Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Tema.

Ei tid var, ei anna vart


 

FOTO: ÅSE HOLTE

FOTO: ERLEND RØSJØ

FOTO: ÅSE HOLTE
KLUBBKULTUR I BERGEN
På 1990-talet vart det vanlig å bruke uttrykket rave, ikkje berre om den moderne og urbane dansekulturen, men også som eit samleomgrep for moderne, hard og elektronisk forankra dansemusikk.
Ravekulturen er nært knytta til den eksplosive utviklinga innanfor moderne informasjonsteknologi. Utviklinga på dette området sprengte dei fleste grenser for fantasi på 90-tallet. Eit ord som ofte har blitt brukt er «cyberkultur».
Dei første klubbkonsepta i Bergen starta på Café Opera og Garage. I tillegg eksisterte det illegale raveparty rundt omkring.
Etter kvart kom anerkjente klubbar som Miles Ahead og Agora i Bergen.
Miles Ahead opna i 1995, og stengte ti år seinare, i 2005. Klubben låg i det som i dag er lokala til strippeklubben Dreamz.
Agora opna i 1998, i lokala til dagens utestad Luux. Også Agora la ned drifta i 2005.
Lokale artistar som Bjørn Torske, Erot, Annie og Röyksopp, hadde sine første live-opptredenar på desse klubbane.

Kjelde: Wikipedia.

Bergen har ein stolt og ærverdig klubbhistorie å sjå tilbake på. Og sjølv om miljøet har vore nede i ein bølgedal dei seinare åra, skjer det no spennande ting.

Tekst: SONDRE ÅKERVIK

Takbjelkane skin, ser våte og sveitte ut. Strobelysa streifar bjelkane i raudt, blått, grønt lys i takt med musikken. Rytmisk dunking er ikkje langt unna sanninga. Armar i været, bein som trampar, hoppar på glas og vått golv. DJ-en ser nesten euforisk ut. Klappar publikum opp mot kveldens klimaks, ser dei sveitte, dansande, drikkande menneska bygge seg opp mot den endelige takeoffen. Året er 1992. Klubbkulturen i Bergen er på full veg fram. Rave, house. Nye sjangrar. Elektronisk musikk. Ein ny subkultur. Unge menneske i fellesskap, på ei ny scene.

Dop, tenkjer mange. Ein dårleg kultur, tvilsomt miljø og feil fokus, tenkjer dei også.

Bergen var annleis, fortel Vegard Moberg.

– I Bergen var det fokus på musikken, det var ein vital og kreativ arena der folk med felles interesser møttest og hadde det kjekt saman. Moberg er mannen bak det nye klubbkonseptet Electric Café, og har vore involvert i Bergen si klubbscene sidan tidlig 90-tal. Under namna DJ Balthazar og DJ Beam har han heilt sidan han først stod bak mixaren på konseptet «Vibe» på Garage, vore ein sentral person i klubbmiljøet.

Tida har gått, og miljøet har forandra seg. Folk har kome og gått, mista interessa. Men nokon står ved lag. Vegard Moberg er ein av desse.

BERGENSK SUKSESS

På midten av 90-talet og fram til tidleg 2000-tal var Bergen eit knutepunkt for norskprodusert elektronisk musikk. Og gode klubbkonsept var ein viktig føresetnad for den nye musikkscena. Miles Ahead og Agora var to klubbar i Bergen som over fleire år var sentrale institusjonar for den alternative klubbmusikken.

– Klubbkulturen kan sjåast på som ei vidareføring frå 60-talets festivalaktivitet med hippiebevegelsen, der det visuelle inntrykket og det faktum at alle skal delta på lik linje, var sentrale aspekt ved kulturen, seier Anders Gokstad, som har skrive master om 90-åras klubbscene med utgangspunkt i Bergen, Amsterdam og Berlin.

Miles Ahead opna i 1995, og blir rekna for å vere den første ordentlige og gode klubben i Bergen. Fokuset var ikkje berre på musikk, men også lokalet og interiøret var viktig for heilheitsinntrykket og opplevinga. Espen Horne, som i dag driv konseptet Jazzbox på Hotel Terminus, var heile vegen ansvarleg for booking av artistar.

– Miles Ahead var ein arena som gav moglegheita til unge og lokale DJ-ar, fortel Horne.

