Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Tema.

Seg sjølv lik


«TVILLINGANE». – Mange tante og onklar seier nok ikkje namn når dei snakkar til oss, fordi dei ikkje klarar å skilje oss frå kvarandre, seier Anna (f.v.). FOTO: HILDEGUNN HOLTET

 

NATURLEGVIS. – Nokre venner vert gjerne litt snurt over at eg ikkje har fortald dei at eg har ein tvilling, men det er ikkje noko meir unaturleg enn at eg har ein bror, meiner Øyvind (f.v.). FOTO: HILDEGUNN HOLTET

BUR SAMAN. For Anna og Eline Sandli Danbolt (f.h.) var det heilt naturleg å flytte under same tak då dei skulle starte å studere i same by. FOTO: HILDEGUNN HOLTET

MEDIEFOLK. Både Øyvind og Anders har ei felles interesse for media. Øyvind er for augneblinken redaktør i Studentradioen i Bergen, medan Anders har vore redaktør og er no journalist i studentpublikasjonen Atrium. FOTO: HILDEGUNN HOLTET

REINT SPEL. Sjølv om det ifølgje tvillingsystrene Eline og Anna Sandli Danbolt (f.h.) er mange som ikkje klarar å skilje mellom dei, har dei aldri prøvd å jukse på skuleprøver. FOTO: HILDEGUNN HOLTET

DOBBELT OPP. Likeins kjendistvillingane Mary-Kate og Ashley Olsen er Anders Ekelund og Øyvind Lysebo Ekelund (f.h.) fødd i stjerneteiknet Tvillingane. FOTO: HILDEGUNN HOLTET
MER OM DENNE SAKEN:
Tvillingmyter
SANDLI DANBOLT
ELINE

Kva studerer og/eller jobbar du med? Studerer arbeids- og organisasjonspsykologi
Interesser: Klede, lesing, Springbrettet og sosialisering.
Favorittmusikk: Godt og blanda.
Favorittmat: Indrefilet med fløytegratinerte poteter.
I framtida ønskjer eg å jobbe: Innanfor olje- og energibransjen.

ANNA

Kva studerer og/eller jobbar du med? Studerer samfunnsøkonmi.
Interesser: Trening, klede og sosialisering.
Favorittmusikk: Alt som fengar.
Favorittmat: Kyllingwok.
I framtida ønskjer eg å jobbe: Innanfor samfunnsøkonomi.

EKELUND
ANDERS

Kva studerer og/eller jobbar du med? Studerer sosiologi, siste året på bachelor og jobbar deltid i ein matbutikk.
Interesser: Litteratur, musikk, film, sportsfiske, fjell- og skogturar.
Favorittmusikk: Bob Dylan, Neil Young, Bruce Springsteen, Gram Parsons, David Bowie. Mye rock, en del jazz og en dæsj klassisk.
Favorittmat: En rett? Da sier jeg fårikål!
I framtida ønskjer eg å jobbe som: Sidan eg studerer sosiologi svarar eg sosiolog, enkelt og greit.

ØYVIND

Kva studerer og/eller jobbar du med? Ansvarleg redaktør i
Studentradioen i Bergen, har bachelor i idéfag og master i allmenn
litteraturvitskap
Interesser: Radio, lese bøker, kaffe.
Favorittmusikk: Prince
Favorittmat: Egg og bacon!
I framtida ønskjer eg å jobbe som: Journalist eller innen forlagsbransjen

Dei er ei kjelde for fascinasjon, overtru og medisinsk forsking. Men er tvillingar eigentleg noko meir enn sysken med same fødselsdag?

Tekst: JANNE G. SØRGULEN

– DET ER TRE faser når det kjem til tvillingar og korleis dei kler seg, seier Anders Ekelund.

– Første stadium er når foreldra kler ein opp i heilt like klede. Deretter går dei over til å kjøpe same klede med ulike fargar. Når ein vert eldre kler ein seg heilt ulikt. Der er vi no, seier han, og refererer til seg sjølv og tvillingbror Øyvind Lysebo Ekelund.

For 25 år sidan vart dei begge fødd på Nøtterøy. Som toegga tvillingar ser dei like ulike ut som sysken elles, men trass fleire skilnader, har dei begge enda opp i Bergen på grunn av studiane. Litt tilfeldig, meiner Anders, som berre hadde som minimumskrav at han ikkje skulle bu i Oslo.

