Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Tema.

Leigetakarguiden


BUSTADJAKT. Bergen har mange sjarmerande hus i sentrum, men vil ein bu i hjerte av byen må ein oftast rekne med mindre plass og lågare standard enn kva ein kan finne på Landås eller Gyldenpris. FOTO: EMIL WEATHERHEAD BREISTEIN

 
GODE TIPS NÅR DU SKAL LEIGE BUSTAD
Vit kva du er ute etter. Avklar kvar du vil bu og kva du er villeg til å
betale. Kva betyr mest, sentralitet eller pris?

Ikkje betal for å sjå annonser. Vi anbefalar hybel.no, ibolig.no, finn.no
og zett.no. Du kan også lage di eiga annonse der du gjev potensielle utleiegarar informasjon om deg sjølv og dine preferansar innan bustad. Ei slik
annonse er gratis på hybel.no.

Leig aldri usett! Det er lurt å ha med ein ven. To hovud er meir kritiske enn eitt.

Undersøk kva som er inkludert i leiga, som straum, internett, vaskemaskin og liknande.

Ha skriftleg kontrakt. Les kontrakten nøye og ver sikker på at du forstår alt som står der før du skriv under. Ver ekstra observant når det gjeld oppseiingstida. Bergenstudenten kan hjelpe deg med dette.

Depositum skal alltid settast inn på en depositumkonto for huseigaren si rekning. Å ha pengane på depositumkonto vil seie at verken du eller utleigar har individuell tilgang til pengane. Betal aldri kontant.

Husrommet skal innehalde det som er avtalt ved innflytting og i kontrakten. Ta bilde og meld avvik skriftleg til utleigar.

Sørg for at du er dekt av innboforsikring.

Ta bilde av bustaden når du flyttar inn, så veit du korleis det skal sjå ut når du flyttar ut.

Husleiga kan ikkje endrast før det har gått eit år, og leiga kan berre justerast med konsumprisindeks.


Kjelde: www.bergenstudenten.no

TIPS NÅR DU ER PÅ VISNING
Ta med eigenpresentasjon som du gjev til utleigar.
Gå på befaring med utleigar. Notér manglar og få signatur frå utleigar.
Er dette ikkje mogleg, ta bilde av manglar.
Bruk nasen! Luktar det veldig innestengt?
Kor mykje dagslys kjem inn? (Minst 10 prosent av golvarealet i opphaldsrom bør vere i dagslys)
Sjekk om det er god nok utlufting på badet, anten gjennom vindauge og/eller ventil.
Finn ut kor mange som deler fasilitetane i bustaden.
Er der rømningsvegar i bustaden?
Kva er inkludert i leiga?
Er bustaden så stor som det står i annonsen?
Sørg for at boligen er reinvaska før du flyttar inn. Er den ikkje det, kan du kreve at utleigar vaskar ut.

HER KAN DU FÅ HJELP
HUSLEIGETVISTUTVALET
Hjelp til med saker som omhandlar husleigeauke og manglar i bustaden (som til dømes fuktskader, muggsopp og funksjonelle manglar).
Meklarane i Husleigetvistutvalet er juristar med særskilt kjennskap til husleigerett og konfliktmekling.
Gebyret for å få ei sak behandla følgjer rettsgebyret, som no er 860 kroner.
www.htu.no

BERGENSTUDENTEN
Gratis rådgjevingsteneste for studentar som skal skaffe seg bolig.
www.bergenstudenten.no

LEIEBOERFORENINGEN I BERGEN
Ein interesseorganisasjon for alle som leiger bustad.
www.leieboerportalen.no

JUSSFORMIDLINGEN
Ein organisasjon drive av vidarekomne studentar ved Det juridiske fakultet. Tilbyr gratis rettshjelp innanfor dei fleste fagområde.
www.jussformidlingen.no

Er du fersk leigetakar eller berre usikker på rettane dine? Studvest gjev deg svar på det du lurer på.

Tekst: MARI-LOUISE ULDBÆK STEPHAN

1) Gjeld ein munnleg avtale?