– I tillegg kom utenlandske DJ-ar til Bergen og Miles Ahead. Dette gjenspegla også det elektroniske musikkmiljøet i Bergen, som var ei scene meir vendt mot utlandet enn Oslo – og dette førte til mange bookingar med ekstremt høg kvalitet. Då kulturen ekspanderte mot slutten av 90-talet var det fullt her nesten kvar kveld, fortel Horne.

Vegard Moberg hugsar godt ein av sine spelejobbar på Miles Ahead.

– Det var kø langt rundt huset, heilt smekkfullt, mimrar han.

BERGENSBØLGE

Moberg er ikkje i tvil om at det blomstrande klubbmiljøet i Bergen på 90-talet gav grobotn for suksessen til bergensbasert elektronisk musikk, med blant anna Tellé Records i spissen.

– Heile utgangspunktet for kulturen var det billige utstyret, slik at mange kunne gjere det. Og Miles Ahead og Agora hadde heilt klart mykje å seie for den elektronisk musikkscena i byen. Både Bjørn Torske og Erot var jo flinke DJ-ar i tillegg til å vere dyktige produsentar. Så klubbane var ein arena der desse artistane fekk sleppe til med eigen musikk før den hadde blitt gitt ut offisielt, seier Moberg.

Mikal Telle er einig med Moberg i at klubbscena var avgjerande for suksessen som Tellé Records opplevde mot slutten av 90-talet, og inn i milleniet.

– Miles Ahead og Agora var veldig viktige arenaer for elektronisk musikk, saman med den store trafikken til utlandet og internasjonale DJ-ar. Vi lagde musikk og gav dei 12-tommerane våre slik at dei kunne spreie musikken vår i utlandet. Det handla om å få folk til byen. Og klubbane var også villige til å bruke litt pengar på å hente inn artistane, fortel Telle.

SOLIDARISK SAMARBEID

Men kva var det som gjorde at Bergen fekk slik ei oppblomstring på klubbfronten? Kva gjorde at bergensprodusentar fekk anerkjenning langt utanfor Norge sine landegrenser? Rett folk til rett tid?

– Det var eit veldig lite miljø med ein produktiv kultur, fortel Vegard Moberg.

– Folk var trygge på kvarandre, og det var lov å eksperimentere og gjere ting annleis. Det var ein nøkkelfaktor. Så eg trur ikkje det var tilfeldig at ein oppnådde suksess. Fokuset på samarbeid framfor konkurranse gjorde miljøet interessant.

Anders Gokstad utdjupar:

– Kjenneteiknet på klubbkulturen var at folk frå alle samfunnslag møttest og festa saman. Dette var også i tråd med det klubbideologiske mantraet Peace, Love, Unity og Respect (PLUR), seier Gokstad.

Gokstad har kvalifiserte synspunkt på kva som var særeigent ved klubbscena i Bergen, og peiker mellom anna på andre preferansar enn andre byar i Norge.

– I Oslo var det meir festinga og den angloamerikanske housescena som var i fokus, medan det i Bergen vart utført meir eksperimentering på det visuelle. Dette fordi ein hadde tette band til undergrunnscena sitt miljø, og var meir orientert mot klubbscena i Benelux-landa og Tyskland, fortel Gokstad, kanskje meir kjent under DJ-namnet Anders G.

KLUBBVAKUUM

Trendar og tendensar går i bølgedalar, akkurat som børsen. Så også med klubbkulturen i Bergen. Etter at den vart stadig meir kommersiell og populær mot slutten av 90-talet, kom til slutt krakket: Både Miles Ahead og Agora stengte lokala i 2005. Dermed mangla byens alternative scene eit fullverdig klubblokale. - Det vart eit vakuum for klubbkulturen, seier Vegard Moberg.

Moberg tok derimot saken i eigne hender. I lokala til det som var Strædet Pub, bestemte han seg for å starte klubb i 2006. Det vart ein suksess. Problemet var berre at Strædet var underlagt restauranthuset Mood, tidligere Banco Rotto, som vart begjært konkurs i 2008. Dermed vart han tvinga til å stenge lokalet.

– Det var sjølvsagt frustrerande og surt, sidan ting då begynte å gå av seg sjølv, seier Moberg.

