenar på laget som er med å skrive historie for vestlandsk studentfutsal. For første gong har eit studentlag frå denne landsdelen kvalifisert seg til EM.

TIL EM FOR GØY

– Vi har trena taktisk defensivt og hatt klare ambisjonar. I tillegg har vi kjappe og taktiske spelarar, som betyr mykje framme på banen, seier Haltvik.

Han trekk fram André Lund Walker som han seier kan drible seg gjennom tre til fire motspelarar aleine for så å setje ballen i mål.

– Vi er relativt kyniske, flirer trenaren.

Sjølv har han og fleire av medspelarane fått tilbod frå eliteserielag, men ingen har til no takka ja. Magnus Garden fortel kvifor.

– Vi gjer det bare for gøy, men det hadde vore herleg å rykkje opp, og så seie nei, det gidd vi ikkje.

KJEMPAR ALEINE

Med berre ei treningsøkt i veka ved sida av studiar og vanleg fotballtrening, vender futsalgjengen frå NHH nasen mot Zagreb i juli.

Saman med opptil 25 andre nasjonalitetar skal dei forsvare heimlandet si ære. Ganske aleine.

Forutan nokon foreldre som legg turen til den kroatiske hovudstaden, reknar dei ikkje med overveldande støtte verken frå publikum eller sponsorar.

– Haha, nei. Fanskaren er ikkje så veldig stor, nei, seier dei ferske noregsmeistrane, som i desse dagar arbeider med å skaffe til vegs sponsormidlar frå bunnskrapte bedriftskassar.

Spelargruppa har derfor innstilt seg på å punge ut sjølv, i trua på at dei kan hevde seg i meisterskapet.

– Eg snakka med ein på Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) sitt lag som deltok på EM i fjor. Han meinte vi hadde god sjanse til i det minste å gå vidare frå gruppespelet. Vi kan hevde oss på ein god dag, det er ikkje umuleg, seier ein forventningsfull Haltvik.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE FRA SPORTEN