– Vi gjekk i same klasse heilt fram til 6. klasse. Då hugsar eg alle i klassen hadde ein samtale med læraren der vi vart spurt kven av dei vi kjende frå før av vi kunne tenkje oss å kome i klasse med på ungdomsskulen, fortel Øyvind.

Den eine etter den andre klassekameraten vart nemnd for læraren. Men brørne nemnde ikkje kvarandre, og lokka såleis fram ei uroa mine frå læraren.

– Ho lurte på om det var noko uoppgjort mellom oss, ler Øyvind, og held fram:

– Det var eigentleg ikkje medvite. Vi var jo ikkje uvenner. Men når ein ser kvarandre frå 15.00 til 20.00, var det ikkje slik at vi kjende ein spesiell trong til å sjå kvarandre på skulen òg.

– Når ein er 13 år har ein gjerne litt lyst til å verte meir sjølvstendig, legg Anders til.

I SKUTEVIKEN i eit lyst loftkollektiv bur tre sjeler. Ei mørkhåra, og to lyshåra jenter. Dei to siste er til forveksling utruleg like. Men så er dei då òg einegga tvillingsøstre: Anna og Eline Sandli Danbolt. For 20-åringane med røter frå Moss var det heilt naturleg å flytte under same tak når dei skulle starte å studere samfunnsøkonomi og arbeids- og organisasjonspsykologi.

– Eigentleg skulle Anna til Trondheim. Men så vart det til at ho kom til Bergen likevel. Då vart det ganske naturleg å bu saman, seier Eline.

At det derimot var planlagt at det skulle bli sånn, avkreftar dei.

– Men det hadde sikkert vore sunt å bu kvar for seg. Alle har vel eigentleg greitt av å kome inn i ulike miljø, seier Anna.

For Sandli Danbolt-jentene har det naturlegvis vore mykje felles.

– Vi har alltid hatt eit ganske godt forhold. Vi har gått same skule, seier Anna.

– Og vi har hatt same omgangskrins. Ei stund spelte vi begge handball heime i Moss. Men i dag er det berre Anna som framleis spelar, seier Eline.

At jentene òg deler same bursdag, har enkelte slektningar vore freista til dra nytte utav.

– Nokre av dei lurte på om vi ikkje kunne dele bursdagsgåva, flirer Eline.

DOBBEL BARNEVOGN vert stadig eit vanlegare syn på gata. I 2001 vart det fødd over 1000 tvillingpar av norske kvinner. I løpet av dei siste åra har det nesten skjedd ei fordobling. Men òg talet på trillingar har auka – og det sjølv om ein ser vekk frå assistert befruktning. Medan det i 1967 berre vart fødd tre trillingpar i Noreg, har det dei siste åra vore vel tretti slike svangerskap frå naturleg hald. Dette syner undersøkingar gjort av Anne Tandberg, som for tida er stipendiat ved Institutt for samfunnsmedisinske fag ved Universitetet i Bergen.

– Ein ser at etter kvart som alderen til mødrene aukar, vert det meir sannsynleg å få tvillingar, blant anna fordi eggløysingar ikkje er like godt regulert. Talet kan òg ha vorte påverka av at legar har gitt meir eggløysingsstimulerande midlar til kvinner som strevar med å få born, forklarar Tandberg.

Eit tvilling- eller trillingsvangerskap vert alltid avslutta før dei vanlege ni månadene er omme. Då er keisarsnitt ofte løysinga.

– Ved ein vanleg fødsel tek 15 prosent keisarsnitt. Ved tvillingfødsel: Mellom 40-50 prosent. Og med trillingar gjennomfører 98 prosent keisarsnitt. Dei to siste prosentane vert fødd på vanleg måte, i dei tilfella det er usannsynleg at borna kjem til å overleve, seier Tandberg.

Ved trillingfødslar kan der vere inntil 20 personar til stades attmed mora.

NÅR DÅ OMSIDER ein tvilling – eller ein trilling kjem til verda – er dei både like og ulike. Nokre einegga tvillingar er som kopiar – kliss like kvarandre. Andre er som spegelbilete, der til dømes eine er høgrehendt og den andre er venstrehendt. Kopi-tvillingar har til dømes hårvirvelen på same side, medan spegel-tvillingar har den på kvar si side. Sjølv om Anders og Øyvind ikkje er einegga, har dei av fleire personar fått påpeikt minst eitt fellestrekk ved utsjånaden: Hårfestet.

– Vi er jo ganske forskjellege. Men som små vart vi gjerne referert til som Tvillingane. Med stor T, seier Anders.