NYVUNNEN GLEDE

Tilbake til notida. Det er laurdag kveld den 28. august 2010, og det har rukke å bli mørkt ute. Stripa mellom Nygårdsgaten og Lille Lungegårdsvannet sydar av folk. Legal, Garage, Ujevnt, Landmark. Inne på den nyopna Electric Café er folk i aksjon på dansegolvet. Bak platespelaren står Annie, Bergen si popdronning som har vore eit begrep i byen heilt sidan ho og avdøde Erot slapp discohouse-klassikaren «The Greatest Hit» i 1999. No har ho eit sjeldent DJ-sett i heimbyen. Stemninga er elektrisk, kanskje omtrent slik ein kan førestille seg det var på dei legendariske klubbkveldane på 90-talet. Ut av høgtalarane kjem det elektronisk dansemusikk. Folk dansar, vrikkar på kroppen, klappar i takt med rytmen, smiler, tar foto.

Vegard Moberg er tydeleg fornøgd.

– Det har vore eit behov, seier han.

– Electric Café skal vere ein arena og ein klubb som vil reindyrke eit konsept – elektronisk musikk i vid forstand. Innhaldet på klubben skal være forutsigbart. Vi har ein klar og definert musikkprofil, men folk må også få seg ei overrasking innimellom, fortel Moberg.

STRENG KOMMUNALPOLITIKKK

Som likevel synest det burde eksistert ein klubb til i byen. Han kjenner fleire folk som kunne tenkt seg å starte opp klubbdrift, men som grunna dei rigide skjenkereglane, ikkje har moglegheit til å opne, rett og slett fordi dei ikkje har kapital til å investere i kjøkken. Kommunen i Bergen har nemleg sett foten ned for reine nattklubbar, i motsetning til for eksempel Oslo. Dei kommunale reglane i Bergen krev nemleg at 25 prosent av totalomsetninga må vere inntekter frå matservering.

– Den klart største administrative utfordringa for klubbscena er Bergen sine skjenkereglar. Det er umogleg å starte ein plass der ein ikkje har matservering. Det er utruleg, men sant: Det er ulovleg å opne ein ny nattklubb i Bergen. Bystyret er på ingen måte klar over ringverknadene av den restriktive skjenkepolitikken, meiner Moberg og trekker på skuldrane.

– Dette kneblar ein heil kultur som har ei stolt fortid her i byen.

Emilio Sanhueza er ein av personane bak konseptet Nabovarsel, som har gjort mykje for klubbscena i Bergen dei seinare åra. Han hadde sjølv sine første speleoppdrag på Miles Ahead som 15-åring – og legg ikkje skjul på at han saknar klubben som gav han moglegheita i ung alder.

Han er einig med Moberg i at matserveringskravet er øydeleggjande for klubbkulturen i byen.

– Ideen har vel vore å luke ut mindre seriøse aktørarar – dei som ikkje har kapital og stor interesse – men det kommunen då ikkje er klar over, er at dei samtidig lukar ut dei små aktørane. Og i ein studentby som Bergen har desse alltid hatt ein stor kulturell verdi, seier Sanhueza.

– Det burde vere ei æressak for Bergen at Trondheim med «Brukbar» per i dag har ein betre klubb. Det kan vi ikkje akseptere, meiner han.

LYSE TIDER I MØTE

Sanhueza ser likevel lyst på framtida for klubbkulturen i Bergen. Han nemner Ekko-festivalen som ein bærekraftig arena for elektronisk musikk.

– Bergen har ei stolt fortid innan klubbmusikk heilt sidan 90-talet. Utgangspunktet for dette er ein vibrerande kultur, som har ein dominerande plass i bybildet. Ikkje berre med tanke på elektronisk musikk, men også når det gjeld rock, pop og kunst. Dette har vore ei kjelde til spennande artistar. Og igjen, det at Bergen har så mange unge studentar og sterke institusjonar som legg forholda til rette, er ei holdning som gjenspeglast i klubbkulturen.

På ein kafé sit Vegard Moberg og ser utover i lokalet. Det er mogleg han ser for seg klubbkveldar som har vore. Det er mogleg han tenkjer på dei som kjem. Arbeidet med Electric Café er ein heiltidsjobb som krev mykje. Og sjølv om han no har blitt familiefar og sikkert kunne via tida si til andre, meir fornuftige ting, snakkar han lidenskapleg om klubbkultur og posisjonen den har hatt i Bergen – og framleis kan ha.

– Det er deilig å ha funne eit eigna lokale til klubbdrift. No gleder eg meg berre til fortsettinga.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE TEMA