Ein munnleg avtale er like bindande som ein skriftleg, men det best å ha ein skriftleg. Då er det mogeleg å bevise kva som er avtalt.

2) Kor høg husleige kan utleigaren krevje?

Det finnast ingen makspris for leilegheiter i Bergen, men ein bør ikkje betale meir enn marknadspris.

3) Kor stort depositum kan utleigaren krevje?

Utleigar kan krevje maksimalt seks månader, men mellom ein og tre månader er meir vanleg. Utleigar skal betale for oppretting av depositumkonto.

4) Har utleigaren lov til å krevje tillegg for kabel-tv, offentlege avgifter, vaktmeister eller trappevask?

Nei, utleigar har ikkje lov til å krevje tillegg for dette. Det einaste det er lov å ta betalt for, i tillegg til husleiga, er utgifter til straum, brensel, vatn og avløp om desse vert betalt etter målt forbruk. Dette må avtalast ved inngåing av leigeforholdet. Det kan imidlertid ligge oppgåver i kontrakta, som til dømes trappevask eller vårreingjering.

5) Kva skal eg som leigetakar vedlikehalde? Du skal undersøkje røykvarslar og brannslukningsutstyr, samt bytte batteri i røykvarslarane. Du skal også vedlikehalde dørlåsar, kraner, vannklosett, elektriske kontakter og brytarar, varmtvatnsbehaldarar, laust inventar og utstyr. Med laust inventar og utstyr meinast til dømes alle møblar som tilhøyrer utleigar, kjøleskap og vaskemaskin. Vedlikehald av alt anna enn dette er det utleigar som har ansvaret for.

6) Kan kjærasten min flytte inn hos meg?

Utleigar kan ikkje nekte leigar å ta inn nær familie (ektefelle, partner, sambuar, barn, barnebarn, fosterbarn, adoptivbarn, foreldre eller besteforeldre) i husstanden, men å ta inn andre personar krev godkjenning frå utleigar. Vener eller sysken av leigar må tildømes verte godkjent av utleigar. Utleigar kan berre nekte å godkjenne inn­flyttinga om han har ein sakleg grunn, og den saklege grunnen er knytte til personen som skal flytte inn eller husrommet klart vert overbefolka.

7) Er det lov til å framleige bustaden?

Ja, i tidsbestemte kontraktar, men utleigar skal formelt godkjenne den eller dei ein framleiger til. Utleigar kan berre nekte å godkjenne leige­forholdet om han har ein sakleg grunn, og den saklege grunnen er knytte til personen som skal flytte inn. I tidsubestemte kontraktar er det som hovudregel ikkje lov, men det finnes unntak.

8) Kan utleigaren når som helst låse seg inn hos meg?

Nei. Utleigar kan inspisere bustaden om han har ein sakleg grunn, men då må han varsle i rimelig tid først.

9) Kva bør eg gjere om eg oppdagar mugg i leilegheita?

Det beste er om ein kan unngå det før dette oppstår. Mange studentar brukar ikkje fasilitetane i leilegheita. Bruk opptrekksvifte. Luft godt. Oppdagar ein mugg, har ein plikt til å varsle. Dette gjerast best gjennom ein skriftleg reklamasjon. Då pliktar utleigar å utbetre dette.

10) Kva bør eg gjere om utleigar sett opp husleiga meir enn konsumprisindeksen?

Det er ikkje lovleg å krevje ein større auke enn konsumprisindeksen, med mindre du har leigd lenger enn to år og seks månader. I praksis betyr det at om du betalte 4500 kroner i juli i fjor, kan husleiga for juli 2010 ikkje aukast til meir enn 4586 kroner. Dette tilsvarar ei prisstigning på 1,9 prosent. Konsumprisindeksen og kalkulator for utrekning av ny leige finn du på Statistisk sentralbyrå sine internettsider: www.ssb.no

Kjelder: Kommunal- og regionaldepartementet, Stig Høisæther i Leieboerforeningen, Geir Grannes i Bergenstudenten og Petter Rysst i Husleietvistutvalget.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE TEMA