– Det var vel hovudsakleg gamle kjenningar som ikkje heilt klarte å skilje oss frå kvarandre, presiserer Øyvind.

– Ja. Dei såg vel eigentleg skilnaden mellom oss, men dei hugsa ikkje kven som var kven. Til dømes hugsar eg at eine kusina vår lenge refererte til oss som «han med det tjukke hovudet» og «han med det tynne hovudet», seier Anders.

Då er situasjonen ein litt annan for jentene.

– Ofte hender det at folk som eg ikkje kjenner att helsar på meg. Det vert gjerne ei uvisse om korvidt det er nokon eg har treft, men berre ikkje hugsar. Eller ein venn av systera mi, seier Anna.

– Om dei berre helsar kort, vert det gjerne til at eg berre jattar med ei stund, i staden for å forklare at vedkommande pratar til feil person, erkjenner Eline.

– «Dilemmaet» vert gjerne at eg vert usikker på om vedkomande helsar på meg fordi eg er systera til Eline, om dei berre har tatt feil, eller om vedkomande helsar fordi dei kjenner meg, skisserer Anna.

Oda, ei venninne dei har hatt felles i lang tid og som dei deler kollektiv med, har ikkje vanskar med å sjå forskjell på dei.

– Ho har vi kjend i mange år. Men av og til klarar vi å lure ho over telefonen, fordi stemmene er såpass like, smiler Anna.

REFERANSANE TIL TVILLINGAR i både filmverda og litteraturen er mange. Dei mest fascinerande forteljingane finn ein likevel i røyndomen. Slik som med dei såkalla Jim-tvillingane i Amerika. Tenk deg: To einegga tvillingbrør som begge heiter Jim vert adoptert vekk til to ulike familiar når dei er fire veker gamle. Først når dei vert fem og åtte år gamle får dei beskjed om at dei har ein tvillingbror – men attforeininga skjer ikkje før Jim Lewis og Jim Springer er 39 år. Året er 1979 og fellestrekka er så slåande at både brørne sjølv og forskarar ved University of Minnesota vert overraska.

Som born hadde begge gutane hatt ein hund som heitte Toy. Begge hadde gifta seg to gonger. Begge dei første konene deira heitte Linda – andre gongen heitte begge Betty. Medan den eine broren kalla sonen sin for James Allan, døypte den andre sonen sin for James Alan. Begge køyrde same bilmerke, kjøpte same røykpakkar og på eit tidspunkt hadde begge jobb som sheriff. Begge beit negler og hadde migrene. Ikkje minst: Begge likte å skrive romantiske lappar til kona rundtomkring i huset. Der var sjølvsagt enkelte skilnader, men likskapane var det utan tvil flest av.

– Ei slik historie kan vere ein indikasjon på at genane er avgjerande, seier førsteamanuensis ved Det psykologiske fakultet, Åge Diseth, som blant anna har forska på personlegdom og prestasjonsmotivasjon.

– Vert einegga tvillingar like fordi dei har vakse opp under heilt like vilkår – eller fordi genane har lagt mykje av grunnlaget?

– Ettersom dei har heilt like genar er det sannsynleg at dei er like som personar, ettersom genar er relativt avgjerande for oppførsel, personlegdom og intelligens. Dette kan òg bidra til at dei går veldig godt saman – noko som gjeld for folk elles: Vi likar å vere saman med folk som er mest mogleg lik oss, seier Diseth.

SJØLV OM DET er mange tvillingar, og fascinasjonen for dei sit i ryggmargen til dei fleste av oss, vert det i Noreg gjort lite forsking på korleis det er å vere tvilling. I dei fleste tilfelle vert barneduoen heller nytta som eit verktøy i medisin- og forskingsverda. Samanliknar ein einegga som har heilt like genar og toegga tvillingar som har omlag 50 prosent like genar, kan resultatet av eksperimenta gagne heile samfunnet.

– Denne skilnaden gir oss eit unikt høve for å undersøkje dette med arv og miljø, og gjere eksperiment som det elles hadde vore veldig vanskeleg å få svar på, seier dagleg leiar for Nasjonalt tvillingregister, Thomas S. Nilsen.

Han leier drifta av databasen som formelt vart oppretta i 2009, og inneheld cirka 45 000 tvillingpar for årskulla 1895-1979. Tvillingane finn dei fram til gjennom eit anna register: Medisinsk fødselsregister som ligg ved Kalfaret i Bergen. Med jamne mellomrom vert spørjeskjema sendt ut til nye kull for å lære meir innanfor medisin- og forskingsverda.

