Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Leiar.

Kritikkverdig seminarkø


Som vi skriv i denne vekas Studvest, har det aldri før stått så mange på venteliste til seminarmodellen i ex.phil. som i år. Dette er ein særs uheldig situasjon. Ikkje berre fordi det rammar ferske studentar som er ukjend med universitetssystemet, men fordi universitetet sjølv vektlegg dei positive sidene ved denne seminarmodellen.

Noko av det viktigaste med seminarmodellen er nemleg å gi studentane skrivetrening i å skrive akademiske tekster. Ei slik skrivetrening er vanskeleg å tilegne seg på eigen hand om ein blir tvungen til å ta skuleeksamen med minimal oppfølging.

I universitetet sin informasjonsvideo om ex.phil., seier dei at universitetet legg stor vekt på at studentane sitt første møte med universitetet skal bli bra, både fagleg og sosialt. Med den usikkerheita og forvirringa som rådar rundt opptaket til seminargruppene til ex.phil. desse dagane, er det mange studentar som ikkje opplever dette.

Studentar Studvest har snakka med er skuffa over å gå glipp av diskusjonar i seminargruppene. Andre har fått motstridande beskjedar om dei har fått plass på seminarmodellen eller ikkje. Det er ikkje ein optimal start på utdanningsløpet.

Samstundes bør det påpeikast at situasjonen ikkje er heilsvart. Mange av dei som no står i kø kjem sannsynlegvis til å få plass i løpet av dei neste vekene. Vi anser det også som positivt at universitetet er audmjuke overfor at opptaket kan verte forbetra.

Når alt kjem til alt handlar dette om to ting. Pengar og prioritering. Heile Utdannings-Noreg er for tida i ein særs pressa økonomisk situasjon. Dette gjer det sjølvsagt vanskeleg å ha nok ressursar til god oppfølging og veiledning. Her har både Kunnskapsdepartementet og universitetet sjølv eit ansvar.

Det kan sjølvsagt argumenterast for at det er mange delar av UiB som treng meir pengar. Men ein garantert plass på ei seminargruppe i ex.phil. bør definitivt vere på denne lista.

Universitetet krev ein heilt anna måte å forhalde seg til kunnskap på enn på vidaregåande eller i arbeidslivet. Difor bør universitetet prioritere fellesfundamentet for seinare studiar: ex.phil.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE LEIARAR