Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 26/11 Kl. 16:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Studvest har fått nye nettsider! Se STUDVEST.no
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Leiar.

Ulovleg farvatn


Når mange av studentar må ty til piratkopiering for å gjennomføre obligatoriske studiar, bør skulane endre kurs.

Å studere er ei investering i eiga framtid. Ein set av fleire år til å grave seg ned i bøker på biblioteket, på lesesalen og i eigen heim. Bøker som vert finansiert av Lånekassa, foreldra eller eigne hardt inntente pengar frå deltidsjobb. Ein kan spare mykje pengar på å låne med seg pensum frå vennekrinsen, biblioteket, eller å kjøpe brukt frå andre. At studentane då òg vel å hente fram sparekniven når det kjem til programvare, er ikkje spesielt overraskande.

Ved Norges Handelshøyskole (NHH) og Kunsthøgskolen i Bergen (KHiB), krev skulen at studentane investerer i program som utgjer over tusen og femtusen kroner. Kjetil Bjorvatn, dekan for bachelorutdanninga ved NHH, meiner dette er ei investering studentane bør ta. Då gløymer han at det allereie er investert i pensumbøker, og at kjøpet av program vert ein tilleggskostnad. Lista over kor mykje den månadlege summen frå Lånekassa skal finansiere, har vorte veldig lang. Det er stor grunn til å tru at dette problemet melder seg på Universitetet i Bergen òg.

På NHH er det for ein studentmasse på 2700 hovud ikkje nok maskiner med program. Ergo er studentane fullstendig nøydde til å ta investeringa. Eller? Nei. Med spleiselag blant studiekompisane vert CD-ar kopiert over ein låg sko for å få meir pengar til andre postar. Ikkje er det spesielt rart, men der finst lovlege alternativ. Problemet er at skuleleiinga ikkje legg til rette for det denne billegare og lovlege programløysinga.

Med open source-program som til dømes Open Office kan ein nemleg gjennomføre dei same oppgåvene som med dei dyre pakkane til Microsoft. Desse alternativa kan studentane framleis velge. Læreprosessen vert derimot vanskelegare, ettersom ein ikkje får opplæring i bruken av desse.

For skuleleiinga er det nok enkelt å dytte rekninga over på studentmassane. At KHiB gjer dette er for så vidt meir forståeleg, ettersom ein skal leite godt for å finne open source-program for fotografi-, video- og animasjon. Men når ein først gjer det obligatorisk å bruke slike program, burde ein klare å få til veldig mykje billegare alternativ. Produsentane burde òg sjå sitt snitt til å få ei stor brukargruppe som lærer å sjå nytten av å bruke nettopp deira program. Sannsynet for at dei kjem til å ta med seg det same arbeidsverktøyet når dei kjem ut i arbeidslivet er i alle fall mykje større då.

Kritikkverdige eksamenshøve

I denne vekas Studvest kan du lese om psykologistudentar ved Universitetet i Bergen som hadde eksamen i eit lokale på under 12 grader. Det er liten tvil om at studentane som ynskjer det bør få moglegheit til å ta eksamenen om igjen like etter jul om dei ynskjer det. Eksamen er ein stressande situasjon i utgangspunktet. Det minste ein kan krevje er at elementære ting som lys og varme er som normalt.

Som leiar for Studentparlamentet ved UiB, Helene Christiansen påpeikar, kan det vere vanskeleg for studentar å klage på bråk eller kulde under eksamen. Slik bør det ikkje vere. Det er på tide at studentar får eit grunnleggjande vern om arbeidsmiljøet sitt, både under eksamenslesing og på eksamen.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE LEIARAR