– Det første spørsmålet på skjemaet vårt går gjerne på kva likskapar dei har i utsjånaden og om andre personar tek feil av dei. Svara på desse spørsmåla er nok til at vi kan vere 96,7 prosent sikker på om dei er einegga eller toegga, seier Nilsen.

Tvillingane, som alle er myndige, har blant anna gitt Noreg svar på at øyrebetennelse og matvegring er arveleg, medan kor godt ein trivst og livskvalitet er ei blanding, der genar og miljøforhold ser ut til å ha omtrent like mykje å sei.

PÅ FOLKEMUNNE vert det sagt at tvillingen som først ser dagslys vert leiaren, og andremann vert ein etterdiltar. Om korvidt dette gjeld for Øyvind og Anders skal vere usagt.

– Vi vart fødd med omlag 33 minutt mellomrom, og Anders var først. Eg hugsar storebroren vår erta meg og sa det var den beste halvtimen nokonsinne, flirer Øyvind.

– Då eg var liten var eg ganske stolt over å vere først. Og det er enno slik at eg framhevar det innmellom, seier Anders på ein lur måte.

Medan Øyvind for augneblinken er ansvarleg redaktør i Studentradioen i Bergen, har Anders tidlegare vore redaktør i studentmagasinet Atrium. Han er no journalist i same publikasjon.

– Eg budde to år lenger heime enn Øyvind, deretter studerte eg engelsk årsstudium i Bø. Dei to første åra i Bergen studerte eg litteraturvitskap. Med andre ord det same som Øyvind har studert tidlegare. No studerer eg sosiologi, seier Anders.

– Som personar er vi ikkje nødvendigvis så ulike. I Bergen har vi i stor grad same type venner. Vi er berre i ulike miljø. Faktisk trur eg vi har vorte likare på dei åra vi budde vekke frå kvarandre, seier Øyvind.

– Ja. På vidaregåande var vi veldig opptekne av at vi ikkje skulle gjere det same. Men når vi var frå kvarandre, kunne vi velje sjølv, resonnerer Anders.

AT FOLK FLEST samanliknar tvillingar, meiner førsteamanuensis Åge Diseth er naturleg.

– Korleis påverkar det ein å vakse opp med ein som er veldig lik ein sjølv?

– Tvillingar kjenner ikkje alternativet til å vakse opp som tvilling. På same måte som ein som kvinne eller mann ikkje har erfart korleis det er å leve som det andre kjønn. Sjølve opplevinga med korleis det er å vere tvilling, er vanskeleg å svare på. Når det kjem til toegga tvillingar er dei like ulike som sysken elles, forklarar Diseth.

Sysken med felles fødselsdag har gjerne fleire ting felles. Men på eit tidspunkt kjem tida for å skiljast. Korleis syskena taklar dette, vil ifølgje Diseth variere.

– Om tvillingparet er av sorten som oppsøkjer nye impulsar og er glad i forandring, kan det hende begge ønskjer å kome i nye sosiale settingar. Men om tvillingparet ikkje er særskilt utforskande og ikkje er glad i forandringar, er det truleg at dei i større grad vil halde fast ved det gamle, seier han.

FORSTÅR SÅ TVILLINGANE sjølv kvifor folk flest er så fascinerte av dei?

– Til ein viss grad forstår vi jo det. Men det er ganske spesielt at folk som vi ikkje kjenner til dømes spør oss på busshaldeplassen «Er de tvillingar?» og «De var utruleg like!». Ein ser ofte korleis blikket til folk flakkar mellom oss, seier Anna, og held fram:

– Ofte får ein spørsmål om korleis det kjennest ut å vere tvilling. Eg har vel enno ikkje funne noko godt svar på dét.

– Det er jo som å ha ei syster, berre at vi er fødd samstundes, seier Eline.

Gutane forstår fascinasjonen. Delvis.

– Eg ville sikkert vore meir fascinert om eg ikkje var tvilling sjølv. Mest fascinerte verkar det eigentleg som om eineborn er, seier Anders.

– Ettersom det i teorien berre skulle blitt fødd éin person, så ser eg jo kvifor folk legg spesielt merke til tvillingar, seier Øyvind.

Kjelder:

Nasjonalt tvillingregister – Folkehelseinstituttet

Boken om Tvillinger av Joan Tønder Grønning

Statistisk sentralbyrå

Wikipedia



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE TEMA